Han sa under generalforsamlinga i selskapet Berkshire Hathaway laurdag at no overlet styringa til Greg Abel, men ikkje før ved årsskiftet.
Buffett understreka at han framleis vil «halde seg i nærleiken» for å hjelpe til, men at det er Abel som vil ha det siste ordet.
Buffett, som er 94 år gammal, er for tida både administrerande direktør og styreleiar i det store konglomeratet.
Den legendariske investoren sa unde generalforsamlinga laurdag – som markerte 60 år med han ved roret i Berkshire – at han ikkje ville selje ein einaste aksje.
– Avgjerda om å behalde kvar einaste aksje er ei økonomisk avgjerd, fordi eg meiner utsiktene for Berkshire vil vere betre under Greg si leiing enn under mi, sa Buffett under generalforsamlinga.
Han har blitt kalla «Orakelet frå Omaha» og er kjend for å leve eit roleg og enkelt liv i Omaha i Nebraska.
Byen der han blei fødd i 1930.
Warren Buffet tok kontroll over selskapet Berkshire Hathaway i 1965 og gjorde det om til eit av verdas største investeringsselskap.
Med ei formue på llag 154 milliardar dollar, er han blant dei rikaste menneska i verda.
Han har tidlegare varsla at vil gje vekk 99 prosent av formuen sin til gode formål. Buffet har blant anna ei veldedig stifting saman med Bill Gates.
Publisert 03.05.2025, kl. 20.18 Oppdatert 03.05.2025, kl. 20.26