Halv million privatkundar råka i Telia-hacking

5 hours ago 2



I byrjinga av februar omtalte NRK eit datainnbrot hjå Telia, der om lag 400.000 filer blei publisert på det mørke nettet.

I dag melder Telia at personopplysingane til ein halv million privatkundar er på avvege.

– Det er ingen tvil om at dette er ei større sak enn me trudde for nokon veker sidan, seier Bjørn Ivar Moen, administrerande direktør i Telia Noreg i ei pressemelding.

Kundar har fått namn, kontaktopplysingar og IP-adresser lagt ut på det mørke nettet, det er me oppriktig lei oss for, seier Moen.

Moen skriv at dei har kopla på betydelege ressursar for å handtera saka og avgrensa skadane av datainnbrotet.

– Me jobbar oss no gjennom materialet som er stole og lekka på nett og kontaktar fortløpande dei av våre kundar som har fått sensitiv informasjon på avvege.

– For oss er dette no prioritet nummer éin.

Desse er ifølgje Telia råka:

  • 900 noverande eller tidlegare personkundar har fått sine fødselsnummer eksponert.
  • Ein halv million privatkundar som har TV eller breiband frå Telia. Her er namn, adresser, e-postadresser, telefonnummer, fødselsdato og IP-adresser inngår i materialet. Dette gjeld også partnarkundar.
  • 3000 bedriftskundar som Telia leverer datakommunikasjonsløysingar til er omfatta av innbrotet. Dette er mellom anna adresser, kontaktpersonar på lokasjonar hjå verksemdene, tenester og LAN IP-adresser.
  • Informasjon om noverande og tidlegare tilsette er henta frå eit fjerninnloggingsverktøy. Dette gjeld mellom anna lønsslippar, enkelte arbeidskontraktar og private filer.

Store mengder sensitiv informasjon

Hackergruppa har sjølv hevda at den stolne informasjonen dei sit på utgjer 2,5 terabyte.

NRK har gått gjennom meir av informasjonen som er lekka. Den viser at det er store mengder sensitiv kommunikasjonsdata som er på avvege.

Delar av dette kan i verste fall sette sikkerheita til enkeltpersonar i fare.

Ifølgje BT er også informasjon om Politiet og DSB med i materialet.

Seint i februar blei det kjent at fakturaopplysingar om Bergen kommune sine telefonar var blant det lekka materialet.

Mellom anna tidspunkt for samtalar og meldingar til og frå kommunen sine telefonnummer.

Det er ikkje snakk om at det konkrete innhaldet i denne kommunikasjonen er lekka. Men lekkasjen viser kven som har ringt til eller blitt ringt av kommunen, og når.

Finansbyråd Eirik Tenfjord sa då at dei la til grunn at alle kommunen sine 10.000 telefonnummer var råka, og at Bergen var ein av 17 råka kommunar.

Informasjonssjef i Telia, Daniel Barholm, bekrefta 24. februar at fleire kommunar er nemnd i nokre av filene.

Publisert 04.03.2026, kl. 10.33 Oppdatert 04.03.2026, kl. 10.57

Read Entire Article