Forsøks­ordning med skatte­lette skal få fleire unge ut i jobb

4 days ago 18



Victoria Pham (29) er travel med å klargjere ein vegg for måling på Adamstuen omsorgssenter.

Sidan 2023 har 29-åringen vore målarlærling i Oslo kommune sitt APRO-program.

At Pham er yrkesaktiv er ingen sjølvfølge. Det fordi ho er kronisk sjuk.

Med god tilrettelegging og oppfølging gjennom kommunen sitt arbeidstreningsprogram, er det no mogleg for Pham å ta del i arbeidslivet.

No jobbar ho 80 prosent som lærling.

– Eg fekk tilbod om å bli ufør, men sa nei. Eg vil jobbe, seier Pham.

No vil regjeringa få fleire unge ut i arbeid.

Det gjennom ei forsøksordning med skattelette for unge.

Frå trygd til arbeid

Forsøksordninga skal gjere det meir lønnsamt for unge å jobbe.

Ein skattelette vil kunne bidra til at folk tener på å gå frå trygd til arbeid.

Bakgrunnen er regjeringa si bekymring for unge, som står utanfor arbeid og utdanning.

Rundt 102.000 unge under 30 år står i dag er utanfor yrkeslivet eller eit utdanningsløp.

– Veldig mange av dei både kan og vil jobbe, dersom vi hadde klart å legge til rette for det, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

en person med en hvit øredobb

Tonje Brenna meiner det må bli betre tilrettelagd for unge som vil ut i arbeid.

Foto: Lise Åserud / NTB

Noreg står overfor å mangle arbeidskraft i åra som kjem.

Regjeringa håper at eit økonomisk insentiv vil gjere det lettare og meir attraktivt for unge å komme seg ut i arbeid.

Forsøksordninga har ein prislapp på ein halv milliard norske kroner.

– Dersom vi går vidare med dette og vel denne modellen, vil det koste rundt åtte milliardar kroner. Derfor går vi skrittvis fram. Vi treng kunnskap om at det verkar, seier finansminister Jens Stoltenberg til NRK.

Ordninga blir testa ut, før det blir vurdert om det skal bli eit varig tilbod.

Arbeidarpartiet har snudd

Høgre kom med forslag om ein liknande modell i 2021.

Partiet foreslo skattefrådrag for yrkesaktive mellom 17 og 30 år, med mål om å få fleire inn i arbeidslivet.

Arbeidarpartiet var då mot Høgre sitt forslag om skattelette for unge under 30 år.

– Det var store forskjellar og viktige forskjellar. Den viktigaste skilnaden er at vi no gjer eit forsøk. Vi skal teste om dette er noko som fungerer, seier Stoltenberg.

Jens Stoltenberg

Finansminister Jens Stoltenberg meiner at det er viktige skilnadar mellom Høgre sitt forslag i 2021 og Ap sin noverande modell.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Erna Solberg (H) meiner at Arbeidarpartiet ville hatt kunnskapar om ordninga fungerer, dersom dei ikkje hadde avslått Høgre sin modell.

– Då Høgre foreslo skattelette for unge som jobbar, kalla Ap det spinnvilt. Ifølge Jonas Gahr Støre var det både dyrt og dårleg, seier Solberg til NRK:

– Dersom Ap ikkje hadde lagt vårt forslag frå den gong i skuffen, hadde vi no visst om det verkar.

Erna Solberg står på podiet

– Då Høgre foreslo skattelette for unge som jobbar, kalla Ap det spinnvilt, seier Erna Solberg (H) til NRK.

Foto: Lise Åserud / NTB

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna er tydeleg på at den største skilnaden frå Høgre til Arbeidarpartiet sin modell, er at det no er eit forsøk.

– Høgre sitt forslag var ein rein skattekutt-modell. Verda har endra seg mykje på få år, forståinga for alvoret for å få fleire i jobb er mykje større no, seier Brenna.

Samanliknar forsøksordninga med lottotrekning

Ei som er kritisk til forsøksordninga er vararepresentant Ane Breivik (V).

Venstrepolitikaren meiner at forsøksordninga framstår urettferdig.

Ho reagerer på at regjeringa vil velje ut 100.000 tilfeldige unge som får ta del i ordninga.

en person med et skjerf rundt hodet

Ane Breivik samanliknar forsøksordninga med lottotrekning.

Foto: Hanna Johre / NTB

– Dette er lottotrekking. Det er ikkje slik vi bør bygge skattesystemet vårt, seier Breivik til NRK:

Skattesystemet skal vere rettferdig og føreseieleg, ikkje ved å dele ut lodd.

Venstrepolitikaren meiner at prøveordninga bør bli tilbydd heile gruppa, framfor eit knippe utvalde.

– Vi har nok erfaring til å vite at skattefrådrag til unge med låge og middels inntekter har effekt. Det bør ikkje berre bli gitt til 100.000, men til heile gruppa. Her meiner eg at Stoltenberg bommar, seier Breivik.

Positiv til forsøksordninga

Victoria Pham trur at ein skattelette vil vere av stor betydning for å få fleire i arbeid.

Som lærling vil forsøksordninga også virke positivt inn mot hennar eiga lønn.

– Det vil bety mykje for dei som klarer å jobbe. Ein lærling tener mindre enn ein på trygd, seier Pham.

Ho trur ordninga vil bidra til at fleire vil forsøke å komme seg ut i arbeidslivet.

en person som maler en vegg

Pham ville ut i arbeid, trass kronisk sjukdom.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Også NTNU-professor i samfunnsøkonomi Ragnar Torsvik, er positiv til ordninga.

Han var del av skatteutvalet i 2022, som foreslo arbeidsfrådrag for unge.

– Eg er veldig glad for at vi no ser ein prosess der skatteutvalet si utgreiing blir tatt ut av skuffen, seier Torsvik til NRK:

– Det er ein auke av unge som står utanfor arbeidslivet. Det å få kunnskap om korleis vi kan hjelpe dei inn i arbeidsmarknaden er avgjerande.

Publisert 27.05.2025, kl. 15.59

Read Entire Article