– Dette har vore ei krevjande periode for både passasjerar, godskundar, naboar og togselskap. Arbeidet med å utbetre Otta bru har høgaste prioritet for oss, seier Kristine Jessen.
Ho er regiondirektør i Bane Nor.
I ei pressemelding fredag føremiddag skiv Bane Nor at slik det no ser ut blir Dovrebanen opna for gjennomgåande trafikk måndag 7. april.
Oppdatert informasjon blir lagt ut 3. april klokka 12.
– No ser det ut til at påsketrafikken kan gå som normalt på Dovrebanen, noko som er eit viktig mål for oss, seier Jessen.
Dermed blir det etter alt å dømme normal trafikk på jernbanestrekninga mellom Oslo og Trondheim i god tid før påske.
Stengt sidan slutten av januar
27. januar vart det full stopp i togtrafikken på Dovrebanen ved Otta bru, midt i Otta sentrum.
Årsaka var opphoping av is. Elva hadde grave seg inn mot det søre landkaret, noko som førte til at jernbanebrua flytta seg 15. centimeter.
Landkaret på Otta bru. Ein kan tydleg sjå at jernbanesporet har forskyve seg.
Foto: Bane NorSidan har Dovrebana vore stengt for all trafikk mellom Vinstra og Dombås.
I pressemeldinga fredag skriv Bane Nor at reparasjonen av brua har god framdrift. Arbeidet går ut på å forsterke landkaret, og denne veka vart støypinga av botnplata ferdig.
– Det har vore eit omfattande arbeid, seier Phlippe Olivier.
Han er strekningsansvarleg i Bane Nor.
– Vi måtte først spunte, og etterpå få støyping under vatn. Det tar tid å prosjektere, og å sikre at arbeidet vil tåle trafikk igjen.
Philippe Olivier er ein glad mann i dag.
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRKI vekene fram mot opning held vi fram med støyping og justering av brua, før vi avsluttar med reparasjon av skinner og sviller og arbeid med kontaktleidning, skriv selskapet i pressemeldinga.
Andre gong kort tid at bru sviktar
Då ekstremvêret «Hans» herja over store delar av landet august, 2023 kollapsa delar av Randklev bru i Ringebu.
SJ Norge køyrer persontoga på Dovrebana, og måtte setje inn buss for tog mellom Lillehammer og Ringebu.
Den gongen tok det ni månader før jernbana opna igjen.
Togtrafikken ble stengt i over åtte måneder etter at ekstrekmværet «Hans» ødela Randklev bru i Ringebu.
FOTO: FRODE MESKAUDå Otta bru stengde på nytt eit drygt halvår etter opninga, frykta SJ for konsekvensane:
– Det er ein fortvila situasjon for oss som selskap. Det er ikkje lenge sidan Dovrebanen var stengt som følgje av ekstremvêret «Hans» og så datt Randklev bru over Gudbrandsdalslågen ned. No er vi i same situasjon, sa Randi Ness då.
Ho er direktør for kommunikasjon- og marknad i SJ Norge.
Ifølgje SJ Norge sine eigne tal mista dei 170.000 passasjerar dei månadene Randklev bru var stengd.
Kor store konsekvensane blir denne gongen er dei usikre på, men;
– Det er dramatisk for oss, det er ingen tvil om at dette har store kostnader for oss, sa Ness til NRK i januar.
Philippe Olivier hos Bane Nor håpar stenginane ikkje svekkar tillitten folk har til jernbanen.
– Eg håper ikke det. Vi har utfordringar med klimaendring og ein infrastruktur som er ganske gammal. Det er viktig at vi held fram med å jobbe som vi gjer, og at vi klarer å unngå slike hendingar i framtida.
Ekstra vedlikehald under stenginga
Samstundes som Bane Nor har jobba med gjenopninga av Otta bru, har dei også gjennomført ekstra vedlikehaldsarbeid på strekninga der det ikkje har gått tog.
– Vi har hatt fleire kontrollar og vedlikehaldsarbeid på kontaktleidningar, lavspenningsanlegg og signalanlegg. I tillegg har vi jobba med skogrydding, står det i pressemeldinga.
Selskapet skriv vidare at passasjerar vil leggje merke til at noko av arbeidet vil halde fram ved Otta bru, også etter at bana er opna for trafikk.
– Då skal vi gjere ein del tiltak på elvebotn for å redusere risikoen for danning av is på botn. Arbeidet påverkar ikkje trafikken, og vil i hovudsak gå føre seg i elva.
Publisert 14.03.2025, kl. 12.00 Oppdatert 14.03.2025, kl. 12.30