Har det utvikla seg eit stammespråk i politikken? Eit språk utvikla og brukt for å få og ha makt?
Nyttast dette språket når dei med makt snakkar med andre maktpersonar? Eller er det eit stammespråk skapt av mediafolk for å skape seg godt betalte jobbar?
Har du eit problem, skaff deg ein ekspert på kommunikasjon. Dette er ei veksande yrkesgruppe, som berre dei utvalde veit noko om. Alle sjefar, både i stat og i det private næringslivet, må ha minst ein ekspert på kommunikasjon. Innafor regjering og Stortinget kryr det av slike ekspertar.
Eg trur at årsaka til denne veksten er eit sjølvoppfyllande problem. Når ein person går frå Stortinget til eit kommunikasjonsselskap, seier dei at det er så mange som har bruk for deira kompetanse for å nå fram med synspunkta sine. Tina Bru brukte om lag ei slik forklaring på kvifor ho skal jobbe for First House.
Stortinget har altså laga det vanskeleg for vanlege folk eller små bedrifter å få tak i personar med makt. Er dette sant eller er det noko mediakyndige fortel oss? First House har/har hatt følgjande personar som tilsette: Sylvi Listhaug, Ingvil Kjerkhol og Bjarne Håkon Hansen. Dagleg leiar er nå Jon Georg Dale.
Eg har god utdanning innafor psykologi og historie. Når eg skreiv om noko innafor psykologi, måtte eg bruke dei rette orda. Til vanleg var det ofte framandord som er lite nytta i dagleg tale. Kor herleg er det derfor å skrive om historiske hendingar. Innafor det faget er det tradisjon å skrive slik at alle skal forstå teksten.
I yrket mitt møtte eg mange psykologar som nytta stammespråk. Eit språk vanlege folk sleit med å skjøne meininga i. Eg følte meg litt kjekk, som både kunne skjøne og bruke stammespråket dei brukte.
Då eg var ung var eg aktiv i politikken. Eg møtte bakar Einar Hansen, ordførar i Kristiansand. Han brukte dialekten sin når han talte eller snakka. Alle skjøna kva han meinte. Bakar Hansen ville ikkje forstått kva han skulle bruke ein kommunikasjonsrådgivar til. Det var før stammespråket kom inn i den politiske kvardagen.













English (US)