Militærtroppen CAPSAT skulle halde orden og dempe dei store demonstrasjonane som har herja i hovudstaden på Madagaskar i tre veker.
Så snudde dei. I staden for å hindre demonstrantane, byrja dei å hjelpe dei.
Dei eskorterte demonstrantane til den symboltunge 13. mai-plassen, midt i hovudstaden Antananarivo.
Hæren har teke parti med demonstrantane. Her foran, og på veg til, rådhuset i hovudstaden 11. oktober.
Foto: Luis Tato / AFP / NTB ; Zo Andrianjafy / Reuters / NTBMed hæren og store folkemengder mot seg, meinte president Andry Rajoelina at eit kuppforsøk var i gang. Han kunngjorde ein tale til folket.
Men så var han som sokken i jorda.
No stod han overfor si største prøve som president.
I talen seint måndag sa han at han hadde flykta etter eit attentat.
Ein gut sit og ser på medan demonstrantar og tryggingsstyrkar barkar saman i Antananarivo, hovudstaden i Madagaskar, 9. oktober.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBUnge demonstrantar dyttar ein konteinar for å bruke den som barrikade.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBEin demonstrant hoppar for å unngå ein behaldar med tåregass i hovudstaden 6. oktober.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBTo politimenn frå det nasjonale politiet på Madagaskar (Gendarmerie) dreg ein demonstrant som blei kraftig slått den 9. oktober.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBMange av demonstrantane er unge. Her held ein demonstrant opp et skilt i hovudstaden 27. september.
Foto: AFP
Til gatene for straum og vatn
Det har vore nokre forvirrande dagar for gassarar.
Måndag kveld lét presidenten folket hans vente i timevis på ein pressekonferanse.
Kjem presidenten til å gå av no?, var det store spørsmålet som hang over øylandet utanfor den afrikanske austkysten.
– Det finst berre éin måte å løyse desse problema på. Det er å respektere den gjeldande grunnlova i landet, sa presidenten i talen som blei sendt på Facebook.
Andry Rajoelina har vore president på Madagaskar sidan eit statskupp i 2009.
Foto: JEKESAI NJIKIZANA / AFP / NTBSidan 25. september har unge protestert etter brotne lovnader om å få tilgang på grunnleggande tenester som straum og vatn.
Det tok ikkje lang tid før dei også bad den 51 år gamle presidenten om å gå av. Dei kravde at han beklagar til landet, og løyser opp både senatet og valkommisjonen.
Minst 22 menneske har mista livet i det som utvikla seg til å bli valdelege protestar.
Søndag løyste presidenten opp regjeringa og oppmoda om dialog for å løyse konflikten.
Så flykta han frå landet. I ei utsegn måndag seier han det er for å verne om sitt eige liv.
Den franske presidenten Emmanuel Macron skal ha godkjent ein fransk-assistert evakuering av Rajoelina til Dubai søndag, melder Radio France Internationale.
Macron seier han ikkje vil seie noko om dette, men at han er uroa for situasjonen i landet.
Talen til presidenten blei utsett to gongar. Grunnen skal vere at hæren og presidenten ikkje er blitt einige gjennom forhandlingar.
– Regimet skjelv
29 år gamle Matthieu Pierre er éin av dei unge som har sett seg lei av brotne løfter av styresmaktene.
– Unge menneske krev rettane sine. Staten sin respons har vore falske rykte, vald, fengslingar og dei har drepe nokre av oss, fortel han til NRK.
Matthieu Pierre er doktorstipendiat i byen Fianarantsoa.
Foto: PrivatPierre tek for tida ein doktorgrad og har engasjert seg politisk på sosiale medium.
– Det er Generasjon Z som leiar protestane. Dette er heilt nytt for Madagaskar. Vi har alltid hatt ein leiar, men no er det vi unge, aktivistar og influensarar som fører an, fortel han.
Liknande, såkalla GenZ-protestar, har skjedd fleire stader i verda dei siste vekene.
For vel ein månad sidan velta unge nepalarar regjeringa etter å ha sett mellom anna generalforsamlinga og høgsterett i fyr.
Den norske misjonæren på Madagaskar, Kristoffer Hansen-Ekenes, følger utviklinga frå den norsk-grunnlagde byen Antsirabe, 170 km sør for Antananarivo.
– No er alt ope. Alt kan skje, seier han.
Kristoffer Hansen-Ekenes
Han seier at det er tydeleg at Madagaskar står overfor store endringar, men at det framleis kan gå i mange retningar.
– Dei unge demonstrantane er godt organiserte, men dei har ikkje noko politisk program eller ein frontfigur som kan gå inn og overta. Så om vi får et kupp, så vil det bli eit maktvakuum, seier Hansen-Ekenes.
Frå kupp til kupp
– No er eg er litt glad og litt uroa. Eg er glad fordi for første gang kjenner unge gassarar på endring. Vi ser at leiarane og regimet skjelv, seier doktorstipendiat Pierre.
Samstundes peikar han på at Madagaskar framleis står overfor mange samfunnsproblem som må løysast.
Trass djupe samfunnsproblem, gjev protestane håp om endring på Madagaskar.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBMellom 70 og 80 prosent av landet lev under fattigdomsgrensa. Ifølgje FN-tal frå 2022 har 22.2 prosent av gassarar tilgang på reint drikkevatn.
Politisk uro og djupe samfunnsproblem har prega Madagaskar i lang tid.
Øvst: Soldatar lojale til Andry Rajoelina forsøk å bryt ned døra til daverande president Marc Ravalomananas kontor 16. mars 2009. Under: Andry Rajoelina under sin innsetelseseremoni fem dagar seinare.
Foto: Alexander Joe / AFP / NTB ; Gregoire Pourtier / AFP / NTBAndry Rajoelina kom sjølv til makta gjennom eit kupp i 2009. Då lova han at han skulle kjempe mot korrupsjon og fattigdom.
Den gongen for 16 år sidan hadde presidenten brei støtte hjå folket.
Unge støttespelare av Rajoelina jublar på et arrangement i hovudstaden 18. mars 2009, to dagar etter kuppet.
Foto: Jerome Delay / AP / NTBGassarar flokka gatene i Antananarivo for å vise støtta si til han. Hæren CAPSAT hjelpte han med å kapre makta.
No er det folket og den same hæren som jobbar for å få han til å gå av.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten «Urix» her:
Publisert 13.10.2025, kl. 23.36 Oppdatert 13.10.2025, kl. 23.42