Natt til 8. november 2018 kolliderte det norske krigsskipet KNM «Helge Ingstad» med tankskipet Sola. Fregatten sokk utanfor Øygarden vest for Bergen.
Vaktsjefen på fregatten vart i fjor dømd til 60 dagars fengsel på vilkår.
Medan forsvarsdepartementet saksøkte verftet som bygde fregatten for konstruksjonsfeil.
Nå er det sett eit endeleg punktum for den striden.
Overvakingsbilete publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske møtet.
Forlik: 550 millionar kroner
Forliket inneber ei verdioverføring frå Navantia til Forsvarsdepartementet på inntil 47,5 millionar euro i form av rabattar på kontraktar om teknisk støtte og oppgraderingar av dei norske fregattane, heiter det i ei pressemelding.
Beløpet svarar til om lag 550 millionar norske kroner.
Partane har også inngått ein avtale som sikrar at Navantia fører vidare vedlikehaldsstøtte og oppgraderingar av dei norske fregattane i inntil seks år.
Avtalen er eit resultat av ei rettsmekling under leiing av Oslo tingrett og inneber at alle rettslege prosessar mellom partane blir avslutta.
Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) er nøgd med forliket.
Foto: Tom Balgaard / NRKTilfreds forsvarsminister
– Eg er tilfreds med at denne saka har funne ei løysing. Navantia har i fleire tiår vore, og vil framleis vere, ein viktig leverandør til forsvarssektoren og understøttinga av dei norske fregattane. Vi ser nå fram til å kunne styrke denne relasjonen ytterlegare i tida framover, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap).
Navantia er eit statseigd spansk selskap som bygger og held ved like avanserte militære fartøy og forsvarssystem. I tillegg til å ha levert dei fem fregattane, har dei sidan 2013 levert vedlikehaldstenester for dei norske fregattane i Fridtjof Nansen-klassen gjennom ulike rammeavtalar.
Forsøket på å redda fregatten etter kollisjonen enda med at skipet sokk.
Foto: Kystverket, Kystvakten/Forsvaret– Navantia er fornøgd med å ha vorte samde om ein avtale som avsluttar denne saka og forlenger samarbeidet vårt med Noreg. Dette gir oss høve til å bruke ekspertisen vår for å styrke europeisk forsvar og kollektiv sikkerheit, og støtte kundane våre, seier Navantias styreleiar Ricardo Domínguez i pressemeldinga frå departementet.
Kravde 13,3 milliardar – fekk ein halv
Staten kravde opphavleg 13,3 milliardar kroner i erstatning for konstruksjonsfeil på fregatten KNM Helge Ingstad.
Det spanske verftet designa og bygde dei fem fregattane i Fridtjof Nansen-klassen, inkludert KNM «Helge Ingstad».
Flenga i sida vitna om kollisjonen med tankskipet «Sola TS» i november 2018.
Foto: Jon Bolstad / NRKFregatten fekk ei stor flenge i skroget, og ei veke etter ulykka sokk han. I mars 2019 blei han heva, og vraket blei seinare hogge opp.
Forsvarsdepartementet meinte at konstruksjonen til fregatten bidrog til at han gjekk tapt, mens verftet på si side meinte at problemstillinga blei avdekt før ulykka, men at dette ikkje blei følgt opp.
Høyr «Heile historia» her:
Publisert 02.06.2025, kl. 19.44 Oppdatert 02.06.2025, kl. 21.56