Front mot front på E10 i Lofoten

2 hours ago 4



Naudetatane rykker ut til ei trafikkulukke ved Alstad i Vestvågøy kommune på E10 i Lofoten laurdag ettermiddag.

E10 er stengt på staden.

Det skal vere snakk om ein front-mot-front-kollisjon, der to køyretøy og sju personar skal vere involverte.

Det er ikkje meldt om personskadar, skriv politiet sin operasjonssentral.

Oppdatering kl. 14:40.

Politiet er framme på staden. Ulukka skal ha skjedd på Knutstadbrua. Bergingsbil er på staden.

Det er kø på begge sider av brua, ifølgje politiet.

Read Entire Article