Han sa under generalforsamlinga i selskapet Berkshire Hathaway laurdag at no overlet styringa til Greg Abel, men ikkje før ved årsskiftet.
Buffett understreka at han framleis vil «halde seg i nærleiken» for å hjelpe til, men at det er Abel som vil ha det siste ordet.
Buffett, som er 94 år gammal, er for tida både administrerande direktør og styreleiar i selskapet.
Den legendariske investoren sa under generalforsamlinga laurdag – som markerte 60 år med han ved roret i Berkshire – at han ikkje ville selje ein einaste aksje.
– Eg meiner utsiktene for Berkshire vil vere betre under Greg si leiing enn under mi, sa Buffett under generalforsamlinga.
Ein av dei som var tilstades under møtet var den norske kapitalforvaltaren Bernt Berg-Nielsen.
– Ein æra er over, seier han til NRK.
Han seier at det var sterkt å vere i salen når han trakk seg.
– Kunne høyre knappenål falle medan han snakka om det, så fekk han ståande applaus, fortel Berg-Nielsen.
Warren Buffett og Bill Gates i samband med lanseringa av det kinesiske elbilmerket Byd i 2010.
Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTBVil gje vekk formuen
Han har blitt kalla «Orakelet frå Omaha» og er kjend for å leve eit roleg og enkelt liv byen der han blei fødd i 1930.
Warren Buffett tok kontroll over selskapet Berkshire Hathaway i 1965 og gjorde det om til eit av verdas største investeringsselskap.
Med ei formue på llag 154 milliardar dollar, er han blant dei rikaste menneska i verda.
Han har tidlegare varsla at vil gje vekk 99 prosent av formuen sin til gode formål. Buffet har blant anna ei veldedig stifting saman med Bill Gates.
Warren Buffett under eit besøk til ein sjokoladefabrikk i 2013.
Foto: John Shearer / AP / NTBUnder generalforsamlinga laurdag snakka han for første gong ope om handelskrigen som USA står midt i.
– Handel bør ikkje vere eit våpen, sa Buffett ifølgje CNBC.
Smålåten mann
Millardæren har i alle år vore oppteken av heimbyen Omaha.
Medan andre med den slags formue kasta rundt seg med pengar, har Buffet sverga til ein enkel livsstil.
Han blir køyrd – eller køyrer sjølv til kontoret i ein Cacillac frå 2014. Kvar dag han er heime, et han frukosten sin på McDonalds.
Noko han sjølv stadfesta i HBO-dokumentaren «Becoming Warren Buffett».
Norske Bernt Berg-Nielsen er trygg på at selskapet til Buffet er bra rigga for framtida.
– Få toppleiarar har vore så tydelege på kultur og etikk som Buffet, så det vil sitte i veggane lenge etter at han er borte, meiner han.
Publisert 03.05.2025, kl. 20.18 Oppdatert 03.05.2025, kl. 23.02