Foreslår å avvikle gratis ferjer: – Direkte fiendtleg

8 hours ago 2



Ordninga blei innført for tre år sidan. No vil regjeringa fjerne den.

 Gorm Kallestad / NTB
IKKJE GRATIS: Ferja til Aukra i Møre og Romsdal er blant dei som ikkje lenger blir gratis, om regjeringa sitt forslag blir vedtatt. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 15.10.2025 11:24 Sist oppdatert 1 time siden

Regjeringa foreslår å avvikle ordninga med gratis ferjer. Dette kjem fram i statsbudsjettet for 2026.

Ordninga har gjeldt for samfunn utan vegsamband til fastlandet og ferjesamband med under 100.000 passasjerar i året. Det har vore gratis ferjer på desse sambanda sidan 2023.

– Sambanda som har vore omfatta av denne ordninga, vil framleis vere inkludert i ordninga for reduserte ferjetakstar, som vil seie halverte takstar samanlikna med 2021 med indeksregulering, står det i statsbudsjettet.

– Skapar stor usikkerheit

Arnt Sommerlund er dagleg leiar i Aukra Næringsforum. Aukra er eit av øysamfunna som har hatt gratis ferje dei siste åra.

– Dette skaper stor uvisse for næringslivet på kysten, og også for de som bor her. No vet vi ikkje kva for transportkostnader vi får neste år.

Sommerlund håpar at frekvensen på avgangane i det minste blir som før, og peiker på at aukraværingane er avhengige av ferja.

– Det er det som gjer at vi får folk og varer inn og ut av øya, og det som gjer at vi kan bu og leve, seier Sommerlund.

 Gorm Kallestad / NTB
AUKRA: No må aukarværingane truleg igjen betale for å ta ferja. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Odd Helge Gangstad (Sp) var ordførar i Midsund frå 2015 til 2019, og deretter varaordfører i Molde etter kommunesamanslåinga, fram til 2023. Han fryktar konsekvensane av forslaget.

– Det er utfordrande nok med reisetid, men når du får ei rekning igjen, så fryktar eg for følgene av det, seier Gangstad.

Han meiner at Ap har svikta folk som bur langs kysten.

– I valkampen oppfordra Ap veljarar til å stemme rødgrønt for å behalde gratis ferje. Dei har svikta kysten og veljarane totalt. Det er ein rein bløff, seier Gangstad.

– Distriktsfiendtleg

Ordførar Elisabeth Mikalsen i Røst kommune reagerer også på at ordninga blir fjerna.

– Det er særdeles beklageleg og slik eg ser det, direkte distriktsfiendtleg. Hugs, for oss er ferja einaste veg, seier Mikalsen.

Røst har ferjesamband til Lofoten og Bodø i Nordland.

– Arbeidarpartiets politikk vil med dette redusere bulyst, påføre både folk og næringsliv store utgifter og bidra til sentralisering. Men det er kanskje det som er deira ønska politikk, seier Mikalsen til TV 2.

 Privat
REAGERER: Mikalsen meiner det er distriktsfiendtleg å fjerne ordninga med gratis ferjer. Foto: Privat

Sp reagerer

Senterpartiet reagerer kraftig på vedtaket. Sp var ein av pådrivarane for å innføre gratis ferjer då det kom i 2023.

– Arbeidarpartiet viser sitt sanne ansikt og gir blanke i folk langs kysten. Sist veke ville Ap droppe Stad skipstunnel, no vil Arbeidarpartiet at folk som er avhengig av ferje for å kome seg til skule, jobb og fritidstilbod igjen må betale dyrt for det, seier transportpolitisk talsperson og stortingsrepresentant Geir Inge Lien i Sp.

Lien meiner at Ap bryt eit valløfte ved å fjerne ordninga.

– Seinast i valkampen skrytte Ap-toppar av å ha innført gratis ferje, no fjernar dei ei ordning som har kome folk og næringsliv langs kysten til gode. At Ap-regjeringa blir leia av folk busett på Oslos beste vestkant er no heilt tydeleg. Kor er Arbeidarpartiets folk langs kysten, spør Lien.

Read Entire Article