Det er våren 2015.
Vårin er midt i russetida og har nettopp vakna til ein ny dag med fest og moro.
Men det er noko som ikkje stemmer.
– Eg merka at det var noko rart som skjedde i kroppen.
Russetida til Vårin vart ulik dei fleste andre sin.
Foto: PrivatFaren hentar ho, og reager på korleis ho ser ut.
– Han sa, kva har skjedd med deg, du er heilt grøn i ansiktet, hugsar ho.
Faren køyrer ho raskt til sjukehuset. Vårin har nemleg diabetes og dei mistenker syreforgifting.
– Den natta tenkte eg at noko er alvorleg gale. Om morgonen fall eg i koma.
Det Vårin og familien først trudde var komplikasjonar med diabetes, viste seg å vere hjernehinnebetennelse.
Foto: PrivatHeldigvis er Vårin på sjukehuset når ho mister bevisstheita og legane kan leggje ho i kunstig koma.
Dei skjøner at det er hjernehinnebetennelse, og ikkje komplikasjonar med diabetes, som gjer Vårin så sjuk.
Russen er ekstra utsett
Kvart år blir rundt 25 personar i Noreg smitta av hjernehinnebetennelse.
Unge mellom 16–19 år har høgast risiko for smitte.
Karine Norstrand, overlege ved Folkehelseinstituttet, forklarar at spesielt russ er utsett for hjernehinnebetennelse.
– Smitte spreier seg lettare når mange er tett saman, til dømes på festar, ved deling av flasker og ved nær fysisk kontakt.
Med andre ord; russetida er ei smittebombe.
Karine Nordstrand
Overlege ved Folkehelseinstituttet
Utydelege symptom
Nokre tidlege symptom på hjernehinnebetennelse er feber, hovudverk, muskelverk, diaré og nedsett allmenntilstand.
Difor er det ikkje er lett å skilje hjernehinnebetennelse frå andre infeksjonar.
– Eg var litt stiv i nakken og kjente meg uggen. Men eg kunne like gjerne ha vore bakfull, hugsar Vårin.
Vårin opplevde at det kan vere vanskeleg å skilje hjernehinnebetennelse frå andre infeksjonar.
Foto: Lars Martin Hunstad / NRKEit særeige symptom er det raude, prikkete utslettet ein får ved hjernehinnebetennelse.
Men dette fekk ikkje Vårin.
– Sjukdomen kom snikande. Eg kunne berre tenkt at eg var vanleg slapp.
Vårin fortalde først historia si til NRK i 2016:
Vil ha vaksine til alle
Ifølgje FHI er den beste måten å beskytte seg mot hjernehinnebetennelse å ta vaksine.
Desse vaksinane er ikkje ein del av barnevaksinasjonsprogrammet og det er difor opp til kvar enkelt kommune om dei vil tilby vaksinane gratis.
Vaksinen mot den vanlegaste bakterietypen, ACWY-vaksinen, kostar rundt 400 kroner.
– FHI har føreslått at ungdom i 10. klasse skal få tilbodet om ACWY-vaksinen som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, seier Nordstrand.
I år har rundt halvparten av VG1-elevane tatt ACWY-vaksinen, ifølgje FHI sine tal.
– Vaksinen bør vere gratis. Det bør ikkje vere ulikskap rundt kven som han ta han, meiner Vårin.
Måtte lære alt på nytt
Etter fleire dagar, vakna Vårin frå koma.
– Eg var heilt forvirra. Eg hugsa ikkje så mykje.
Etter fleire dagar i koma kan foreldra til Vårin endeleg klemme ho ordentleg.
Foto: PrivatLegane kjempa hardt for å overvinne infeksjonen.
– At dei klarte det er eit vedunder, seier ho.
At faren raskt forstod alvoret av sjukdomen hadde alt å seie.
– Hadde eg ikkje allereie vore på sjukehuset, hadde eg stroke med. I verste fall er det ein dødeleg sjukdom.
Ho sleit med dårleg høyrsel og at hjernen jobba treigt i fleire år etterpå.
– Men eg er eigentleg ganske frisk i dag, smiler ho.
Heldigvis fekk Vårin høyrselen tilbake. I dag er ho artist og treng han for å skrive si nye plate.
Foto: Lars Martin Hunstad / NRKHo har ei klar oppmoding til foreldre og russen.
– Det er viktig å ta vaksinen. Det er mogleg å ha det gøy i russetida samtidig som ein passar på.
Publisert 06.05.2026, kl. 20.12















English (US)