Fotball­suksessen er ein triumf for den norske, demokratiske likskaps­kulturen

3 hours ago 2



GJESTEKOMMENTAR: Til trenarar og fotballfolk på pilegrimsreiser til suksessland kan vi no seie: Look to Norway.

Etter at Norge knuste Italia og VM-billetten var eit faktum, trakk landslagstrenar Solbakken særleg fram to ting. – Kulturen og samhaldet slår alt, sa han. Foto: Lise Åserud / NTB
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

For mange år sidan, då er var gutespelar i fotball, var eg med på nokre landslagssamlingar. På ein av samlingane var det ein kjent engelsk trenar. Han var autoritær – ein liten feil og armhevingar som straff. Ingen langhåra driblarar likte han. Eg vart flytta frå gruppe to til gruppe fire. I gruppe fire gjorde eg det ganske godt og vart flytta opp att. For der var Even Pellerud, som då hadde trena vesle Grue, men som seinare vart landslagstrenar for det norske kvinnelandslaget som vann VM-gull. Det var ein som såg deg som menneske og rettleia vennleg, ein trenar eg ikkje gløymer. Gjett kven vi lærte mest av?

Det går faktisk an å ha ein barnevennleg og inkluderande modell som også verkar utmerkt sportsleg. Fotballsuksessen er ein tiltrengt triumf for den norske, demokratiske likskapskulturen.

Leiarstilar speglar nasjonale kulturar. I Europa representerer Nederland og England eit ytterpunkt der leiarstilen i fotballen tradisjonelt er konfronterande, distansert og direkte. Norge og dei skandinaviske landa er eit motsett ytterpunkt, kjenneteikna av involvering og ein meir demokratisk leiarstil.

Kan leiarstil ha noko å seie for sportsleg suksess?

«Moving in the Nordic direction»

Norsk idrett, inkludert fotballen, er særmerkt ved at vi inkluderer alle i barneidretten. Ingen selektering, fast nivådeling eller tabellar før ungane er 12. Denne likskapsorienterte modellen er stadig under press fordi mange meiner vi ville gjort det betre med tidlegare topping. Difor græt eg nesten av glede når Ødegaard og Braut storspelar utan å gløyme kvar dei kom frå. Modellen fungerer.

Då eg i januar dette året var på det årlege trenarseminaret Rogaland Fotballkrets arrangerer, var ein av innleiarane og instruktørane frå eit akademi til ein nederlandsk toppklubb. Eg spurde han om topping i barnefotballen der, som eg kjente litt til. Han svarte: «Now we look at Norway. We are moving in the Nordic direction.»

Kontrasten mellom Messi og Salah

Ein av tidenes beste fotballspelarar, Lionel Messi, lovprisar Josep Guardiola, City-trenaren som fleire gonger har blitt kåra til den beste trenaren i verda. Guardiola forstod at Messi måtte få vere Messi. Den fåmælte og svært introverte vesle spelaren trengde trygge rammer for å få utfalde sitt enorme talent i Barcelona. Guardiola gav ikkje berre fotballinnsikt til Messi, men psykologisk tryggleik. Det unike med Guardiola, ifølgje den klassiske fotballpodkasten When we were kings, er at han er like sterk i det pedagogiske som det fotballfaglege.

Kontrasten er stor om vi samanliknar den relasjonen med Mohamed Salah og tilhøvet hans til hollendaren Arnold Slot, no trenar for Liverpool. I førre sesong var Salah toppskårar i Premier League og avgjerande for ligagullet til Liverpool. I haust har han ikkje fått det til. Eit intervju med Salah førre laurdagskveld slo ned som ei bombe. – Slot kastar meg under bussen, sa Salah. «I had a good relationship with the manager. Then all of a sudden we do not hage a relationship. I don’t know why.» Salah var nok for illojal mot klubben. Men Slot verkar same kva ikkje akkurat som ein trenar som prioriterer psykologisk tryggleik.

For nokre år sidan intervjua eg Drillo i ei bok eg skreiv (Fridom, Likskap og Gullkort). Han fortalde at ein av dei norske spelarane i England, Pål Lydersen, kontakta han som landslagstrenar fordi han ikkje forstod kvifor han ikkje fekk speletid i klubben sin. Manageren fortalde han ikkje noko. Det var ein avstand mellom spelar og manager, som ville vore utenkjeleg i Norge, sa Drillo.

Kanskje fleire etter kvart burde «move in the Nordic direction».

Norske trenarsuksessar

Etter at Norge knuste Italia og VM-billetten var eit faktum, trakk landslagstrenar Solbakken særleg fram to ting. – Kulturen og samhaldet slår alt, sa han. Stjernene må stå saman og støtte opp om samhaldet. Solbakken ville frå første dag skape ein kultur spelarane trivst i, samstundes som han klart streka under at det ikkje må verte for snilt. Godt fotball-leiarskap krev fagleg tyngd. Å gje tydelege beskjedar høyrer med.

Solbakken var med i landslagstroppen til Drillo i fotball-VM i 1998, og han har vist til Drillo som eit førebilete med omsyn til leiarstil. Då eg snakka med Drillo, sa han at han ikkje hadde nokon spesiell leiarfilosofi. Men spelarane må trivast, sa han og kom inn på verdien av spelarinvolvering. Drillo sa: «Spelarane, dei kan jo så mykje! Ofte kjem dei med veldig gode råd. Fotballen er ein del av kulturen. Og i kulturen vår er det jo slik at vi er vane med involvering».

Eit grep Solbakken og leiarteamet gjorde, var nettopp å utvide spelarinvolveringa. Dei laga eit spelarutval med heile sju personar, og det har ei viktig rolle.

Tiltrengt triumf

Det går faktisk an å ha ein barnevennleg og inkluderande modell som også verkar utmerkt sportsleg. Fotballsuksessen er ein tiltrengt triumf for den norske, demokratiske likskapskulturen.

I Norge som i Stavanger og Viking har det vore mange år med stong ut. Men kva er betre enn å lukkast etter så mange år med slit.

For eit fotballår dette har vore. Og for eit år det kjem til å bli.

Publisert:

Publisert: 14. desember 2025 20:27

Read Entire Article