Fyrste landstreff for russen: Møtt av brannvesenet

1 week ago 21



Nå kan eg berre kose meg og vite at vi blir tatt vare på, seier Tobias Hustad frå Molde.

en mann som sitter i en bil

Tobias Hustad seier han kjenner seg trygg

Foto: Tomas Berger / NRK

Han er ein av 6.000 russ som fredag ettermiddag og kveld kjem til Fredriksten Festning i Halden. Og i år får alle russebussane ei viktig gåve frå brannvesenet.

Landstreffet her er starten på russetida for avgangselevar frå heile landet. Blant dei er Ida Kvernland Sørkilflå og Amalie Kveli Macedo som har tatt turen frå Steinkjer.

– Bussturen har vore litt lang. Det har vore veldig kaldt. Vi er veldig trøytte, seier Sørkilflå til NRK.

Ifølge jentene er det tradisjon på den vidaregåande skulen i Steinkjer at russebussane startar russetida på Fredriksten Festning. Nå er dei klare for ei helg med fest og moro.

Vi skal kose oss, og så er det veldig fint vêr, så vi blir tane. Vi er frå ein ganske liten by, så det er artig å møte litt andre folk òg, fortel Sørkilflå.

En gruppe kvinner som poserer for et bilde

Jentene frå Molde har tatt turen til Halden for ei helg med fest og moro.

Foto: Tomas Berger / NRK

Fekk besøk

Like etter ankomst på russetreff-området fekk dei eit overraskande besøk av brannvesenet.

Halden Brannvesen har nemleg utstyrt seg med røykvarslarar og tatt turen til festninga.

– Å ja, det visste ikkje vi, seier Macedo før ho snur seg og ser ein splitter ny røykvarslar i taket.

– Det er bra. Det gir oss ei sikkerheit, konkluderer Macedo.

Branninnspektør Philip Ramsay viser frem røykvarsler

Branninspektør Philip Ramsey inspiserer russebussane på Landstreff Fredriksten.

Foto: Tomas Berger / NRK

Philip Ramsey er branninspektør i Halden, og har med seg røykvarslarar til alle russebussane som inntar den gamle festninga.

– Vi veit at ungdommane skal nytte bussane til overnatting, så da er det veldig viktig at dei kan få tidleg varsling om noko skulle skje, fortel Ramsey.

Ifølge Halden Arbeiderblad har det aldri vore så mange russ som har hatt planar om å overnatte inne på landstreff-området. Derfor er branntryggleiken ekstra viktig i år.

– Det er veldig viktig. Vi får håpe at røykvarslarane blir ståande heile helga, og håpar at alle får ei flott russefeiring her på Fredriksten, seier Ramsey.

Luftfoto av en parkeringsplass

Russebussane hadde fredag ettermiddag begynt å fylle opp plassen på Fredriksten Festning.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

– Strengare krav

Dei siste åra har fleire russebussar tatt fyr i løpet av russetida.

Slike hendingar håpar Ramsay at ein slepper på Fredriksten festning i år.

Brannvesenet inspiserer derfor alle russebussane og kontrollerer branntryggleiken. Alle bussane er lovpålagt å ha med seg brannsløkkingsutstyr.

Til så lenge har det vi har sett faktisk vore veldig bra. Det har blitt strengare krav på korleis bussane skal vere. Vi har ikkje spesiell kompetanse på det, men vi ser at sløkkemiddel er dei ofte veldig gode på, fortel Ramsey.

Ein av dei som har fått besøk av Ramsay er Molde-russen Tobias Hustad.

Han skal sjølv sove i russebussen i helga, og kjenner seg tryggare nå som dei har røykvarslar i taket.

Eg set ganske stor pris på at dei sørger for at vi er trygge med å installere brannvarslarar i bussane, seier Hustad til NRK.

Publisert 25.04.2025, kl. 20.03

Read Entire Article