Har funne svar på kvifor tjernet skiftar farge

6 hours ago 2



Tormodalstjernet ved Kråkenes i Kinn kommune er ikkje som alle andre tjern.

Det skiftar nemleg farge i alt frå lyse fargar som gult til blodraudt.

Fleire forskarar har klødd seg i hovudet over tjernet og undra seg over det.

No har professor Gunnar Bratbak ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Bergen, funne svar etter å ha teke prøver:

Ein alge ved namn: Haematococcus.

Sjølv om algen ikkje er så uvanleg, så er det sjeldan at den gir slikt fargespel som i Tormodalstjernet.

– Eg har aldri sett det ein sånn liten vassdam før, seier professoren.

  • Tormodalstjernet skiftar farge

    Tjernet i Nordfjord er å finne i blodraud nyanse.

    Foto: Torfinn Kråkenes
  • Tormodalstjernet skiftar farge

    Også i ein vakker grønfarge er tjernet å sjå i.

    Foto: Torfinn Kråkenes
  • Tormodalstjernet skiftar farge

    ... og i ein lysare nyanse av grønt.

    Foto: Torfinn Kråkenes
  • Tormodalstjernet ved Stadhavet skiftar farge.

    Tormodalstjernet ligg ved Stadhavet og frå tid til annan vaskar sjøvatnet over tjernet og fører til at det endrar farge.

    Foto: Torfinn Kråkenes
  • //potion.felles.ds.nrk.no/program/ebb66866-9471-4503-b668-669471c503c1/pub/ebb66866-9471-4503-b668-669471c503c1

    Mange har teke turen til tjernet for å sjå fargespelet med eigne auge.

    Foto: Ukjent
  • Tormodalstjernet ved Kråkenes

    I sommar fekk tjernet også eit merkeleg mønster.

    Foto: Torfinn Kråkenes

Haematococcus-algen dominerer tjernet fullstendig, fortel han.

– Vi har slike vassdammar langs heile kysten. Det er nok litt tilfeldig at algane har etablert seg her, og funne forhold som gjer at dei blir verande og dominerer tjernet fullstendig.

Endrar farge etter syklus

Algen har ein komplisert livssyklus. Og den vil endra farge etter kor den er i syklusen.

Når leveforholda for algane er dårlege, så blir vatnet raudt.

Når det blir betre og dei får litt næringssalt, som til dømes sjøvatn som sprutar inn frå havet, så begynner dei å vekse.

Då blir vatnet grønt.

– Det er ein litt morosam kuriositet, seier han.

en mann iført hvit frakk

Professor Gunnar Bratbak ved Universitetet i Bergen har funne svar på mysteriet rundt tjernet ved Kråkenes.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Professoren las først om tjernet i media og bestemte seg for å ta turen innom i sommar. Då var det knallraudt.

– Det var veldig fasinerande. Eg tenkte først det anten måtte vere algar eller bakteriar som var veldig raude og danna fargen, forklarar han.

Men så skiftar tjernet farge i tillegg. Og slik har det også vore i minst 60 år.

Professoren veit ikkje om andre tjern som har slike sterke fargar.

– Så det er eit veldig artig, gøy og interessant fenomen.

«Tormodalstjernet» på Kråkenes skifter stadig farge. Frå sitrongul, til lysegrøn, mørkegrøn, lyseraud, mørkeraud og signalraud.

– Enorm interesse

Torfinn Kråkenes har vakse opp i nærleiken av tjernet.

Han har blitt vant med at tjernet er å finne i mange ulike fargar og fargenyansar, alt frå sitrongult til blodraudt.

Nordfjordingen har også ivrig dokumentert tjernet.

Men i sommar sperra også han opp auga då han såg at vatnet attpåtil hadde mønster i seg, og at det bobla av det.

– Slik har eg aldri sett det før, seier han.

Etter kvart har bilete av tjernet blitt spreidd i sosiale medium.

– Det har blitt ein enorm interesse for det, og i sommar har det vore fleire marinbiologar her, fortel Kråkenes.

bilde av Hematococcus i mikroskop

Professor Gunnar Bratbak har tatt dette bildet med mikroskop av dei raude cellene som gir vatnet raudfargen.

Publisert 05.11.2025, kl. 11.25

Read Entire Article