Her finn du snø i påska

2 weeks ago 19



Har du ikkje lagt planar for påska enno? Fortvil ikkje, det er ikkje for seint.

 Kristin Haugland / DNT
SKIFØRE: Slik ser det ut i nærleiken av Finsehytta. Foto: Kristin Haugland / DNT

Publisert 12.04.2025 20:00

Er du kome seint i gang med planlegginga av påskeferien? Då er du ikkje åleine. 

Ifølgje ei undersøking gjennomført av Opinion for Den Norske Turistforening (DNT), har ni prosent av nordmenn ikkje planlagt kva dei skal i påska enno. 

Samstundes svarar 56 prosent at dei skal vere heime, og av dei som skal reise vekk, skal halvparten til fjells. 

– Å komme seg ut i siste liten, er lettare enn ein trur. DNT har hundrevis av hytter over heile landet, og del aller fleste har ledig plass i påska, seier Tor Kåpvik, generalsekretær i DNT. 

 Solbjørn Kvalshaugen / DNT
PÅSKESTEMNING: Også ved Fondsbu er det gode moglegheiter for å finne skiføre denne påska. Foto: Solbjørn Kvalshaugen / DNT

OBS: Er du lei av snø og vinter, kan du sjå fleire tips til snøfrie påskeaktivitetar lenger nede i saka.

Snømangel 

Fleire stader i landet, har skisentera fortvila over lite snø denne sesongen. 

I Ørsta i Møre og Romsdal, har snømangelen gitt økonomiske utfordringar for skisenteret.

– Vi har hatt ope sju dagar. To helger og nokre kveldar i januar. Det er litt skremmande, sa Gunnar Knutsen, dagleg leiar i Ørsta skisenter til TV 2 før påske

 Kristian Haug Hansen / TV 2
LITE SNØ: Slik såg det ut i Ørsta skisenter i starten av april. Foto: Kristian Haug Hansen / TV 2

I Hafjell har dei produsert ekstra med kunstsnø for å gi eit best mogleg føre til skiglade gjestar. 

Her kan du sjå kva alpinanlegg som er opne.

Men det er håp

Kåpvik i DNT vil likevel kome med tryggande ord til dei som ønskjer å spenne på seg skia denne påska. 

– Det er framleis mogleg å få skiføre i påska berre du veit kor du skal, seier Kåpvik. 

Dei har nemleg kvista over 6500 kilometer med skiløyper i fjellet. Han seier at dei fleste av dei betente DNT-hyttene i fjellet har godt med snø.

Her finn du snø

Hardangervidda

Kåpvik seier det fine snøforhold midt på Hardangervidda og vestover.

Det er mindre snø jo lenger austover ein kjem på Hardangervidda.

– Det er fullt mogleg å gå på ski til både Haugastøl og Ustaoset.

Jotunheimen

I Jotunheimen trekk han fram Fondsbu og Glitterheim som stader med gode snøforhold.

– I Glitterheim blir det meldt om fint føre frå hytta og på toppane i området.

Breheimen

Det er mykje snø rundt Nørdstedalseter, men mindre i dalen rundt Sota Sæter.

– Når du først kjem deg opp på fjellet er det kjempefint å gå på tur, seier Kåvik.

Skarvheimen

Det er bra forhold i Skarvheimen, særleg frå Finse mot Geiterygghytta og Hallingskeid.

– Hardt om morgonen, men slush-forhold utover dagen der sola tar.

I tillegg trekk han fram Tafjordfjella, Ryfylkeheiane, Trollheimen og Sylan som fine stader for å spenne på seg skia.

Kjelde: DNT

Han oppmodar alle som planlegg fjellpåske til å sjekke føremeldingar og ringe betente hytter i området for oppdaterte føreforhold. 

Bypåske

Når halve befolkninga reiser til fjells, blir det god plass igjen i byane. 

Ifølgje VisitOslo, er dei fleste musea og attraksjonane opne i påska, men med noko avgrensa opningstider. I tillegg er det fleire konsertar og utstillingar i påskehelga, og ei rekke aktivitetar for barn. 

I Bergen arrangerer Fløyen tradisjonen tru både påskerebus, karneval og påskeverkstad, i tillegg til ponniriding og matlaging utandørs. 

Det er også mogleg å ta Ulriksbana opp til Ulriken, det høgste av Bergens sju fjell. 

 Elias Engevik / TV 2
UTSIKT: Nyt utsikta frå eitt av Bergens sju fjell, som her på Fløyen. Foto: Elias Engevik / TV 2

I Trondheim, er Voll gard open heile påska. Der kan ein besøke dyra på garden, hoppe i halmbingen eller grille medbringa mat i bålhuset. 

Det er også påskeverkstad på Trondheim kunstmuseum og påskerebus med SeeSalmon. 

Også i Tromsø, kan ein til dømes gå på påskeeggjakt i Tromsøbadet, eller på påskefotball i Lerøyhallen.

Read Entire Article