Frykt for pronomen er sløsing av tid

5 days ago 14



Hadde me brukt like mykje energi på bemanning, spesialpedagogikk og lærararbeidsro som på å frykte pronomen, hadde me kome langt, skriv Tormod Gilje Rossavik.
  • Tormod Gilje Rossavik

    Sandnes

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Eg opplever det ikkje som eit stort problem at unge menneske prøver ut identitet, språk eller uttrykk. Det har dei alltid gjort. Forskjellen er mest at me vaksne før i tida ikkje laga kronikkar om det kvar gong me blei litt utrygge.

Akkurat som Pål Morten Borgli, er eg ein gammal mann på 57 år frå Sandnes. Lærar, faktisk. Eg omgåst unge folk kvar einaste dag, heilt frivillig, og eg kan melde at verda ikkje har gått i oppløysing av den grunn.

Det var faktisk meir problematisk på 80-talet, då ein kunne stå på ruten i MC-jakke, høyre på AC/DC og prøve å smalltalke med ei fin sossedame i Ball-genser – utan verken tryggingsnett eller rettleiingar.

Det blir hevda at dette handlar om biologi, realitetar og «den harde sanninga». Eg underviser i skulekvardagen, ikkje i ideologi, og har til gode å sjå at ein elev har blitt psykisk skada av at ein vaksen valde å bruke litt skjønn, litt respekt – og litt sunn fornuft. Tvert imot: Det er ofte dei mest bastante vaksne som skaper uro, ikkje dei fleksible.

At offentleg tilsette må forhalde seg til kontekst og situasjon, blir framstilt som eit slags rollespel. Eg vil berre minne om at heile yrkeslivet vårt består av nettopp det: å lese rommet, bruke profesjonelt skjønn og ikkje seie alt ein meiner til alle til ei kvar tid. Det heiter ikkje ideologi – det heiter folkeskikk.

Når det gjeld språk: Ingen har teke frå noka mamma, pappa, gut eller jente. Det er framleis lov å bruke heilt vanlege ord, og barn er langt meir robuste enn me tydelegvis trur – så lenge vaksne sluttar å late som om språket kollapsar kvar gong verda blir litt meir mangfaldig enn på 70-talet.

Og ressursbruken, ja. Eg har vore i skulen lenge nok til å vite at det finst mange større tidstjuvar enn ei rettleiing frå Bufdir. Hadde me brukt like mykje energi på bemanning, spesialpedagogikk og lærararbeidsro som på å frykte pronomen, hadde me kome langt.

Til slutt: Det var faktisk meir problematisk på 80-talet, då ein kunne stå på ruten i MC-jakke, høyre på AC/DC og prøve å smalltalke med ei fin sossedame i Ball-genser – utan verken tryggingsnett eller rettleiingar. Me rota oss gjennom det òg. Ungdom har alltid testa grenser. Dei fleste vaksne har alltid overlevd. Å vera tydeleg er ikkje farleg. Men bastante vaksne som trur dei representerer «verkelegheita» aleine, har sjeldan vore spesielt trygge haldepunkt for unge menneske. Me må kunne skilje mellom symbolpolitikk og kvardagsliv.

Publisert:

Publisert: 6. januar 2026 09:50

Read Entire Article