Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås bekreftar at utlendingseininga har henta kyrkjeasylanten, og køyrer han vidare til Trandum før han blir sendt ut av landet.
– Eg skjelv. Vi har jo visst heile tida at dei kjem og hentar han, men vi hadde vel håpt at han skulle få innvilga amnesti, seier ho.
Kassembo har budd ulovleg i Noreg i meir enn 20 år. Dei siste åra har han sete i kyrkjeasyl, som den einaste i Noreg.
– Det er tre personar som har kome frå utlendingseininga som har som jobb å hente han. Dei kom frå Oslo i natt, legg ho til.
Kassembo kom til landet i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi etter at veslesøstera og foreldra var drepne.
Men staten trur ikkje på historia hans, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten.
Retten slår fast at han pliktar å forlate landet og at han har brote utlendingslova grovt over lang tid. Menneskerettsdomstolen har sagt nei til å behandle saka hans.
Kassembo vil ikkje samarbeide om å reise tilbake til Burundi fordi han hevdar han er i livsfare viss han gjer det.
Suel Kassembo og sokneprest Solfrid Leinebø Seljås.
Fotografi: Støttegruppa for Suel KassemboReagerer
KrF-leiar Dag-Inge Ulstein er ein av dei som har engasjert seg i saka. Han fekk beskjed om uttransporteringa onsdag morgon.
– Nei, det er heilt ufatteleg, eg har ikkje ord, det er ikkje til å tru, seier han.
Støttegruppa har håpt at stortingspolitikarane skal finne ei løysing gjennom budsjettforhandlinga. Ulstein meiner den sjansen framleis finst.
– Det er ei revidert behandling der støttepartia til regjering kan engasjere seg på ein måte som ikkje er mogleg for oss som er i opposisjon, seier han.
Ulstein reagerer på at Kassembo blir sendt ut av landet.
Fotografi: Ole Berg-Rusten / NTBStort engasjement
Kassembo-saka har skapt stort engasjement i lokalsamfunnet, og fleire har jobba for å halde han i landet.
Støttegruppa «Rettferd for Suel» bad nyleg om at politikarane skulle setje av pengar i revidert statsbudsjett til å gje Kassembo amnesti, og folk har gått i fakkeltog for å vise støtte.
Bjørn Prytz, som er leiar i støttegruppa, seier situasjonen er trist. Dei meiner at det er formelle feil i vedtaket til politiet.
– Vi vil stå på gjennom advokat no, for å få omgjort dette.
Han fryktar at Kassembo vil bli sendt raskt ut av landet, og førebur ein demonstrasjon utanfor Stortinget på fredag.
– Akkurat no er det ein trist dag. Vi har sett at dette ville komme før eller sida, men vi var kanskje ikkje heilt budd på at det skulle komme politi.
Suel Kassembo har budd i Noreg i over 20 år.
Fotografi: Remi Sagen / NRKPublisert 27.05.2026, kl. 10.42 Oppdatert 27.05.2026, kl. 11.59











English (US)