Frifunnen for falsk forklaring etter påstått valdshending i Nygårdsparken

4 hours ago 1



Det kjem fram i ein dom frå Hordaland tingrett onsdag.

Ali hevda først at han hadde blitt utsett for rasistisk motivert vald av fem til sju ukjente menn i Nygårdsparken 22. september i fjor.

Seinare viste etterforskinga at Ali ikkje har opphalde seg i Nygårdsparken på det tidspunktet, men hadde køyrd forbi på elsparkesykkel.

Retten konkluderer med at eit fall på sparkesykkel skal ha påført han skadane han fekk i ansikt og munn.

Konklusjonen er difor at forklaringa var uriktig.

Men retten har lagt til grunn at ein kvar rimeleg tvil skal kome tiltalte til gode, og frifinn Ali for falsk forklaring.

 aktor Per Øyvind Valland i rettssaka mot Hamse Ali.

Aktor og politiadvokat Per Øyvind Valland (bak) bad om frifinning undervegs i rettssaka.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Bad sjølv om frifinning

Undervegs i rettssaka gjekk aktoratet frå å ønske å få tiltalte dømt, til å sjølv be om frifinning.

Det skjedde etter sakkunnig, nevropsykolog Knut Dalen, hadde lagt fram sin rettsmedisinske rapport, som slo fast at Ali kan ha lidd av falske minner.

– Personar som både er utsette for akutt inntak av alkohol og hovudtraume, er særleg utsette for dårleg hukommelse, falske minner og «blackouts», konkluderte Dalen.

Dalen konkluderte med at slaget mot hovudet, i kombinasjon med alkoholpåverknad, kan ha påverka verkelegheitsforståinga til Ali.

– Retten har vist ein grundig, god og interessant gjennomgang av fenomenet falske minner, erkjente politiadvokat Per Øyvind Valland.

Retten fann at det var rimeleg tvil om forklaringa til tiltalte var uriktig med vilje, eller grunna forvirring etter fallet.

Ali blir difor frifunnen, står det i dommen.

Stedet i Nygårdsparken i Bergen der Hamse Ali mente å ha blitt overfalt

Data frå elsparkesykkelselskapet Ryde viser at Ali køyrde gjennom Nygårdsparken den gjeldande natta.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Oppheldt seg aldri i Nygårdsparken

Ali møtte opp på Bergen legevakt med skader i ansiktet morgonen 22. september.

Politiet vart tilkalla og Ali forklarte seinare i avhøyr at han hadde blitt lagt i bakken i Nygårdsparken, og blitt slått og sparka av fem til sju ukjente menn. Han meinte også at dei kom med rasistiske utsegner.

I etterforskinga har trafikkdata frå elsparkesykkelselskapet Ryde vist at han køyrde gjennom Nygårdsparken, og at han deretter har bråstoppa og falle ved Vågsalmenningen.

Retten konkluderer difor med at skadane hans er frå fallet, og ikkje frå den påståtte valdshendinga.

Publisert 05.11.2025, kl. 12.59 Oppdatert 05.11.2025, kl. 13.39

Read Entire Article