Hår­reisande pris­auke: Parykkar har blitt meir enn dobbelt så dyre

1 month ago 23



Veronika Løkvik frå Bergen har alopecia, ein autoimmun sjukdom som gjer at ein mistar håret. På grunn av sjukdomen har ho brukt parykk sidan januar 2017.

For bergensaren er parykk ein stor del av kvardagen, og ho bruker det kvar gong ho er ute av døra.

– Det er lett å seie at det berre er hår, men det stikk mykje djupare. Du mistar litt deg sjølv når du mistar håret, seier Løkvik.

Dei som har behov for parykk av medisinske årsaker, kan ha rett til parykkstønad frå Nav.

Veronika Løkvik fra Bergen

Veronika er likeperson i alopeciaforeininga, og hjelp andre i same situasjon.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Veronika er av dei som får stønaden, men ho merkar at den ikkje strekk til. Av medisinske årsaker får Veronika ein utvida stønad på 16.220 kroner årleg.

Men parykken kostar nesten 35.000 kroner.

Veronika er 44 år, men dersom ho hadde vore under 30 år kunne ho ha fått opp til to ektehårs­parykkar dekt, med ein samla verdi på 50.000 kroner.

Grunna slitasje på parykkane, er det vanleg at dei med alopecia bruker éin til to parykkar i året.

Den siste tida har Veronika merka at parykkprisane har auka kraftig, og ho tar seg ikkje lengre råd til den parykken ho eigentleg har lyst på.

– Eg skulle gjerne hatt ein lengre parykk, men dei siste åra har prisane auka ganske mykje, så den parykken eg har no er kortare enn eg vil ha den, seier Veronika.

Parykkprisane stig til vers

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at verdien på importert hår har auka betrakteleg dei siste åra. Tala gjeld for parykkar, augebryn, skjegg, augevipper og fletter av menneskehår.

Dei siste ti åra har ei stabil mengde ekte hår blitt importert til Noreg, ca. 20.000 kilo i året.

Inge Rygg på fresh frisør i Førde

Fresh frisørsalong i Førde leverer parykkar til heile vestlandet.

Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

I 2014 importerte Noreg hår for 26 millionar kroner. Ti år seinare låg verdien på 72 millionar kroner. Det er ein auke på 177 prosent.

I same tidsperiode har parykkstønaden frå Nav auka med 14,5 prosent.

Ein parykk som kunne koste 10.000 kroner i 2013, kostar altså 25.000 kroner i dag, før justering og tilpassing er gjort.

Ruhs er parykkleverandør til salongar i heile landet. Randi Langø er parykkspesialist i Ruhs, og forklarer at det er ulike årsaker for prisauken. Pandemien er den ho peiker mest på.

Randi Langø er parykkspesialist i Ruhs.

Parykkspesialist Randi Langø merkar at det har blitt dyrare å importere hår.

Foto: Privat

– Etter pandemien var det mange fabrikkar som mista tilsette, og det har vore dyrt å kurse nye. Toll og import har òg auka, seier Langø.

Vidare hevdar Langø at kvaliteten på ekte går gjekk ned under pandemien, då heile verda vart kollektivt sjuke. Ho meiner derfor at det har blitt vanskelegare å få tak i hår av god nok kvalitet til å lage parykk av.

– Ein nedtur for mange

Inge Rygg er frisør på Fresh frisørsalong i Førde, og har jobba med hårerstatning sidan 60-talet. Han leverer parykkar til folk over heile vestlandet.

– Vi merkar prisauken godt, og spesielt dei siste fem åra har vi merka det veldig, seier frisøren.

Inge Rygg på fresh frisør i Førde

Inge Rygg er frisør og leverer parykkar til heile vestlandet. Her held han oppe ein syntetisk parykk.

Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

Han forklarer at dei med alopecia ofte vil ha parykkar av ekte hår, fordi dei held lengre og er meir komfortable.

– Parykkar laga av ekte hår opplevast meir naturleg, og ein kan ha dei på i fleire veker utan å ta dei av. Ein syntetisk parykk må du ta av deg kvar kveld, og har lett for å tove seg, forklarer Rygg.

Etter fleire år i bransjen har frisøren sett fleire som fortvilar seg over at stønaden ikkje dekkjer prisen på parykkane.

– Å fylle 30 er jo ein nedtur for mange, når dei må gå ned frå 50.000 kroner til 6265 kroner i årleg stønad, seier frisøren.

Prioriterer dei under 30 år

Ellen Bakken (Ap) er statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det er dei som har ansvar for å justere parykkstønaden.

Ho forklarer kvifor dei under 30 år får høgare stønad enn dei over 30 år.

– Eg vil byrje med å seie at eg har stor forståing for at dei over 30 år ønsker stønad, men vi meiner at det er viktig å prioritere dei under 30 år, seier Bakken.

en person med hånden på haken

Statssekretær Ellen Bakken (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Foto: Andreas Lekang / NRK

Ved spørsmål om det ikkje er rom for å prioritere dei over 30 år i statsbudsjettet, svarer statssekretæren dette:

– Vi har valt å prioritere dei under 30 år. Når du spør om det er rom i budsjettet så er det jo alltid eit prioriteringsspørsmål, seier Bakken.

Vidare seier ho at departementet har fått innspel frå både Alopeciaforeininga og andre parykkleverandørar med forslag til endringar, og at dei vurderer forslaga i departementet.

– Vi ser på kva innspela er og korleis dei kan verke inn i statsbudsjettet for 2026, seier Bakken avslutningsvis.

Publisert 25.03.2025, kl. 17.24

Read Entire Article