Kjellartvillingane

1 day ago 5



Ikkje så stort glas!

Robert R.R. Johansen (30) ser tvillingbroren Reidar fylle glaset med ein kvit «grand cru» burgunder frå 2007.

Dette er ein kostbar vin, så vi treng ikkje veldig store glas, forklarer Reidar.

Eg er på besøk i restauranten på Park Hotel Vossevangen. Her jobbar dei lokale tvillingane Robert og Reidar som vinkelnerar. Brørne er ikledd vanleg arbeidsuniform: dress, slips og vinkelner-pins på kragen.

Og ja, dei er ganske like, dei er jo det. Ikkje heilt som to dropar vatn, meir som to dropar vin som har blitt lagra litt ulikt gjennom åra.

Vi løftar glasa mot nasane våre.

ALLTID LUKTE FØRST: Robert luktar på ein kvitvin frå Fabien Coche Bouillot, Batard- Montrachet, Burgund, Frankrike.

Eplekake, seier Reidar. – Bruna sukker, bakte eple, gjærbakst og smør.

Eg kjenner smaken klistre seg fast til tunga. Han blir verande i munnen lenge. Eplekake? Tja, jo – men også ein eim av fjøs? skog? mose?

Den kvite burgunderen til 3250 kr flaska er langt ifrå den dyraste vinen vi skal smake på i dag. Under golvplankane ligg nemleg titusenvis av svært eksklusive vinar.

Tru det eller ei – men vinkjellaren under Park Hotel på Voss blir rekna for å vere ein av verdas beste.

I fjor vann hotellet den prestisjefylte prisen «Verdas beste vinkart» av magasinet The World of Fine Wine.

Prisen blir ikkje mindre imponerande når vi ser på dei andre kandidatane som hotellet på Voss danka ut i kåringa:

Domaine Les Crayres

Domaine Les Crayères / ADT Marne, CC BY-SA 4.0

Luksuriøse franske slott …

The Barn at Blackberry Farm

The Barn at Blackberry Farm / Beall and Thomas

… fancy amerikanske gardshotell …

et rom med bord og stoler

Eleven Madison Park / KENA BETANCUR / AFP / NTB

… og trestjerners Michelin-restaurantar.

Park Hotel på Voss er ... kva skal ein seie?

Noko anna.

Eit shabby hotell

24 timar tidlegare:

Når eg går inn skyvedøra til Park Hotel, er det svært lite som får meg til å tenkje at dette er ein vindestinasjon av internasjonalt kaliber.

Pianobarens rubinraude estetikk gir assosiasjonar til danskebåten. I trappa, som har ein sterk odør av gammal sigarettrøyk, har nokon fiksa rekkverket med jekkestropp, plankebit og ein plastpose frå Coop Extra.

Park Hotel

Eg får eit rom i tredje etasje. Rommet ser heilt ok ut. Det er sjølvsagt langt unna eit fransk slott, men det får duge ... tenkjer eg heilt til eg går inn på badet og ser eit skjeggkre som ventar på meg i badekaret.

Her går det ikkje an å bu.

Når eg opnar døra til mitt neste rom, slår ein vegg av klor og kraftig vaskemiddel mot meg. Det svir i nasen og eg begynner beinveges å lure på kva slags lukt dei har prøvd å kamuflere her.

Nei, her går det heller ikkje an å bu.

På tredje forsøk blir eg vist til motsett side av hotellet. På veg bort må eg brøyte meg gjennom ein flokk irske ungdomsskuleelevar som er på skiferie på Voss.

Den velkjente osen av tenåringssveitte og Axe spraydeodorant heng igjen på kleda mine når eg kjem inn på rommet.

(I botn av saka svarer leiinga om standaren på hotellet.)

Park Hotel fasade

Når eg legg meg på senga og høyrer rallinga frå naboromma, er undringa til å ta og føle på:

Korleis fekk dette hotellet ei av verdas beste vinsamlingar?

Tårer og frysningar nedover ryggen

Robert og Reidar tar meg med inn på dametoalettet.

Neste år skal Park Hotel totalrenoverast, men enn så lenge er tvillingane sjølvsagt klar over at dei ikkje jobbar på eit hotell i verdsklasse.

– Vi er jo det stikk motsette, seier Robert. – Det er smått flautt. Gjestane kjem ofte til oss og klagar på hotellromma. Da blir det vår jobb å blidgjere dei.

Og no er det nettopp det Robert og Reidar skal gjere. Dei skal blidgjere meg. På dametoalettet. Her inne finst nemleg den hemmelege døra inn til kvelvet som berre tvillingane og to andre kollegaer har åtgang til: vinkjellaren.

I desse mørke, fuktige og kalde romma har dei brukt hundrevis av timar av livet. Kvar einaste vegg er fylt opp frå golv til tak med flasker.

Reidar og Robert Johansen grev fram flasker i vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen

DEN PRISVINNANDE VINKJELLAREN: – Hovudkonkurrentane våre ligg i utlandet: Geranium i København, PM & Vänner i Växjö, Eleven Madison Park i New York og Grand Lisboa-hotellet i Macao, seier Robert.

Det var tidlegare hotelldirektør Jan Bruse Andersen som begynte å samle vin på slutten av 1970-talet. På den tida var interessa for vin noko heilt anna enn i dag, i alle fall i Noreg. Men Andersen hadde teft.

– Han var veldig før si tid på Burgund-vin, forklarer Robert.

Reidar grev fram ei flaske frå ei av hyllene. På etiketten står det «Domaine de la Romanée-Conti 2005».

Dette er det dyraste av det dyraste, seier Reidar.

Raudvin frå vingarden Romanée-Conti i Burgund, Frankrike blir enkelt og greitt rekna som verdas beste og mest eksklusive vin.

Domaine de la Romanée-Conti 2005

LUKSUS: Den dyraste vinflaska som nokon gong har blitt seld var ei flaske Romanée-Conti frå 1945. Ho gjekk for 4,5 millionar kroner på ein auksjon i 2018.

Dette er vinen som folk ligg fleire veker i kø på Aker Brygge, midt på vinteren, for å sikre seg. Og ikkje nok med det, årgangen 2005 blir rekna for å vere spesielt god.

Det er ein fantastisk årgang. Det året var det veldig krevjande forhold; druene vart nesten ikkje modne, men så vart dei modne til slutt likevel. På grunn av klimaendringane vil vi nok aldri få noko slikt igjen, seier Reidar.

Sidan Romanée-Conti berre nyttar dei aller beste druene, vart det berre tappa 5489 flasker frå 2005-årgangen. Dette gjer naturlegvis også sitt utslag på prisen.

På Voss får du ei flaske til 225.000 kroner. Noko som faktisk er eit røvarkjøp. Marknadsprisen for denne årgangen ligg på rundt ein halv million kroner.

Sveip for fleire vinskattar i vinkjellaren. 👉

  • Chteau Lafite-Rothschild, 1976

    CHATEAU LAFITE-ROTHSCHILD, 1976: Denne ikoniske magnusflaska frå Bordeaux var ei av dei første flaskene Jan Bruse Andersen kjøpte til samlinga si. Etiketten har blitt noko slitt, men tvillingane meiner innhaldet framleis er av ypparste kvalitet.

  • Gerard Bertrand Rivesaltes

    GERARD BETRAND RIVESALTES 1895 & 1945: Heitvin frå Sør-Frankrike. Den eldste flaska finst det berre 25 eksemplar av i verda. Park Hotel har nr. 3.

  • Domaine Leflaive, kvitvin

    DOMAINE LEFLAVIE GRAND CRU MONTRACHET: Verdas dyraste tørre kvitvin. Ingen andre kjellarar i verda har fleire ulike årgangar av denne enn Park Hotel Vossevangen.

  • EGON MLLER SCHARZHOFBERGER RIESLING TROCKENBEERENAUSLESE

    EGON MÜLLER SCHARZHOFBERGER RIESLING TROCKENBEERENAUSLESE: Den dyraste halvflaska i kjellaren. Vinen er laga av inntørka, seint innhausta druer og er fire gongar så søt som ein cola. Pris: 62.500 kr.

Reidars personlege vinfavoritt er dessverre utseld, men den rusande dufta sit framleis friskt i minnet.

– Det var ein vårkveld i 2021. Eg tok berre ein sniff, så var det noko som trefte meg, veldig! Tårene pressa på og eg fekk frysningar nedover ryggen.

Reidar veit det høyrest heftig ut, men han samanliknar vinsnusinga med da han vart far, eller opplevde sin første kjærleik.

– Det er i alle fall i den same kategorien: sterke følelsar som ein berre kjenner nokre få gongar i livet. Eg kjenner eg blir prega berre eg snakkar om det. Dufta var som ein bukett av raude frukter.

Reidar og Robert Johansen i vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen

No lurer du sikkert på kva slags vin Reidar smakte?

Svaret er ein La Tâche frå 2003.

Så er du kanskje nysgjerrig på kor mykje denne vinen kostar. Er det ein dyr vin?

Svaret er ja.

Ikkje verdas dyraste, men ikkje langt unna, bokstavleg talt. La Tâche blir produsert i Burgund av druer frå nabomarka til Romanée-Conti, verdas dyraste vin.

Park Hotels vinsamling består av 45.000 vinflasker og Robert og Reidar har tilsynelatande full oversikt. Brørne snakkar på inn- og utpust og fullfører kvarandre sine setningar om vingardar, elvar, dalar, vindruer, produsentar og ulike årgangar.

Robert har skaffa seg den høgaste vinkelner-utdanninga som nokon har i Noreg. Reidar følger like bak; han var eit par poeng unna å bestå den siste og krevjande prøva.

Vinkelnarpins

I oppveksten var det nok ingen som trudde at desse bondske, halvt filippinske tvillingane, som helst likte å daffe rundt i joggebukse, skulle ende opp som to av landets største ekspertar på vin.

Ein alkoholfri familie

Vi set oss i Reidars elektrifiserte Volkswagen og køyrer ut av Voss sentrum, oppover mot fjella, til Dyrvedalen. Her, på eit småbruk ved ei fossande elv, har Robert og Reidar vakse opp.

Mor Didimae og far Ottar møter oss på tunet. Dei viser oss badeplassen, fiskeplassen og marka der sonene for nokre år sidan prøvde å dyrke sine eigne vindruer (utan hell, gav seg etter ein sesong).

Familien Johansen i Dyrvedalen

I barndomsheimen finn vi også Robert og Reidars private vinkjellar, som dei fleste norske restaurantar ville blitt grøn av misunning av.

Med så mange edle dropar i heimen skulle ein kanskje tru at foreldra også hadde eit snev av interesse for vin, men nei:

Eg har aldri hatt noko interesse av drikking, seier far Ottar.

Ingen drikking, ingen røyking, seier mor Didimae og smiler.

... men det er jo kjekt å vere med dei ut på ein god middag, og høyre dei prate om den derre vinen sin. Når dei fortel historia til flaska, og held ho nett som ein baby, seier Ottar og ler.

Familien Rosales Johansen i stua

TRE GENERASJONAR JOHANSEN: Mor Didimae, far Ottar, Reidar, bestemor Målfrid og Robert.

Sjølv om det var lite fermentert drikke å spore i oppveksten, lærte Robert og Reidar seg likevel å sette pris på ulike og komplekse smakar.

Mor lagde filippinsk mat medan far jobba på meieriet og gav oss blåmugg- og gammalost frå vi åtte-ni år gamle, forklarer Robert.

Da dei var 16 år gamle, fekk dei seg jobb på Park Hotel. Dei vaska tallerkenar, plukka sigarettsneipar, kosta garasjen, skifta sengetøy og gjorde det meste av praktiske oppgåver. Vinkjellaren hadde dei derimot lite å gjere med.

Men det var før ein røsleg sicilianar entra hotellet ein vinterdag i 2017 ...

Rot = suksess

Francesco Marzola markerer eit før og etter, både for Park Hotel og tvillingane.

Da han vart tilsett som vindirektør på hotellet, vart det endeleg orden i vinkjellaren. Hotellsjef Jan Bruse Andersen var nemleg ein skikkeleg rotekopp, og hadde overhovud ikkje oversikt over alle flaskene sine.

Dette gjorde at Francesco fann fleire bortgøymde skattar som hadde blitt mangedobla i verdi etter tiår i kjellaren.

Den ferske vindirektøren heldt også vinkurs for dei tilsette på hotellet, mellom anna for 22 år gamle Robert og Reidar.

Kurset var heilt grunnleggande: Kva er høg syre? Kva er kvite og raude druer? Riesling? Åja – det er ei drue, eg trudde det var ein plass, mimrar Reidar.

Reidar og Robert Johansen saman med Francesco Marzola

ELEVAR MED LÆREMEISTEREN: Reidar, Francesco og Robert. Da Francesco forlét hotellet i 2022, tok Reidar over jobben som vindirektør medan Robert vart sjef for restauranten.

Foto: privat

Francesco tente ein gneiste i tvillingane.

Det var så spennande, fordi det handla ikkje berre om smak og sansar, men historie og geografi. Vi slutta å game og vere saman med vennane våre, alt vi ville, var å suge til oss så mykje kunnskap om vin som vi klarte, seier Reidar.

Det er viktig for tvillingane å formidle at god vin ikkje treng å koste skjorta. At det finst mykje som er veldig bra utanfor dei kjente franske vindistrikta Burgund, Bordeaux og Champagne.

Da Robert gifta seg i fjor sommar, vart det servert Riesling til gjestane.

Han er så anvendeleg til alt, forklarer Robert.

Bilde frå Robert Johannesens bryllaup

EIT VINBRYLLAUP: Riesling, men også naturvin frå Alicante, Spania vart servert til hovudretten. – På Park Hotel er dei klassiske vinane fokuset, men på fritida er naturvin meir spennande, forklarer Robert.

Foto: Vilde Fagerland

Men lat oss vere ærlege: Det finst éin grunn til at luksusturistar reiser frå Asia og Nord-Amerika til Voss. Og tru meg: Det er ikkje først og fremst for å bu på hotellet.

Dei vil smake det beste av det beste.

Det beste

Vi er tilbake der denne saka starta, på vinsmaking i restauranten på Park Hotel.

Det har seg slik at hotellet på Voss ikkje berre har vunne pris for verdas beste vinkart. Dei har også vunne pris for å ha verdas beste vinkart på glas. Denne utmerkinga har dei vunne fire år på rad.

Tvillingane brukar eit reiskap som heiter «coravin». Dette instrumentet gjer det mogleg å tappe vinen frå flaska utan å opne ho. Med denne teknologien kan Park Hotel tilby heile 400 ulike vinar på glas.

CORAVIN: Ei tynn nål blir pressa gjennom korka på flaska. Samtidig som vinen piplar ut, blir ein edelgass pumpa inn i flaska. Med denne metoden kan ein bruke den same flaska i to år utan at vinen blir dårleg.

Robert skjenker i glasa frå den dyraste flaska på glasmenyen.

Den mørkeraude veska i glasa våre kjem frå vingarden Chateau Petrus og blir rekna for å vere den beste vinen frå Bordeaux, Frankrike. Denne flaska, av årgangen 2013, blir seld for 67.500 kr i restauranten.

Men om ein ønskjer å spare litt pengar, så kan ein altså nøye seg med å berre kjøpe eit glas til 16.000 kr.

Château Pétrus

Sjølv om vinen allereie har blitt tolv år gammal, så meiner Robert at han eigentleg har godt av å vente ei god stund lenger.

Om ti år hadde kanskje vore eit betre tidspunkt å opne ho, men så er det jo spennande å ha noko slikt på glas. Om vi skal halde fram med å vinne desse kåringane, så må vi tore å satse litt.

Vi løftar glasa mot nasane.

Eg begynte å tenkje på raudt godteri. Desse raude fiskane, seier Robert.

Ok?

Ja, han har stoffleg preg mot godterifrukt. Han står fram som sødmefull og fruktig, litt som raude fiskar som har lege saman med det sure colagodteriet i ein godteripose.

Robert og Reidar Johansen drikk vin

SMAK AV BARNDOM: – Vi har alle sterke smaksminner frå barndomen: bestemors ripssaft, jordbær frå åkeren bak huset, blåbær i skogen. Når vi smakar på vin, assosierer vi ofte til dei minna, forklarer Robert.

Reidar tar eit godt nasedrag og kastar seg på assosiasjonstoget:

Han har desse kryddernotane av eik, men så er det også nokre urter. Eg vil ikkje seie rosmarin, for det er veldig distinkt, men timian og kjørvel. Og kjørvel kan minne om lakris. Eg tenkjer på lakrisgodteri med bringebær ...

Vi ser på kvarandre, og heldigvis set Reidar ord på det vi alle tenkjer:

Ein kan jo tenke seg at vi heller burde ete smågodt, i staden for å drikke vin til nesten 70.000 kr. Men dette er ein kompleks og stor vin, som ein må smake igjen og igjen for å forstå. Eg slit med å finne ord for å skildre han.

Eg tar ein god slurk av glaset. Ein utruleg fyldig smak eksploderer i munnen. Teksturen minner nesten meir om mat enn drikke. Ulikt noko eg har smakt før, men ja ... absolutt veldig godt.

Park Hotel Vossevangen er eit hotell med enorme kontrastar. Det finst nok mange stadar med meir behagelege fasilitetar, men Robert og Reidar har nok ein gong gjort jobben sin:

Dei har blidgjort meg.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Fleire langlesingar frå NRK Kultur finn du her

Publisert 01.06.2025, kl. 10.19

Read Entire Article