Her har dei vente­lister for trans­tilbod

19 hours ago 4



Ei gruppe studentar og to helsesjukepleiarar sit i ein ring i eit rom på det gamle kjemibygget til NTNU i Trondheim.

I hjørnet står eit bord med eit brett med sjokoladekake, kaffi og te.

I fleire veker har dei møtst for å snakke saman. Fortelje og lytte til kvarandre sine opplevingar med det å vere trans. Altså at dei ikkje kjenner seg heime i det kjønnet som står på fødselsattesten deira.

For 28 år gamle Elsa har det mykje å seie. For det har gått under eitt år sidan ho kom fram til at ho er trans.

Elsa har en hvit lapp med navnet sitt på ei svart T-skjorte. Vi ser ikke ansiktet hennes.

Foreløpig er det mange i livet til Elsa som ikkje veit at ho er trans. Derfor vil ho berre bruke fornamnet sitt.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

– Plutseleg står du jo med ein overveldande vegg av: Kor er livet mitt nå, kva er det eg eigentleg har tenkt, koss skal eg deale med det? Da hjelper det veldig å ha folk i lik livssituasjon som du kan snakke med.

Utsett gruppe

Helse og trivselsundersøkinga for studentar viser dårlege tal for dei som er trans. Blant anna når det gjeld sjølvskading og sjølvmordsforsøk.

– Dei rapporterer generelt mykje høgare grad av psykososiale utfordringar og einsemd, fortel helsesjukepleiar Ragnhild Frengen Wetting.

Undersøkinga, kombinert med éin-til-éin-samtalar med transstudentar, gjorde at studentsamskipnaden i Trondheim såg behovet for eit gruppetilbod.

Helsesjukepleier Ragnhild Frengen Wetting sitter i en stol i et grupperom.

Helsesjukepleiar Ragnhild Frengen Wetting har brukt mykje tid på å lytte til transstudentar sine historier.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

– Det blei fullbooka på under to døgn, med venteliste. Det er ingen kurs og grupper hos oss som har blitt fullbooka så fort nokon gong. Det fortel oss at studentane treng dette, seier Wetting.

I gruppa har studentane både snakka om det som er fint med å vere trans, men også det som er vanskeleg. Som kjønnsdysfori, eit sterkt psykisk ubehag med å leve med ein kropp som ikkje stemmer overeins med den kjønnsidentiteten du har.

– Det skjer seg inn i psyken som ein dom på at du kjem deg ikkje unna dette. Det er nok eit av dei meir kjipe temaa vi har vore på. Men det er også viktig å kunne snakke med andre om, for da lærer du også koss handtere det betre, seier Elsa.

Unge menn mest skeptiske

Hanna Vevatne er ei av dei som stod på venteliste for å bli med på samtalegruppa i fjor haust. I år fekk ho plass.

Ho fortel det er viktig for ho at ho passerer, at andre oppfattar henne som kvinne.

– Fordi da kjenner eg at måten folk oppfattar meg på, samsvarer med koss eg kjenner meg.

En kvinne med navnelapp på skjorta snakker.

Hanna Vevatne seier at mykje av livet hennar har vore prega av ganske intenst sjølvhat, utan at ho visste heilt kvifor.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Hanna, som har fått hormonbehandling det siste året opplever at studentmiljøet i Trondheim er ein trygg stad å vere trans i.

Samtidig er unge menn under 30 meir skeptiske til transpersonar enn nokon andre grupper i Noreg.

I ei stor spørjeundersøking gjort av Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking har nordmenn svart på ulike påstandar.

Der seier kvar femte mann under 30 seg heilt eller delvis einig i at dei reagerer med ubehag når dei møter ein transperson. Vårt Land har tidlegare skrive om undersøkinga.

– Det er definitivt ei merkbar gruppe menneske som er negative. Heldigvis er ein ikkje så direkte i Noreg. Eg trur det hjelper veldig mykje. Det er veldig sjeldan nokon stoppar deg på gata og startar opp ein samtale om kvifor du er «feil», liksom, sier Hanna.

Ho trur manglande forståing av kva det er å vere trans kan vere med å påverke haldningane.

– Inntrykket mitt er at dei fleste som er skeptiske aldri har møtt ein transperson.

Sterke historier

Helsesjukepleiar Wetting og kollega Kristin Fredriksen har vore med på å organisere samtalegruppa. For dei har det vore ein kjenslemessig berg-og-dal-bane.

– Fordi det er mange sterke historier. Det er rørande å oppleve den støtta dei gir kvarandre, og så er det forferdeleg å høyre koss dei kan bli behandla eller kva dei har vore gjennom, seier Wetting.

Helsesjukepleier Ragnhild Frengen Wetting ser mot en person som snakker.

Helsesjukepleiar i Sit Ragnhild Frengen Wetting var spent på koss samtalegruppa for transpersonar ville bli mottatt.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Studentsamskipnaden Sit kjem til å halde fram med tilbodet også i neste semester. I tillegg skal dei arrangere transkafé der folk kan komme utan å melde seg på.

– Her er det eit tydeleg behov, seier Wetting.

  • Koss veit du at du er mann, kvinne eller noko midt imellom? Komikar Lars Berrum spør dei som har brukt meir tid enn dei fleste på å finne ut av det:

Publisert 15.04.2026, kl. 16.27

Read Entire Article