Fryktar ingen kjem tilbake: – Dei trur dei får eit betre liv i byen

1 day ago 2



– Det må skje eit mirakel om det skal flytte fleire hit.

Alexander Noorgaard (17) er den einaste kunden i sin lokale bokhandel i Seljord her han har vakse opp.

Tre tegnede hjerter

Bak kassa står mora til ein tidlegare klassekamerat, så dei to slår like gjerne av ein prat.

Det er desse møta Alexander liker aller mest ved å bu på bygda.

Sjølv er han heilt sikker på at han vil busette seg her, men opplever at det er få på hans alder som vil det same.

en mann og en kvinne i en butikk

– Det er trasig nok mange som flyttar vekk og trur dei vil få eit mykje betre liv i byen, sukkar han.

Nå må han sjølv flytte for å fullføre vidaregåande og studiar.

Men han er bekymra for korleis det vil gå med heimkommunen Seljord på knappe 3.000 innbyggarar mens han er borte.

tegnede tagger

100 unge har delt sin hjartesak

Alexander er éin av hundre personar mellom 16 og 30 år som har sett seg ned i NRKs rosa hjarteboks denne sommaren.

Boksen har vore på turné frå Arendal til Bodø, der målet har vore å gje unge moglegheit til å dele si hjartesak før valet.

Her kan du høyre kva Alexander delte i boksen:

Meiner eit mirakel må til

Alexander ruslar frå bokhandelen, til kulturhuset, forbi ein campingplass og ned til vasskanten.

Han blir lokka av rolege omgivnader, vakker natur og ein stad der alle kjenner alle.

– Eg håpar eg kjem tilbake til det same som eg forlét, i tillegg til ein nyoppussa skole og litt fleire folk.

en person som spiller piano

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Men den vidaregåande skolen i kommunen blei til dømes lagd ned for ikkje lenge sidan og befolkninga blir stadig eldre.

Skal det flytte fleire hit, meiner han at eit mirakel må til.

Mirakelet håpar han for eksempel kan vere betre kollektivtransport eller fleire jobbar folk vil ha.

en gutt som står på en vei

Han meiner politikarane må satse meir på Bygd-Noreg og gjere det attraktivt å bu her.

Med det meiner han at bygda må ha barnehagar, skular, butikkar, kulturliv og eit godt helsetilbod.

Dette meiner partia:

  • Grafikk Arbeiderpartiet

    Arbeiderpartiet

    Arbeidarpartiet vil sikre at folk bur og arbeider over heile landet. Alle kommunar skal ha like god velferd. Statlege arbeidsplassar skal som oftast leggjast utanfor Oslo.

    I Nord-Noreg skal innbyggjarane få rabatt på fly, og i Nord-Troms og Finnmark skal òg barnehagelærarar få mindre studiegjeld.

    Byane skal få betre kollektivtilbod, fleire bustadar og hjelp til å jamne ut sosiale forskjellar.

  • Partileder Høyre

    Høyre

    Høgre er oppteken av gode tenester og levande næringsliv over heile landet.

    Høgre satsar på dei mindre byane og regionsentra. Dei vil sjå på om folk i Nord-Troms og Finnmark heller burde få meir i skattelette enn gratis barnehage og ferje.

    Statlege arbeidsplassar skal ut av Oslo-området. Byane skal få byggje bustadar enklare og meir hjelp til sosiale utfordringar.

  • Grafikk Venstre

    Venstre

    Venstre vil ha offentlege tenester nær innbyggjarane. For å få fleire til å flytte til distrikta, skal òg barnehagelærarar og helsepersonell få sletta delar av studielånet.

    Nye statlege arbeidsplassar skal som oftast leggjast utanfor Oslo-området.

    Byane skal få grønare kollektivtransport og følgje opp område med sosiale utfordringar.

  • Partileder SV

    Sosialistisk Venstreparti

    Sosialistisk Venstreparti vil at folk skal leve gode liv i bygd og by. Alle kommunar og fylke skal få meir pengar for å tilby gode tenester.

    SV vil styrkje distrikta og motarbeide sentralisering av tenester. Fleire statlege arbeidsplassar skal flyttast.

    I Nord-Troms og Finnmark skal barn få gratis kulturskule. Byane må få betre kollektivtilbod og støtte område med store levekårsutfordringar.

  • KRF Partileder

    Kristeleg Folkeparti

    Kristeleg Folkeparti vil at det skal vere mogleg å bu, arbeide og drive næringsliv og få eit godt velferdstilbod i by og bygd.

    Det må vere gode vegar, mobildekning og breiband i heile landet. Byane skal få betre kollektivtrafikk og hjelp til å takle område med sosiale utfordringar.

    Statlege arbeidsplassar skal ut av Oslo. Veterinærar som bur lenge i utkantstrok skal få delvis sletta studiegjeld.

  • Grafikk Senterpartiet

    Senterpartiet

    Senterpartiet er oppteke av gode liv i by og bygd. Folkeveksten skal skje utanfor pressområde som Oslo.

    I regjeringa har partiet fått til lågare barnehageprisar, ferje- og flyprisar, og sletting av studiegjeld i 189 kommunar.

    Folk i Nord-Troms og Finnmark skal få meir skattelette. Fleire statlege arbeidsplassar skal ut av Oslo. Arbeidsgjevarar i distriktsbyar skal få lågare arbeidsgjevaravgift.

  • Grafikk Fremskrittpartiet

    Framstegspartiet

    Framstegspartiet er imot å blande seg inn i kvar folk skal bu.

    Dei vil gi kommunar i byer og distrikt meir kontroll over skatteinntekter og naturressursar. Dei som støttar lokal næringsutvikling skal bli belønna.

    Skule, barnehage og sjukeheim skal få pengar etter kor mange innbyggjarar det er. Kommunar må sjølve vurdere om dei greier å levere tenestene dei skal, eller om dei skal slå seg saman.

  • Grafikk Miljøpartiet det grønne

    Miljøpartiet Dei Grøne

    Miljøpartiet Dei Grøne er opptekne av godt kollektivtilbod, breiband, velferd, næringsliv og miljøvennlege jobbar i heile landet.

    Det er særleg viktig for tryggleik og beredskap at folk vil bu, utdanne seg og arbeide i Nord-Noreg.

    Fleire statlege arbeidsplassar skal leggast utanfor Oslo. Byane skal få hjelp til å løfte område med store levekårsutfordringar.

  • Grafikk Rødt

    Raudt

    Raudt er for å bygge opp distrikta og imot å sentralisere alt frå sjukehus til skular. Kommunar og fylke skal få meir pengar, særleg i distrikta, og lokalt næringsliv skal støttast.

    Statlege arbeidsplassar skal flyttast ut i heile landet. Vi må satse i Nord-Noreg for å forhindre fråflytting, sikre norsk suverenitet og sikre berekraftig bruk av naturressursar.

Flyttar dit det bur mange

Dessverre for Alexander, tyder alt på at det berre vil bu færre og færre på bygda framover.

Det seier både Statistisk sentralbyrå og Knut Vareide som forskar på regional utvikling ved stiftinga Telemarksforsking.

– Folk flyttar heller til ein stad det bur mange, enn ein stad det bur få fordi det er betre tilbod i byane, seier Vareide.

en mann som står utenfor en bygning

Alexander fryktar at ingen han har vakse opp med kjem tilbake.

Om dei likevel kjem heim, vil ikkje det åleine redde befolkningsnedgangen.

Bygda treng nemleg at du vervar ein venn, i tillegg til å sjølv komme heim, ifølgje forskar Vareides rapport.

Vareide påpeikar uansett at dette er ein prosess som tar lang tid.

Tegnede blå og grønne streker.
Et polaroidbilde av en gutt i hvit t-skjorte med rosa bakgrunn. Det står "bygda" på polaroid-bildet.

Alexander håpar på liv i bygda i mange år til, men at det offentlege tilbodet blir særleg betre i framtida, meiner forskar Vareide det er urealistisk å håpe på.

– Kor mange fleire folk ønsker du deg?

– Nei, så lenge bygda ikkje døyr, er eg fornøgd, svarer Alexander.

liten sikksakk grafikk

Har du ei hjartesak? I valomaten kan du sjå kva dei ulike partia meiner om det du bryr deg mest om.

Hei!

Takk for at du las saka mi!

Har du tankar om saka du har lese eller innspel til nye saker? Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 31.08.2025, kl. 08.26

Read Entire Article