Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har for andre gong sendt brev til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité om oljefondet sine investeringar knytt til Israels krigføring i Gaza.
Komiteen har bedd han svare på om han gav Stortinget gode nok svar om investeringar i selskap som lagar eller held ved like våpen brukt i krigen.
Finansministeren svarer andre gong på kort tid
Dette er andre gong på kort til Stoltenberg svarar komiteen.
21. august sende finansministeren sitt fyrste brev til Stortinget, men fleire parti meinte han ikkje svarte godt nok på spørsmåla.
I brevet tysdag, viser Stoltenberg til arbeidsfordelinga mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Etikkrådet.
Peter Frølich (H).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBHan skriv at ansvaret ligg hos dei to sistnemnde, og at departementet ikkje gjer eigne vurderingar av enkeltselskap.
Det svaret er ikkje leiaren av kontrollkomiteen, Peter Frølich nøgd med.
– Nok ein gong unnlèt Stoltenberg å svare konkret på kva informasjon han har fått, når han fekk den og kva han gjorde med den, seier Frølich.
Han legg til at det kan bli aktuelt med ei høyring viss Stortinget skal få dei opplysningane komiteen meiner mangla.
Kontrollkomiteen bør opne sak
Grunde Almeland (V) som også er medlem av kontrollkomiteen, meiner svara til finansministeren ikkje er tilfredsstillande.
Han meiner det er for lett å peike på Etikkrådet og Noregs Bank.
– Stortinget må forhalde seg til Stoltenberg som den øvste ansvarlege statsråden i spørsmål om regelverket, ikkje Etikkrådet eller Noregs Bank.
Han legg til:
– Difor er det relevant å spørje om kva Stoltenberg har gjort for å sørge for at også Stortinget fekk den informasjonen vi trong for å sikre eit tydeleg regelverk.
Også Almeland meiner at kontrollkomiteen bør opne ei eiga sak for å kome til botn i spørsmålet, og at dette bør skje kort tid etter valet.
Grunde Almeland (V).
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBSV: Stoltenberg gjorde for lite
SV-leiar Kirsti Bergstø meiner svara til Stoltenberg er for passive.
– Når brannalarmen går, søv ein ikkje vidare. Når alarmen gjekk i Gaza, gjorde Stoltenberg lite. FN og mange norske aktørar var tydelege, men finansministeren gjorde så godt som ingenting for å forsikre seg om at Noreg ikkje bidreg til folkemord, seier ho.
Kirsti Bergstø, leiar i SV.
Foto: Paul S. Amundsen / NTBHo meiner Stoltenberg skapte inntrykk av at alt var i orden utan å kontrollere opplysningane, og at det var fyrst etter pressa sine avsløringar i sommar at departementet reagerte.
– Det er ubegripeleg slapt, seier ho.
I sommar var Oljefondet gjenstand for debatt etter at investeringar med mogleg tilknyting til krigen i Gaza vart kjent.
Raudt: – Full ansvarsfråskriving
Også partiet Raudt er kritiske til finansministerens svar.
– Det er full ansvarsfråskriving. Stoltenberg innrømmer sjølv at han ikkje har gjort noko for å sikre at retningslinjene blei følgt slik Stortinget har føresett, seier Seher Aydar i Raudt.
Ho reagerer særleg på at finansministeren ikkje vil seie om det israelske selskapet Bet Shemesh fell innanfor retningslinjene.
Seher Aydar i Raudt
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBBet Shemesh er eit israelsk selskap som held ved like kampfly brukt i bombinga av Gaza.
Publisert 02.09.2025, kl. 16.29 Oppdatert 02.09.2025, kl. 17.47