Går viralt etter OL-kritikk: – Me krev likestilling

2 hours ago 1



Om tre veker startar OL i Milano og Cortina. Det skal bli delt ut medaljar i 116 øvingar og 16 idrettar. Men ikkje i kombinert for kvinner.

Heilt sidan avgjerda om at kombinertkvinnene ikkje skal få delta i OL blei tatt i juni 2022, har det kome sterke reaksjonar frå mange hald.

– Det er 2026. At dette framleis skjer er uakseptabelt. Me krev likestilling. Ver så snill og takk, skriv den amerikanske kombinertløparen Annika Malacinski på Instagram.

kvinne med koffert

VIRALT: Videoen blei sett av over ein million menneske det første døgnet. Totalt har 2,6 millionar sett den til nå.

Foto: Skjermdump fra Instagram / @annika.malacinski

Går viralt

Ho har nyleg gitt utløp for frustrasjon over dette på sin eigen Instagram-profil. Førre veke publiserte ho ein video frå ein flyplass der ho dreg to koffertar etter seg. I videoen står det skrive:

«Du pakkar til vinter-OL, som du ikkje eingong får lov til å delta i. Deira tap – eg kjem uansett»

Ifølgje den tyske avisa Bild, blei videoen sett av over ein million menneske i løpet av dei fyrste 24 timane.

– Eg trur ærleg talt at den einaste måten me kan nå OL på, er når me gjer det nesten umogleg for IOC å seie nei. Me må skape eit massivt press frå publikum. Difor lagar eg desse videoane, og dei endar nesten alltid opp med å gå viralt, seier Malacinski til NRK.

Amerikanaren, som bur i Noreg for å satse på kombinert, sparer ikkje på krutet når ho skriv på sosiale medium.

– Kombinert for kvinner er framleis utestengd frå vinter-OL. Ikkje fordi me ikkje er gode nok. Ikkje fordi me ikkje er klare. Men fordi IOC held fram å dryge, utvide og nekte kvinner dei same moglegheitene som menn har hatt i tiår, skriv Malacinski.

I ein fersk uttale til NRK frå IOCs, heiter det at organisasjonen «anerkjenner utfordringane som disiplinen kombinert for augeblikket står overfor, både for menn og kvinner».

to glade kvinner

USA: Annika Malacinski (til høyre) går for USA, her avbilda saman med lagkamerat Alexa Brabec.

Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

– Tøft å stå i

– Februar kjem til å bli den tøffaste månaden i mitt liv, skriv amerikanaren.

Til NRK utdjupar ho korleis det kjennest når meisterskapet startar utan ho.

– Det er veldig bittersøtt. Min yngre bror min blir truleg tatt ut til OL-laget. Eg hoppar dei same hoppa som han, går dei same løypene og trenar saman med han. Alt eg gjer er identisk med det bror min gjer, men han får dra fordi han er mann, medan eg må bli heime fordi eg er kvinne. Det sug, seier ho.

Ho held fram:

– Eg vil sjølvsagt støtte han, for han har jobba hardt, med det er tøft å stå midt i det.

IOC grunngjev avslaget med at kvinnekombinert førebels har for få utøvarar og har manglande internasjonal breidde. Dei peikar også på låge sjåartal og meiner sporten må vekse før det blir aktuelt med ein plass i OL-programmet.

Varslar gjennomgang

I den nyaste uttalen til NRK varslar IOC no ein fullstendig gjennomgang av idretten.

– Disiplinen vil gjennomgå ei fullstendig evaluering etter dei olympiske vinterleikane Milano Cortina 2026. Denne vurderinga vil vere basert på omfattande data samla inn under leikane på tvers av alle idrettar, disiplinar og øvingar, skriv IOC til NRK.

Dette betyr at framtida for både kvinner og menn i OL er sett under press. For herrekombinert, som har vore på programmet sidan 1924, betyr dette at dei no må kjempe for å unngå å bli kasta ut etter 2026.

– Etter denne evalueringa vil IOC ta ei avgjerd om inkludering av kombinert for menn og kvinner i programmet for dei olympiske vinterleikane i De franske Alpene 2030. Sidan mennene sine øvingar har vore under vurdering, blei avgjerda tatt om å behalde herrekonkurransane i éin utgåve til, og gjennomføre ei datadriven vurdering etter Milano Cortina 2026, legg dei til.

– Veldig urettferdig

Malacinski kjøper ikkje argumentasjonen til den olympiske komiteen.

– Det IOC seier er veldig urettferdig. Dei seier me ikkje har nok nasjonar på podiet, men i nesten kvar verdscup no er det tre ulike nasjonar. Ser du på topp 15 i langrenn, er det nesten berre Noreg og Sverige. Det gir inga meining i mitt hovud.

Ho held fram:

– Dei seier me ikkje har nok progresjon, men korleis i helvete skal me ha progresjon når me ikkje får vere med i OL?

– Kjempekjipt

For Malacinski handlar ikkje OL-plassen berre om medaljar, men om overleving for sporten i heimlandet.

– I land som Noreg og Tyskland er kombinert ein nasjonalsport, men i USA er det ein ekstrem nisjesport. 99 prosent av amerikanarar aner ikkje kven Jessie Diggins er eingong. OL er det einaste vindauget som gir oss merksemd og finansiering, forklarar ho.

Noregs kombinertstjerne, Ida Marie Hagen, legg ikkje skjul på kva ho meiner om situasjonen.

– Eg synest det er kjempekjipt, rett og slett. Det kom som eit sjokk. Det blei snakka mykje om at dette skulle bli det mest likestilte OL-et nokosinne. Det var liksom nøkkelordet. Og så ender det ikkje slik, seier Hagen til NRK.

Også ho er bekymra for rekrutteringa til sporten.

– Det eg synest er verst, er konsekvensane for sportens framtid. Eg er redd idretten skal døy ut. OL er så sinnssjukt viktig for finansiering og rekruttering. Eg trudde OL handla om kultur og ikkje berre om økonomi, seier Hagen.

kvinner på ski

GULL: Ida Marie Hagen hevdar seg i verdscupen, ho har også to gull og eitt sølv frå verdsmeisterskap.

Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

Hagen støttar Malacinski sin protest på sosiale medium.

– Det er kjempebra at ho ytrar seg. Ho tar det på kornet, men eg veit at ho synest det er kjipt.

Sjølv om framtida er uviss, har ikkje Malacinski tenkt å gi seg.

– Eg sluttar definitivt ikkje å kjempe. Eg skal halde fram å vere ein «pain in the ass» og lage lyd heilt til IOC tar fornufta fatt, avsluttar ho

Publisert 17.01.2026, kl. 17.19 Oppdatert 17.01.2026, kl. 17.21

Read Entire Article