Her «klikkar» Solbakken på Noreg-spelaren: – Typisk Ståle

2 hours ago 2



– Heilt sjukt. Det er vanskeleg å sette ord på det. Eg blei berre kasta inn i det.

Det seier Marcus Holmgren Pedersen til NRK om det som blei ein langt travlare kveld på jobben enn han, og dei fleste andre, hadde rekna med.

Berre tolv minutt ut i kampen mot Senegal, på stillinga 0-0, gjorde Julian Ryerson byteteiknet og måtte forlate banen med skade.

Inn skulle Pedersen kome, men TV-bilda viste at landslagssjef Ståle Solbakken ikkje var heilt fornøgd med kor hurtig høgrebacken gjorde seg klar.

KASTA INN: Marcus Holmgren Pedersen fekk plutseleg VM-debuten, mot sjølvaste Sadio Mané.

Foto: VINCENT CARCHIETTA / REUTERS,NTB

Mektig irritert

Landslagssjefen gestikulerte med armane og var tydeleg sint og frustrert på tidsbruken.

– Det er litt typisk Ståle, seier han med eit litt tilbakehalde flir.

– Han er engasjert. Men eg måtte berre behalde roa, komme inn og gjere den jobben som trongst, legg han til.

  • Solbakken med klar beskjed mot Holmgren Pedersen

    TYDELEG: Ståle Solbakken viste sterke følelsar under kampen mot Senegal. Marcus Holmgren Pedersen fekk høyre det frå landslagstrenaren då han ikkje var klar til innbyte.

    Foto: Fifa
  • Fleire politibetjentar og vakter er ved sidan av ein benk der fotballspelarar sit. Ein spelar bøyer seg ned ved ein Powerade-kjøler. Bak dei er det synleg #FIFAWorldCup-logo. Det er også fleire flasker med vann. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    KJAPPA PÅ: Pedersen stod framleis med overtrekksdrakt og måtte hive ho av seg då Solbakken ropte på han.

    Foto: Fifa
  • Ein fotballspelar blir tatt hand om av ein medarbeidar på benken. To personar står bak dei. Bakspillerne sit på benken. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    SISTE ORD: Solbakken gav Pedersen ein klapp på hovudet og sa truleg nokre velvalde ord før han sende han på banen.

    Foto: Fifa

Likevel kjente han på pulsen da beskjeden kom. Hammerfestingen har 33 landskampar, men førre teljande landskamp kom heilt tilbake til Italia-kampen på Ullevaal i juni i fjor.

Sidan då har Julian Ryerson spelt alle obligatoriske kampar for Noreg og gjort plassen til sin eigen.

– Eg kjenner jo at pulsen går opp. Eg var litt førebudd på det sidan han (Ryerson) har slite med ein liten skade. Då eg kom inn tenkte eg berre på oppgåvene mine. Eg har trena og førebudd meg godt, seier han.

Holmgren

JUBEL: Slik såg det ut etter at Marcus Holmgren Pedersen sette inn 1–0.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Skåra sitt første for Noreg

Og snakk om å ta vare på sjansen. To minutt før pause sende han Noreg opp i 1-0-leiing med ei kontant avslutning frå 10 meter.

Dette var hans første skåring i landslagsdrakta.

– Målet går berre på instinkt. Eg tenker berre at eg skal prøve å treffe mål. Då eg såg han gå inn ... ei slik kjensle eg aldri har kjent før. Det er vanskeleg å beskrive, seier han.

SJÅ VIDEO: Innbytar Marcus Holmgren Pedersen sende Noreg i leiinga mot slutten av den første omgangen.

Den manglande kamptreninga gjorde sitt utslag mot slutten av kampen.

Då fekk Pedersen så kraftig krampe at han måtte ha behandling, som ut frå dei nye VM-reglane medførte eit minutt pause på sidelinja før han fekk komme inn på banen att.

Fullroser Pedersen

Etter kampen var Ståle Solbakken ferdig med skyljebøtta mot Pedersen.

På pressekonferansen hylla landslagssjefen innhoppet til hammerfestingen.

– Det var fantastisk. Han har sett veldig bra ut på trening og, seier Solbakken og legg til:

– Han har eit mål og ein målgivande pasning, i tillegg til at han speler mot Sadio Mané heile kampen, som er ein veldig lur spelar. Det var veldig bra gjort av Marcus.

Solbakken har rett i at Pedersen skåra eit mål. Det var likevel Patrick Berg som hadde målgivande pasningen på det tredje målet. Pedersen var rett nok tredje sist på ballen.

I tillegg til å fullrose Pedersen, er Solbakken full av lovord om den norske forsvarsfiraren og Ørjan Nyland mot Senegal.

– Dei gjer ein veldig god kamp. Strukturen, måten dei behandlar Nicolas Jackson på, og måten Holmgren Pedersen behandlar Mané på, var veldig bra. Det blir mykje innlegg ein periode, men dei var flinke til å ta ut det. All ære til forsvarsfiraren og Ørjan, seier Solbakken til NRK.

Noregs gruppespel blir avslutta med kamp mot Frankrike 26. juni. Den blir sendt på NRK.

Publisert 23.06.2026, kl. 12.20

Read Entire Article