I ei tid der TikTok fløymer over av «glow-ups» og sjølvoptimalisering, har Hannah Skåne (27) frå Skien funne sin eigen måte å utvikle seg på – og ho gjer det som om livet var eit kreativt manus.
– Du er hovudpersonen i ditt eige liv. Kva ville du ønska at karakteren din gjorde vidare – om du var ein sjåar?
Det spørsmålet er utgangspunktet for korleis Hannah planlegg kvardagen sin – og har gjort – dei siste to åra.
Få tipsa til Hannah lenger ned i saka.






Frå indre drivkraft til ytre uttrykk – Hannah sin visionboard på Pinterest viser kva ho vil ha med i neste sesong.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKLivet som ein TV-serie
Saman med søstera har ho utvikla ein metode der ho deler livet inn i «sesongar» – kvar på om lag tre månader. Kvar sesong får eigne mål, stemning og fargar.
Ho meiner at sesong-metoden gjer at ein har jamlege utviklingsmøte med seg sjølv, set kursen for livet sitt og ser seg sjølv utanfrå – som hovudrolla – i eige liv.
– Så for meg er dette noko heilt anna enn optimalisering og prestasjonskrav. Da eg såg eit innlegg på TikTok om å planlegge livet sitt som ein TV-serie, skjønte eg at dette var noko eg kunne bygge vidare på, legg Hannah til.
Slik kan eit utviklingsmøte sjå ut – med kreativitet og skaparglede.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKHo og søstera lagar eigne moodboards på Pinterest og fysiske kollasjar med bilde, teksturar og fargar som skildrar stemninga i den kommande sesongen. Dei har delt noko av prosessen på sosiale medium – og det har vekt stor merksemd på TikTok-profilen hennar.
– Det starta som ein idé for å finne ut «kvar eg er og kvar eg vil» dei neste månadane, og da eg posta om det på TikTok blei mange nysgjerrige. Eg trur folk likte idéen om å jobbe kreativt for å planlegge livet sitt.
Hannah finn bilde frå Pinterest, og lagar detaljerte kollasjar som illustrerer og gir inspirasjon for sesongen.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKPsykolog: – Ein måte å ta eigarskap
Psykolog Ada Borgwardt, som jobbar med utvikling og sjølvleiing, meiner det ikkje er tilfeldig at slike metodar får fotfeste hos unge.
– Vi lever i ei tid med høgt tempo, usikkerheit og mange val. Det å strukturere livet sitt gjennom metaforar som «TV-serie» eller «sesongar» kan gi ei kjensle av kontroll og eigarskap over eige liv. Det kan bli ein måte å tenkje kreativt og konstruktivt rundt endring, seier ho.
Ada Borgwardt
- Psykolog ved Lysne Helse, avdeling Skøyen
- Med utdanning innan arbeids- og organisasjonspsykologi, med kompetanse i livsmeistring, veiledning og naturbasert helsearbeid.
Ho meiner det viktigaste er at metoden opplevast som meiningsfull og realistisk for den som brukar han.
– Så lenge det ikkje blir ei fasade eller eit overdrive press om å prestere, kan det å gjere kvardagen litt meir estetisk og gjennomtenkt vere positivt for både meistring og mental helse, seier Borgwardt.
– Å vere oppmerksam på sansane sine og detaljar kan faktisk styrke nærvær og redusere stress, seier ho vidare.
Ho legg ut inspirerande innhald om ulike sosiale medium trendar, og anna livsstilsinnhald.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKStruktur som gir fridom
For Hannah har metoden ført til meir ro, retning og overskot i kvardagen.
– Eg har alltid søkt variasjon og fridom, men oppdaga at det eg trudde gav meg fridom – det å leve på impuls – eigentleg gjorde meg stressa med lite framdrift. Når eg set rammer som passar til den fasen eg er i, får eg meir energi og fridom, fortel ho.
Bak det kreative prosjektet ligg også fagleg kunnskap. Hannah har bachelor i livsstilsendring og folkehelse, og har alltid vore oppteken av korleis vanar og bevisst planlegging kan skape varige endringar.






Hannah illustrerer kommande sesong med sansar, teksturer og kreativt uttrykk.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKRomantisere kvardagen
Hannah oppsummerer med at det viktigaste er å lage ein kvardag med plass til å vere til stades i augneblinken.
– Eg liker å gi «magi» til små, kvardagslege augneblink. Det er vel det mange kallar å «romantisere livet», seier ho.
Naturen og ein aktiv livsstil er også noko som motiverer Hannah i planlegginga.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKHo vurderer no å lage kurs i sesongplanlegging og livsstilsendring, etter gode tilbakemeldingar frå følgjarane sine.
– Responsen har vore overraskande positiv. Det inspirerer meg til å dele meir, hjelpe fleire med å vere aktive deltakarar i eige liv, og skrive si eiga historie – som også var bakgrunnen for utdanninga eg tok, seier Hannah.
Hannah kombinerer fag og kreativitet for å skape berekraftig endringar.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKHei! 👋
Hei! 👋
Har du tips til noko eg kan skrive? Send meg gjerne ein e-post!
Eg er kultur- og underhaldningsjournalist i NRK. Nyleg har eg blant anna skrive om Å leve i fritt fall og den nye serien «Tiltalt».
Publisert 04.11.2025, kl. 10.59




















English (US)