Det er glatt fleire stader i Nordland, laurdag føremiddag, seier Jannike Sandstrak ved Vegtrafikksentralen.
På Fylkesveg 76, ved Stormyra i Brønnøy kommune har ein buss sklidd av vegen. Det skal ikkje vere noko alvorleg, ifølgje politiet. Vegtrafikksentralen melder at skal det gå greitt å kome seg forbi staden.
Brønnøysunds Avis melde fyrst om bussen.
Langs kysten på Fylkesveg 17, Meløy, fortel Sandstrak om at fleire har meldt om glatte vegar.
Kai Henrik Eriksen, ved Nordland politidistrikt sin operasjonssentral ber bilistane ta det roleg og halde god avstand til andre bilar.
– Det er skiftande og utfordrande køyreforhold fleire stader i fylket, følg med på vêrvarselet. Det er svært skiftande køyreforhold fleire stader, fortel Eriksen i Nordland politidistrikt.
Det er også teknisk trøbbel med A-ruta ferjesambandet Sandnessjøen – Dønna – Løkta som fører til innstillingar, fortel Vegtrafikksentralen.







English (US)