Her har talet på innstilte ferjer auka med 420 prosent: – Det er mannskapskrise

2 hours ago 2



– Eg har ofte opplevd at ferjeavgangar har blitt innstilte. Det har også gått ut over mine to gutar som har blitt for seine til skulen, seier Paula Vadla.

Ho og familien er heilt avhengige av ferje i kvardagen.

Men dei siste månadane har rutetilbodet i Hjelmelandsambandet i Rogaland og andre samband langs heile kysten til tider blitt redusert.

For mange finst det ikkje reelle alternativ.

– Det er litt dumt fordi det er viktig at ungane ikkje blir for seine til skulestart, seier Vadla.

En person som sitter i en bil

Paula Vadla bur i Jøsenfjorden i Rogaland. Det betyr at ho må ta ferje for å komma til kommunesenteret i Hjelmeland kommune.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Må trø til ekstra

Det er stor mangel på norske sjøfolk.

Det gjer det utfordrande å få mannskapskabelen til å gå opp på ferjene langs kysten.

Konsekvensen blir innstilte ferjeavgangar og kø og kaos på dei mest trafikkerte dagane, spesielt sommarstid.

I fjor auka talet på innstillingar på grunn av mannskapsmangel på dei 16 riksvegsambanda i landet på 54,4 prosent, viser ferske tal frå Vegvesenet (sjå oversikt over sambanda under).

Verst var det i Hjelmelandsambandet. Dei gjekk frå 67 innstillingar på grunn av mangel på mannskap i 2024, til 349 i 2025.

– Det er dumt. Spesielt for dei reisande, men òg for oss som jobbar her er det vanskeleg, seier Øyvind Tveitane Lovra.

en svart bil parkert i ferjekø

Lange køar i Hjelmelandsambandet 8. juli 2025. Mannskapsmangel gjorde at Norled måtte innstilla fleire avgangar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Han er administrerande maskinsjef på MF «Hydra» i sambandet mellom Hjelmeland og Nesvik.

Og det er nettopp maskinistar det er stor mangel på for reiarlaga.

Tveitane Lovra får ofte spørsmål om å trø til ekstra på jobb når det blir permisjonar og sjukemeldingar.

– Er det mannskapskrise i Norge?

– Ja, det er det. Det har me også fått merka på kroppen her på ferja.

Maskinsjefen er opptatt av å løfta fram dei maritime utdanningane, og få ungdommen til å velja ei yrkeskarriere på sjøen.

Det er vanskeleg å rekruttera når folka ikkje finst, sjølv om det er unntak. Men det er kjekt å jobba på ferja. Me driftar eit lite samfunn og det er veldig allsidig å jobba som maskinist. I tillegg er det store moglegheiter til utvikla seg, både om bord og på land.

en person i dress

Øyvind Tveitane Lovra trivest godt som maskinsjef på MF «Hydra» i Hjelmelandsambandet. Nyleg rekrutterte han ein ny kollega som har gjort mannskapskabalen litt betre på nyåret.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Norled: – Beklagar

Det er Norled som driftar Hjelmelandsambandet. Reiarlaget er blant dei største i landet og driv ferje- og hurtigbåtsamband frå Oslofjorden til Troms.

– Me beklagar sjølvsagt alle innstillingar, men det er ein bransjeutfordring å skaffa nok sjøfolk. Spesielt maskinistar er det mangel på, seier kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen.

– Korleis jobbar de med rekruttering?

– Heile bransjen jobbar med rekruttering. Me prøver å visa fram moglegheitene i faget, og me må begynna tidleg. Me må få ungdommen til å velja vidaregåande utdanning innan maritime fag.

– Hjelmelandsambandet peikar seg negativt ut. Kunne de gjort meir for å hindra alle innstillingane?

– Me har dessverre veldig mange innstillingar på grunn av mannskapsmangel. Dette fordi det var veldig mange lovpålagde permisjonar blant maskinistane. Når me skal skaffa vikarar er det òg eit samband som krev andre sertifikat på grunn av at ferjene går på straum og hydrogen, seier Gjertsen.

Cathrine Gjertsen, kommunikasjonssjef i Norled

Cathrine Gjertsen er kommunikasjonssjef i Norled og beklagar alle innstillingane i 2025.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Globalt problem

Det er mellom 5200-5.500 personar med aktive maskinoffisersertifikat i Noreg, ifølge Sjøfartsdirektoratet og NHO Sjøfart.

Men mange har høg alder og ikkje alle jobbar som maskinistar på dei om lag 130 ferjesambanda i Noreg.

– Det er stor mangel på maskinistar og maskinoffiserar i heile Noreg, men også i resten av Europa og verda. Dette er ei internasjonal utfordring, seier administrerande direktør i Det norske maskinistforbund, Hege-Merethe Bengtsson.

Forbundet er opptatt av å løfta fram dei maritime utdanningane, og sikra nok skule- og læreplassar.

– Tilbakemeldingane frå skulane er at det er mange søkarar, men også me må kjempa om ungdommen. Reiarlaga må også vera konkurransedyktige når det gjeld lønn og arbeidsvilkår.

Administrerende direktør i Maskinistforbundet, Hege-Merethe Bengtsson

Administrerande direktør i Det norske maskinistforbund, Hege-Merethe Bengtsson.

Fleire dispensasjonar

Utfordringane med å skaffa mannskap gjer at reiarlaga må søka om dispensasjon frå regelverket om kvile- og arbeidstider.

I 2025 gjorde Sjøfartsdirektoratet 89 vedtak om dispensasjon. Dette inkluderer både langvarige og kortvarige dispensasjonar.

Det får Bengtsson i maskinistforbundet til å reagera.

– Reglane om kviletid er til for å overhaldast. Me opplever at når det er press på regulariteten i sambanda, er det arbeidstakarane som kjem i klem. Arbeidsgivar ønsker dispensasjon frå regelverket for å unngå forseinkingar og driftsstans. Det er veldig uheldig.

En båt i vannet

Hjelmelandsambandet har hatt utfordringar med innstilte ferjeavgangar i 2025, men på nyåret har rutene vore stabile.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Sjøfartsdirektoratet poengterer at alle søknadar om dispensasjon blir behandla individuelt og vurdert ut frå handlingsrommet i regelverket.

Då nye retningslinjer blei innført i april i fjor var det ein del saker på vent, noko som gjer at talet på vedtak i 2025 kan vera noko høgare enn eit normalår.

– Så vil nok nokon meina at me innvilgar for ofte, mens fleire aktørar meiner me er for strenge, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Også Sjøfartsdirektoratet deler bekymringa rundt rekrutteringa til maritime yrke.

– Særleg har me ein veg å gå for å få fleire kvinner inn i maritim næring. Skal me klara å rekruttera nok dyktige folk, må me rekruttera frå heile befolkninga, noko som også blir peika på i regjeringa sin likestillingsstrategi for maritim næring, seier Aarhus.

Publisert 26.01.2026, kl. 17.27

Read Entire Article