– Prisen har stige og stige, så det blir meir og meir interessant å tømme skuffer og skap for gammalt skrot som ein eigentleg ikkje brukar, seier Torodd Rande.
Han er administrerande direktør i K.A. Rasmussen på Hamar, som er Nordens største produsent og leverandør av edelmetall.
Bedrifta er også den einaste gullsmeltaren i Norden.
Dei tener godt for tida.






Dette skjer med gifteringen din hvis du leverer den inn til smelting.
Knut RøsrudDet har kome inn gull og sølv i bøtter og spann dei siste vekene. Årsaka er auka gull- og sølvprisar.
– Dei som har satsa på metall i 2025, har definitivt satsa på rett hest, seier Rande.
Ifølgje direktøren ligg Hamar-bedrifta, med rundt 70 tilsette, an til å auke omsetninga med rundt ein milliard kroner i 2025.
- Solgte gullet i 2004: – Historisk tabbe av Norges Bank
Ei trygg hamn
– Gull har hatt ei formidabel utvikling. Det har stige nesten 70 prosent i 2025. Sølvet har stige 150 prosent, så det har hatt endå betre utvikling. Det har vore eit fint år for dei som driv med edle metall, seier Torodd Rande.
Han trur prisstiginga først og fremst handlar om geopolitisk uro. Han meiner mange har mista tiltrua til amerikanske dollar.
Også statar skaffar seg gullreservar, og mellom anna Kina kjøpte seg kraftig opp i fjor og i 2024, ifølgje Rande. Han seier at det kjem av at verdien av gull er meir stabil enn andre valutaer.
– Mange vil ut av dollar, og då er gull ei trygg hamn, seier Rande.
Åtvarar mot gull som investering
Sjeføkonom i SpareBank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen, åtvarar mot å tru at gull utan vidare er ei god pengeplassering samanlikna med andre typar investeringar.
– Gullprisen har halde seg stabil i eit par tusen år, men han har ikkje gitt realavkastning som vi kunne blitt rike av, med unntak av nokre korte periodar, seier han.
Sjeføkonom i SpareBank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen, tør ikkje førespegle korleis prisane på gull kjem til å endre seg i 2026.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK– Noreg selde den store gullbehaldninga si for fleire år sidan, kva tenker du om det?
– Ingen vitskap er så presis som etterpåklokskap, svarer Andreassen.
– Vi veit at gullprisen har stige dei siste åra, men vi veit også at gullprisen i lange periodar har falle ganske mykje. Dei som kjøpte gull på toppnoteringar i 1980 eller 2012, har hatt ekstremt store tap samanlikna med om dei hadde sete med pengane i aksjar.
Andreassen tør ikkje å tippe korleis prisutviklinga på gull blir i 2026.
– Men på vegner av det norske folket håpar eg at dette snart tek slutt, smiler han.
Kazimieras Dzidzevicius smelter gullet som har blitt levert inn.
Knut Røsrud- Går mot trenden med dyre bryllup: – Vi vil heller ha gode minne enn tom konto
Trur på enda eit gullår
Torodd Rande i K.A. Rasmussen trur verdien av edelt metall skal vidare opp.
– Gull er ein verdsvaluta, og det kjem det alltid til å vere. Eg trur det framleis kjem til å stige.
K.A. Rasmussen har fått inn store mengder gull og sølv dei siste vekene. – Noko er sørgeleg å smelte ned, seier sjefen for Nordens einaste gullsmeltar.
Foto: Knut Røsrud / NRKHan legg raskt til at dersom verda stabiliserer seg, kan det påverke utviklinga. Sjølv meiner han ikkje det ser ut til å skje med det første.
– Dei som har levert inn dette no – kor klokt var det?
– Det er vanskeleg å seie, men eg tippar denne skåla kjem til å vere 20 prosent meir verdt i løpet av året som kjem.
Publisert 02.01.2026, kl. 07.56
















English (US)