Det er populært å segle inn den verdskjente Geirangerfjorden.
Men frå 1. januar i år er det færre passasjerbåtar og ferjer som får sleppe inn i fjorden på grunn av nye reglar som tredde i kraft.
Derfor måtte Geiranger Fjordservice, som tilbyr opplevingar for turistane som strøymer til, brette opp erma.
– Vi har jobba knallhardt for å komme krava i møte, som vi visste ville komme, så det å vere først ute er stas, seier Helle Jensen, dagleg leiar i Geiranger Fjordservice.
Passasjerane naut fjordlandskapet under torsdagens jomfrutur.
Remi Sagen / NRKSkiftar til batteri
Torsdag kunne dei gjennomføre første tur på den nye sightseeingbåten som er tilpassa dei nye krava, og som skal gå i heilårsrute mellom Ålesund og Geiranger.
Hybridbåten har plass til rundt 280 passasjerar, og den skal berre gå på batteri når han er inne i Geirangerfjorden.
Det var fleire blide fjes om bord i båten. Merete Løvoll Rønneberg, formidlingsleiar i Stiftelsen Geirangerfjorden verdsarv synest den nye båten er så stas at ho blei rørt til tårer.
– Eg kjenner rett og slett at eg er kjempestolt over den satsinga Geiranger Fjordservice nå har lagt ned, og det dei har fått til med denne båten, seier ho.
Merete Løvoll Rønneberg i Stiftelsen Geirangerfjorden synest det er viktig å nå dei nasjonale nullutsleppsmåla.
Foto: Remi Sagen / NRKHo rosar arbeidet og meiner det viser veg for mange andre.
– Kvifor er det så viktig for dykk med kravet om null utslepp?
– Dette området her er Noregs einaste verdsarv tufta på natur. (saman med Nærøyfjorden, red. anm.) Da synest vi det er viktig at vi skal prøve å nå desse nasjonale ambisjonane om å vere fyrtårn for beste forvaltning av natur - og kulturmiljø, seier Rønneberg.
– Det er litt spesielt å sitje her og ikkje høyre motorane, men det er veldig kjekt, seier Kristoffer Lystad Sandhol, kaptein på Geirangerfjord III.
Foto: Remi Sagen / NRK– Det er veldig bra for naturen, seier Pernille Muren Knivsflå
Foto: Remi Sagen / NRK– Det er ein båt for framtida, og han tar ein del folk. Så no har vi hjelp til Geiranger, seier tidlegare hotelldrivar Karl Mjelva.
Foto: Remi Sagen / NRK
– Har fjorden berre til låns
Ordføraren i Stranda, Einar Arve Nordang, synest det er fantastisk å få vere med på den første turen. Han seier at det har vore snakka om det grøne skiftet lenge, og han meiner at i Stranda så gjer ein det andre berre snakkar om.
– Nå blir det investert milliardsummar i nye båtar, i kaier, i straumforsyning, for å få dette til. Så dette er kjempespennande.
Nokre stod med flagg då båten kom i land i Geiranger.
Foto: Remi Sagen / NRKDet er plass til 280 personar. Det er heile 25 fotballag, utan innbyttarar rett nok.
Foto: Remi Sagen / NRKDei gjekk for marsipankake.
Foto: Remi Sagen / NRKBatteriet veg 8 tonn. Det er nok best å halde seg unna.
Foto: Remi Sagen / NRKOrdføraren synest det var stas å sitje på kapteinen sin plass. Det kravde ein selfie.
Foto: Remi Sagen / NRKDet er fint i Geiranger. Det kan ingen ta ifrå dei.
Foto: Remi Sagen / NRK
Han seier det er viktig å ta vare på verdsarvområdet.
– Vi har fjorden berre til låns i vår levetid. Og vi har ansvaret for å overlevere fjorden i minst like god forfatning som da vi fekk han.
Men, det er eit men.
– Vi må ha utvikling, vi kan ikkje berre seie at ting skal vere som det var på 60 og 70-talet for den del. Her må det vere ei utvikling, seier Nordang.
Målsetting med regelverket er å ta vare på verdsarvfjordane og gjere turismen meir berekraftig.
For krava som blei gjeldande frå 1. januar betyr at passasjerbåtar og ferjer ikkje lengre får segle fritt i Geirangerfjorden. Dei same krava skal etter planen kome for cruiseskip også i 2032.
Publisert 26.03.2026, kl. 20.05 Oppdatert 26.03.2026, kl. 20.57








English (US)