Gravide Thorsnes flyttar til USA: Måtte avklare spørsmålet om barn

2 hours ago 2



Ho har ingen problem med å flytta til eit anna kontinent. Men å snakka framfor folk, det tykkjer TV-ekspert Elise Thorsnes (37) er heilt forferdeleg.

 Elise Thorsnes og Janni Thomsen på Lerum Brygge i Sogndal. Foto: Synne Sofie Christiansen / VG
  • Synne Sofie Christiansen, VG

    Synne Sofie Christiansen, VG

Publisert: 29.12.2025 17:58 | Oppdatert: 29.12.2025 18:16

Det kan framstå ironisk nok, frå den nyleg pensjonerte Vålerenga-spelaren som rett før jul kunngjorde direkte på NRK si cupfinalesending at ho ventar barn.

Det blei med 255 mål på 426 kampar i Toppserien og NM, og 130 kampar for Norge.

Dei siste åra har ho også fungert som fotballekspert for NRK, noko som ikkje er ei sjølvfølgje.

– Eg er jo beskjeden, seier ho.

Elise Thorsnes og kjærasten Janni Thomsen (25) møter VG i Sogndal, ikkje langt frå heimbygda Leikanger, der dei skal feire jul med familien til Thorsnes.

I dette intervjuet snakkar ho om kjærasten, graviditet, barn, fotball, heime-jul, sitt kritiske blikk på seg sjølv og flytting til USA.

Foto: Synne Sofie Christiansen / VG

– Korleis er det då å bli intervjua på TV?

– I starten var det heilt forferdeleg. Eg nekta å stilla opp på intervju, i alle fall dei som gjekk på direkten. Eg hadde ein periode der eg sa mykje dumt, seier Thorsnes.

Som pensjonert fotballspelar kan ein jo tenka seg til at det blir fleire TV-oppdrag på Thorsnes. Det ynskjer ho, og understrekar at ho trivst i rolla.

– Det er ei usikkerheit, eg likar ikkje å prata framfor folk. Eg trur ikkje eg ein einaste gong har sagt at eg har vore nøgd. Eller at det gjekk bra, eller at eg gleda meg. Men eg tykkjer jo det er kjekt etterpå. Det er no berre slik eg er, seier Thorsnes.

– Har du nokon gong gått av fotballbana og vore nøgd, då?

– Nei, det har heller eg aldri vore, seier ho og ler.

 Elise Thorsnes med cupgull-trofeet. Det blei med åtte cupgull. Foto: MARIUS SIMENSEN / Bildbyrån

For første gong på 20 år kan 37-åringen feire jul utan å tenka på trening eller form. Ho har lagt fotballskoa på hylla og trenar for moro skuld.

Med på juleferie i Sogn er den danske kjærasten for første gong. Ho må ta til takke med pinnekjøt og ikkje and, som er vanleg i Danmark på julekvelden.

Den tidlegare VIF-kapteinen melde i fjor overgang til Utah i USA, som er den same klubben som Thorsnes spelte for i 2018.

Etter jul flyttar ho attende.

– Eg gler meg til å kome tilbake. Eg veit jo at eg trivst der. Og så har eg ei venninne som òg er gravid, så då kan eg henga litt med ho medan Janni spelar fotball, seier Thorsnes.

Planen er å føda i Norge.

1 av 3Foto: Bjørn S. Delebekk / VG

Thomsen har eitt år igjen av kontrakten. Det er ingen løyndom at begge er heimekjære og ynskjer seg tilbake til Europa etter kvart.

Det har vore ein stor utfordring å bu så langt vekke frå kvarandre det siste året.

– Det har alltid vore ein draum å avslutte på denne måten. At eg blei tvungen ut av det. Eg har jo berre hatt lyst til å spele fotball, seier Thorsnes.

Det siste året har avstanden og tidsforskjellen mellom paret vore krevjande.

– Hadde det teke lenger tid å bli gravid, kunne det nok vere at vi fann ut i løpet av juleferien at det ikkje var verdt å vere så langt frå kvarandre.

 – Den båten vil eg ha, seier Thomsen og peiker. Foto: Synne Sofie Christiansen / VG

Ganske tidleg i forholdet blei temaet om born teke opp.

– Det måtte jo vi avklare, i og med at det er ein aldersforskjell. Og så handla det berre om å bli klare begge to. For min del kunne det ikkje gå så mange år før det måtte skje. Så då blei vi semi-klare, seier Thorsnes og ler.

– Vi er jo klare for det, seier ho litt prøvande og ser bort på kjærasten.

– Eg trur vi aldri blir heilt klare for å få ein unge, seier Thomsen.

– Men vi var førebudde på at det kom til å ta tid. Og så var det eigentleg berre å prøve. Så prøvde vi ei stund, og så gjekk det til slutt, seier Thorsnes.

Det skjedde på best mogleg tidspunkt.

Då graviditeten var eit faktum, spøkte paret med at ho kunne avslutte karrieren etter cupfinalen. Så byrja duoen å telje.

1 av 3Foto: Thomas Fure / NTB

Vålerenga kom seg til finalen og vann. Heile familien var til stades på tribunen og fekk med seg karriereavslutninga.

I juni, då Thorsnes har termin, har Thomsen ferie.

– Eg er berre så takknemleg for den avslutninga eg fekk. Alt er berre så godt tima. Ein kan bli både overtruisk og religiøs av dette, seier Thorsnes.

– Det er rett vildt, seier dansken.

– Det er heilt vilt, følgjer systrendingensystrendingenKjem frå det lokale stadnamnet Systrond som eigentleg tyder Grisastrond og dekkar dei to nabobygdene Leikanger og Hermansverk i Sogndal kommune. opp.

Men med ein danske frå Silkeborg og ein systrending med familie på Vestlandet, kan ein undre seg over kvar duoen ser føre seg å lande ein gong i framtida.

– Anar ikkje, seier Thorsnes.

– Det einaste som er viktig, er å bu ein stad eg trivst. Altså, fjell får eg ikkje i Danmark. Men fjord og utsikt. Om ikkje fjord, så må det vere vatn. Noko eg kan sjå på, og ei utsikt å nyte.

Der ho kjem frå, er det høge fjell og djupe fjordar.

– Når eg er vaksen opp her, er det vanskeleg å slå seg til ro med å sjå inn i ein murvegg.

Foto: Synne Sofie Christiansen / VG
Read Entire Article