Utanfor ankomstsenteret i Råde blir det sett opp ei innretning som ser ut som ein portal med kvite røyr. Inni er det plastmaterie som reagerer med stråling og utløyser ein alarm.
Det er ein spesiallaga portal for måling av radioaktiv stråling som er høgare enn den naturlege bakgrunnsstrålinga i naturen.
Portalen er plassert her med tanke på flyktningar og asylsøkarar som har vore utsette for radioaktivitet.
– Målet er å kunne skanne flest mogleg menneske på kortast mogleg tid dersom det skulle skje eit større uhell med radioaktive utslepp, enten i Noreg eller i utlandet.
Det seier Oscar Mork, overingeniør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
Oscar Mork
- Overingeniør
- Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit
På Nasjonalt ankomstsenter i Råde skal alle flyktningar innom for helsesjekk og registrering før dei får opphald og busetting i ein kommune.
Strålemyndigheita DSA og Utlendingsdirektoratet (UDI) samarbeider om varslinga og eventuell måling av personar som kjem til Noreg.
– Dette er ein naturleg stad å tenke at det vil vere ei tilstrøyming av personar dersom det skjer ei større atomulykke i utlandet, seier Mork.
Også ved flyktningmottaket på Gardermoen vil det vere ein tilsvarande skannar.
Krigar nær atomanlegg
Det er situasjonen i Ukraina som blir nemnd som grunn til den auka beredskapen på måling av stråling.
Seinast nå i mai har dronar ramma svært nær Europas største atomkraftverk i Zaporizjzja, i det søraustre Ukraina. Kraftverket blei okkupert av Russland raskt etter invasjonen av Ukraina i februar 2022.
Ein russisk soldat held vakt utanfor det okkuperte atomkraftverket i Zaporizjzja.
Foto: ReutersKraftverket er nå ikkje i drift, og reaktorane er kjølte ned, men det må likevel sikrast mot straumbrot for å unngå fare for radioaktive utslepp.
Ifølge OECDs atombyrå NEA har det berre i år vore fleire straumbrot på Zaporizjzja-anlegget, der dieseldrivne nødaggregat har vore i bruk.
Den norske strålemyndigheita har tidlegare sagt at dei er urolege for ei mogleg nedsmelting av reaktorar i Zaporizjzja.
Her heime vil UDI bli varsla på førehand dersom eit atomuhell skjer, slik at dei er førebudde dersom flyktningar kjem frå det aktuelle området.
Utplasseringa av skannarar som måler radioaktiv stråling er ein del av den nasjonale atomberedskapen i Noreg.
Sovehallen på Nasjonalt aankomstsenter er bygd om frå å ha telt inne i hallen, til å ha avlukke utan tak. Det har auka kapasiteten noko, og betra branntryggleiken.
Foto: Werner Winlund / NRKUsynleg skade
– Ein kan ikkje sjå, lukte eller kjenne radioaktivitet, og derfor trengst det måleutstyr for å oppdage det, påpeikar forskar i DSA, Håvard Thørring.
Dersom det kjem personar til Noreg som har vore utsett for stråling, antar han at det først og fremst vil ramme denne eine personen, men det kan også spreiast til andre.
– Det kan også vere risiko for andre rundt dersom stoffet blir spreidd vidare via klede, hud eller gjenstandar, seier han.
Håvard Thørring
- Forsker
- Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet
Skulle det bli målt for høge verdiar av stråling på ein person, vil konsekvensen normalt vere å dusje med såpevatn og reingjere kleda.
Men om det er snakk om vesentlege stråleskadar, så vil UDI samarbeide med sjukehusa om å ta hand om personane det gjeld.
– I meir alvorlege tilfelle kan det radioaktive materialet gi stor stråledose og dermed auka helserisiko, som må følgast opp.
– Gir tryggleik
Driftsleiar for UDI på ankomstsenteret, Sven Kristian Nissen, er glad for at dei kan tilby denne typen måling av radioaktivitet.
– Dersom det kjem personar som er utsette for radioaktivitet, så er hovudoppgåva å ta imot alle her, seier han.
Sven Kristian Nissen
- Driftssjef, UDI
- Nasjonalt mottakssenter
Han meiner at den nye skannaren også gir auka tryggleik for både tilsette og bebuarar på senteret.
– UDI har tett dialog med strålemyndigheitene, spesielt etter at Ukrainakrigen starta. Det at vi nå styrker beredskapen nasjonalt og får ein skannar på ankomstsenteret, er positivt, seier han.
Publisert 31.05.2026, kl. 08.19












English (US)