Folkehøgskuleelevar får behalde stipendordninga: – Det er heilt fantastisk

1 hour ago 2



– Vi braut ut i applaus og jubel då vi fekk høyre det, seier folkehøgskuleelev Leonard Horne Vatndal ved Sunnfjord folkehøgskule i Førde.

– Det er heilt fantastisk!

No er det nemleg spikra: Folkehøgskuleelevar får behalde dagens ordning der 40 prosent av lånet blir omgjort til stipend.

Dermed blir forslaget om å kutte stipenddelen ned til 15 prosent, skrota. Det skjedde etter at MDG, Senterpartiet, SV og Raudt forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet.

Nær 40.000 skreiv under eit opprop mot kuttforslaget då det blei kjent.

Kuttet ville nemleg ha ført til at elevar kunne tape opp mot 40.000 kroner i stipend om dei tok eit år ved ein av landets 81 folkehøgskular.

Gruppe mennesker poserer utenfor Alta Folkehøgskole i snødekt terreng. De har på seg vinterklær og viser glede ved å heve armene. Bygget bak dem er moderne med snø på taket. Det er en klar himmel som gir god belysning.

Onsdag var det jubel også ved Alta folkehøgskule.

Foto: Christina Einvik / NRK

– Ville ført til massiv folkehøgskuledød

Rektor ved Sunnfjord folkehøgskule i Førde, Jon Olav Leira, er svært letta.

– Dette er svært viktig for framtida vår, seier han.

En mann står foran en innendørs vegg og ser mot kameraet. Bak ham står en annen person kledd i rødt. Omgivelsene inkluderer en komfortabel sofa og en projektor. Rummet har en lys atmosfære med naturlig lys fra vinduene.

Rektor ved Sunnfjord folkehøgskule i Vestland jublar over at folkehøgskulen si stipendordning held fram.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Leira viser til ei undersøking blant elevane deira som synte at halvparten svarte at dagens stipendordning er avgjerande for om dei ville gå på folkehøgskule.

– Om vi skulle mista halvparten av elevtalet vårt, ville det ha vore dramatisk, seier han og legg til:

– Ei slik endring ville ført til ei ganske stor, massiv folkehøgskuledød i Noreg.

Også mangfaldet ved skulane ville blitt dårlegare om stipendordninga blei endra, meiner rektoren.

Anne Tingelstad Wøien, daglig leder Folkehøyskolerådet

Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, meiner det store engasjementet kring stipendsaka syner kor viktige folkehøgskulane er.

Foto: Svein Finneide

Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet er glad for snuoperasjonen.

Ho frykta kuttet ville føre til at ungdom som hamnar utanfor og sleit psykisk, mista ein arena utan karakterkrav.

– No kan vi halde fram å tilby alle, uavhengig av økonomisk bakgrunn, eit år prega av fellesskap, utforsking og læringsglede, seier ho i ei pressemelding.

Viktig for heile landet

Nord i landet, på Alta Folkehøgskole, er det også stor glede blant elevane.

Elev Oliver Hoffset Solbakken går sitt første år på skulen, og tar dagens nyheit med eit stort smil.

En ung mann står i snøen med et blått yttertøy og grått hettegenser. I bakgrunnen er det snødekte bygninger og trær. Det er julestemning med lys i vinduene på en av hyttene. Solen skinner svakt i en klar himmel.

Elev Oliver Hoffset Solbakken ved Alta folkehøyskole.

Foto: Christina Einvik / NRK

Han meiner stipendordninga får tyding langt utover kvar enkelt folkehøgskule.

– Eg synest det er veldig viktig for samfunnet vårt i framtida, at så mange som mogleg får moglegheit til å gå på ein slik skule, seier Solbakken.

– Det er ganske viktig for mange at ein slik ordning hjelper til økonomisk, seier han.

Frykta for arbeidsplassar i distrikta

Fleire elevar og tilsette ved Namdals folkehøgskole var blant dei som var urolege då kuttforslaget blei kjent.

– Då er det ikkje alle som har råd til desse tinga, så får ein lån og skal kanskje i vidare utdanning etterpå. Då blir det meir og meir lån, og dyrare og dyrare, sa elev Lucas Killian Hauge-Soltvedt.

Skulen frykta at forslaget ville gå utover søkjartala til folkehøgskulane.

Den uroa delte ikkje kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

– Vi har ein stolt tradisjon knytt til folkehøgskuleår, så eg trur norske elevar kjem til å søke seg dit, uttalte ho etter forslaget blei kjent.

Også Risøy folkehøgskole i Tvedestrand og Agder folkehøgskole har uttrykt stor bekymring for forslaget.

Fleire ordførarar har vore på bana. Dei har peika på at kuttet kunne føre til færre arbeidsplassar og svekka distriktspolitikk.

Gloppen-ordførar Arnar Kvernevik uttalte til lokalavisa Firda Tidend at forslaget også ville råke dei med dårlegast råd.

Ordføraren sende brev til kunnskapsministeren, der han oppmoda om å reversere forslaget. Kvernevik meinte forslaget braut med intensjonen i den nye folkehøgskulelova, som slår fast at folkehøgskulane skal vere opne og tilgjengelege for alle.

– Dei beste åra i livet mitt

Ved folkehøgskulen i Førde ladar ungdommane opp til volleyballkamp seinare.

Stipendiat Horne Vatndal er inne i sitt andre år som elev og jobbar som stipendiat i år, som eit slags bindeledd mellom elevar og lærarar.

En gruppe mennesker som spiller tennis

Volleyball er blant linjevala på Sunnfjord folkehøgskule i Vestland. Neste år får elevar halde fram med same stipendordninga som i dag.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

– Alle burde få oppleve det vi opplever her. Dette er dei beste åra i livet mitt. Vi som bur her blir ein familie og får eit veldig sterkt band.

Mats Børja Berg, også han stipendiat, stemmer i.

en person som ser på en annen mann

Leonard Horne Vatndal (til venstre) og Mats Børja Berg meiner alle burde få moglegheita til å gå på folkehøgskule. – Vi blir som ein familie, seier dei.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / nrk

Han seier mange av dagens elevar ønskjer å gjere som han og verte stipendiat neste år.

– Og då hjelper det veldig dersom dei får stipend neste år, seier Børja Berg.

Publisert 03.12.2025, kl. 13.34

Read Entire Article