Frykta butikkdød utan alkoholsal – pustar letta ut

5 hours ago 1



– I ei usikker tid er beredskap viktig og lokalbutikkane speler ei viktig rolle. Med dette bidrar vi til føreseielegheit for mange distriktsbutikkar, seier Helge André Njåstad i Frp.

Fleire fjernbetente butikkar, ofte på bygda, har frykta at dei måtte legge ned.

Statsforvaltaren i Agder og Helsedirektoratet har vore tydelege på at det ikkje er lov å selje alkohol utan fysisk betening. I Noreg er det strenge reglar for kjøp av alkohol.

150 daglegvarebutikkar i Noreg har fjernbetjent teknologi. Alle med statleg støtte frå Distriktssenteret.

En mann som sitter i en stol

SNAKK MED KUNDANE: Heime i godstolen kan kjøpmannen Håkon Nordeng snakke med kundane sine.

Foto: Leif Hallgeir Dalen / NRK

Sikrar fleirtal

Nå ser det likevel ut til å snu i Stortinget. Senterpartiet har gått saman med SV, MDG, Høgre, Venstre og Frp for å sikre fleirtal i Stortinget.

– Høgre er lei av at alkohollova har blitt så firkanta at folk mistar respekt for ho, og derfor vil vi ha ei skikkeleg gjennomgang og modernisering av lova, seier Erlend Svardal Bøe i Høgre.

Venstre meiner fjernbetente butikkar har komme for å bli.

– Da må vi sørge for at ikkje omstendelege lover og reglar set kjeppar i hjula på ei ordning som fungerer godt, seier Grunde Almeland (V).

Letta

Dermed kan kjøpmannen i Gjøvdal, Håkon Nordeng sleppe bekymringane han har hatt.

– Det betyr at vi slepp å omlegge drifta med meir fysisk betjent bemanning som vi ikkje har råd til, seier Nordeng og fortset:

– Om vi skal ha betent bemanning i den tida vi kan selje alkohol, så må vi utvide mykje med talet på tilsette. For ein liten butikk som vi er, så er det ikkje økonomi til det.

Etter åpningstiden kan Kjøpmann i Gjøvdal Handel, Håkon Nordeng, åpne for kunder fra mobilen og snakke med kundene ved kassa.

Sjølv meiner han at han har hatt full kontroll på alkoholsalet.

I ei lita bygd der alle kjenner alle, er det ikkje noko problem for Nordeng å ha kontroll, fortel han til NRK.

– Det er hundre prosent trygt. Eg har aldri tvilt, meiner Nordeng.

En mann i en butikk

HÅPAR PÅ OPNE DØRER: Kjøpmann Nordeng håpar kommunen vil spele på lag med butikken og ikkje lukke døra for ølsalet.

Foto: Leif Hallgeir Dalen / NRK

Dagleg leiar på Joker Nes Verk i Tvedestrand Elisabeth Dawson, seier dei har investert 1,5 millionar kroner for å gjere butikken fjernbetjent.

Butikken er utstyrt med 38 kamera.

  • Bilde av et skilt hvor det står "Åpne døren med fingeravtrykk"

    Leif Hallgeir Dalen / NRK

    Tilgang

    Ved inngangspartiet til en delvis fjernbetjent butikk vil du se at det er en kortautomat.

    Der scanner du bankkortet ditt, eller mobilen din, og slik låser du opp butikken (etter ordinær åpningstid).

    Ved noen butikker kan du også få tilgang med å scanne fingeravtrykk.

  • Kjøp av akohol i butikk

    Gorm Kallestad / NTB

    Inne i butikken

    Når du kommer inn i butikken handler du på vanlig måte.

    Du avslutter handelen i den selvbetjente kassen.

    Her er det enkelt å få hjelp via kamera og høyttaler dersom du trenger bistand og det ikke er betjening tilstede i butikken.

    Du skanner alle varene dine og betaler og bruker deretter kvitteringen til å låse deg ut av butikken.

  •  Terje Pedersen / NTB

    Terje Pedersen / NTB

    Hel- eller delvis fjernstyrt

    Delvis fjernbetjent butikk betyr at det i butikkens ordinære åpningstid vil være ansatte tilstede i butikken.

    Kommer du å handler i dette tidsrommet kan du med andre ord få fysisk hjelp i butikken.

    I den tiden butikken er åpen uten at ansatte er tilstede er butikken knyttet opp til en kontrollsentral som er tilgjengelig kontinuerlig og kan bistå ved behov.

Utanfor lovverket

Sal av alkohol i fjernbetente butikkar er utanfor lovverket, har statsforvaltar i Agder, Gina Lund, opplyst til NRK.

Lund går ut med ei klar melding til alle kommunane i Agder.

– Det er ikkje lovgrunnlag for å selje øl frå fjernbutikk, seier Lund til NRK.

Det seier også Helsedirektoratet:

– Vi meiner at det ikkje kan seljast alkohol når det ikkje er fysisk personale til stades i salssituasjonen, seier Øyvind Giæver, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Publisert 27.11.2025, kl. 09.54 Oppdatert 27.11.2025, kl. 10.41

Read Entire Article