Politiet rykkjer ut til eit helikopter som har havarert ved Stavanger lufthamn på Sola.
Det er ikkje meldt om personskade eller lekkasje, men det skal vere store materielle skader.
– Halen er nesten knekt og det ligg fleire delar fleire meter frå helikopteret, seier Olaug Bjørnsen i Sør-Vest politidistrikt.
Havariet skjedde under ein test av helikopteret då det stod på bakken.
Hovudredningssentralen, Luftfartstilsynet og Havarikommisjonen blir varsla.