Noreg skal til USA, VM-billetten er sikra. Heile herrelandslaget blei møtt av eit jublande folkehav etter at dei kvalifiserte seg til første meisterskap på 28 år.
– Eg kjenner dette er starten på noko stort, sa Erling Braut Haaland til dei oppmøtte frå balkongen på Rådhuset.
Nå røper den største stjerna til landslaget at han stod bak forslaget som gjorde at Noregs folk fekk delta i feiringa.
– Det rørte meg
HJERNEN BAK: Haaland vinka til dei oppmøtte på Rådhusplassen.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånI eit intervju med programleiarane Erik Solbakken og Mia Hundvin før Idrettsgallaen, opnar Haaland opp om tankane som låg bak den storslåtte feiringa.
– Eg veit at du var ein av initiativtakarane til å samle Noreg på Rådhusplassen. Det var forslaget ditt å få alle heim. Korleis var det å stå utpå balkongen der og sjå folkehavet?, spør Solbakken.
– Eg låg og tenkte på det: «Om vi kvalifiserer oss for første gong på 28 år til ein meisterskap, kvalifiserer oss til VM i USA, så kjenner eg vi må gjere noko litt meir enn å berre ta seg ein fest og så stikke heim til klubbkvardagen», fortel Haaland.
HEILE GJENGEN: Landslaget tok imot hyllesta frå rådhusbalkongen.
Foto: Heiko Junge / NTBSå i staden for at jærbuen forsvann til Manchester, Martin Ødegaard til London og Antonio Nusa til Leipzig, så møtte alle opp føre tusenvis av tusenvis av menneske som ville feire VM-billetten saman med dei.
– Det var heilt fantastisk å sjå støtta vi fekk. Det var rett og slett stort, det rørte meg. Og igjen, det er noko som kjem til å bli hugsa i lang, lang tid.
Erling Braut Haaland var blant initiativtakarane til festen da det norske herrelandslaget stod framfor folkehavet på Rådhusplassen.
Og Haaland var ikkje aleine om å bli rørt av stemninga på Rådhusplassen:
– Må ikkje miste hovudet heilt
Ein snau månad etter at tårene frå Rådhusplassen var tørka, var det duka for VM-trekking i USA.
Noreg hamna i ei tøff gruppe.
– Frankrike, Senegal og det siste laget ... det blir tøft, men det er moglegheiter sjølvsagt, seier Haaland.
| FrankrikeFRA | 3 |
| SenegalSenegal | 19 |
| NorgeNorge | 29 |
| FIFA 2*FIFA 2* |
*FIFA play-off 2: Bolivia, Surinam og Irak. Avgjøres i mars.
Men han påpeikar kor viktig det er å ikkje ta fullstendig av, sjølv om det norske landslaget leverte på alle parametrar i VM-kvalifiseringa.
– Skal eg vere heilt ærleg nå så må vi ikkje miste hovudet heilt nå. Vi har akkurat kvalifisert oss, som vi har gjort for første gong på 28 år, så la oss ta det litt derfrå, seier han.
Litt forventningar får han likevel.
– Men igjen, når eg ser på laget vårt og ser alle dei gode spelarane vi har, så hadde eg plutseleg fått litt forventningar. Men det er viktig at eg ikkje vil ha for mykje. Så eg er litt sånn midt imellom om eg skal vente altfor mykje eller om eg skal ta alt som ein bonus.
- Haaland er nominert til fleire prisar på Idrettsgallaen, som du kan sjå på NRK1 og i NRK TV, laurdag kl. 19.45:
Publisert 10.01.2026, kl. 08.58
















English (US)