Nyleg har eg sett alle episodane av «Ølhunden Berit». Serien har fantastisk gode skodespelarar, og er godt regissert. Den set likestillinga i samfunnet vårt under lupa.
Sjølv har eg mange gonger ytra meg om dette emnet, og fått mykje pepper, men også medhald.
Simen Velle, leiar i FrpU tok det opp i ein debatt. Han meinte at samfunnet, som det er i dag, ikkje er tilpassa gutar og unge menn. Han fekk køyrd seg, men hadde sett fingeren på noko som angår mange. Han fekk så mange stemmer av unge menn ved valet, at han suste inn på Stortinget som fast representant.
Vi har sett at skulen ikkje passer så godt for gutar. Dei er dårlegare enn jentene i fleire fag, og det var først og framst dette Simen Velle tok opp. Mange gutar er ikkje klare til å byrje i skulen og sitje stille frå dei er 6 år, eller kanskje berre 5 år.
Ikkje berre det. Seinare dropper dei ut av skulen, og så starter utanforskapen. Så blir dei valt bort av jentene, kjenner seg mislukka, går ikkje ut, men vert sitjande på guterommet og «game» og skrive negative kommentarar på sosiale media.
Mannsroller til å le og gråte av
I fortvilinga søkjer dei damer på nettet, noko som gjerne ender med at dei pengene dei satsar, forsvinn til kjeltringar som driv i denne «bransjen».
Serien «Ølhunden Berit», får fram denne geskjeften på ein interessant måte.
Parallelt med dette så får vi ei historie om ein mann som er fanga i sin egen heim av ei kravfull kone. Han er i «sin del» av svangerskapspermisjonen, og sjølv om han elskar son sin er han deprimert og fortvila. Det blir lite sex på han, for slik er det diverre, at i barseltida har ikkje kvinnene så stor sexlyst. Dei har mykje østrogen i kroppen, noko som gjev evne til omsorg.
Mennene er proppfulle av testosteron som gjer at dei er mykje meir avhengig av sex, og «i slag» heile tida. Korleis går det så i dette tilfellet?
Jau, han stikk ut om nettene. Leiter litt her og der, og til slutt ender han opp i ein klubb for homofile.
Eg stoppar her, for alle bør se denne fantastiske serien.
Så bruker eg dette for å rette søkjelys på likestillinga. Igjen.
Det viser seg at for mange har den gått altfor langt. For den går inn i heimen, og langt under dyna til folk, og der har staten ikkje noko å gjere!
Så den tvungne permisjonsdelen til mannen må bort. For min del kan mannen gjerne ta heile permisjonen, men det skal vere frivillig, ikkje bestemmast av staten.
Vi må ikkje fjerne oss frå biologien, for vi slit ennå med steinaldergener. Det er ikkje lurt å undervurdere skaparverket












English (US)