Fotgjengar påkøyrt ved gangfelt
Naudetatane i Rana rykker ut til ei trafikkulykke på E6 ved Verkstedveien.
Det opplyser politiet i Nordland. Det skal vere ein fotgjengar som er påkøyrt i eit gangfelt.
I ei oppdatering skriv operasjonsleiar Ina Kristin Selfors at fotgjengaren blit tatt hand om av ambulanse på staden og at det ikkje er mistanke om promillekøyring.