Her startar Else Kåss Furuseth valkampen for Ensomhetspartiet

1 month ago 20



På måndag leverte ho vallista til Oslo rådhus i aller siste liten.

Onsdag ettermiddag gjesta Else Kåss Furuseth Vinnherred-konferansen i Verdal, det første oppdraget komikaren har gjort med partileiar-hatten på.

Dermed er valkampen til Ensomhetspartiet offisielt i gang.

Else Kåss Furuseth på Vinnherred-konferansen

Stort oppmøte i Verdal under Vinnherred-konferansen 2025.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

La vekt på møteplassar

Vinnherred-konferansen, som mellom anna har som føremål å styrke samhaldet i regionen, inviterte den ferske partileiaren for å få hennar innspel rundt einsemd i eit lokalmiljø.

Ensomhetspartiet går til val på å overvinne nettopp einsemd, utanforskap og sjølvmord.

Med politikarhatten på, prata Furuseth om viktigheita av møteplassar.

– Vi vil ikkje berre gje meir pengar til psykolog i nærmiljøet, det handlar også mykje om korleis det er i nærmiljøet. Og då kjem vi inn på lokalmiljø, bustadpolitikk og sjølvmordsførebygging, sa den ferske politikaren på «kickoffen».

Else Kåss Furuseth på Vinnherred-konferansen

Else Kåss Furuseth har offisielt gått inn i valkampen for Ensomhetspartiet. Under kickoffen i Verdal prata ho om viktigheita av møteplassar, og at vi må ta vare på dei rundt oss som ikkje berre er familie og vener, men naboar og kollegaer også.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ønskjer å få folk til å bli i distriktet

Kent Are Helden er ein arrangørane av Vinnherred-konferansen. Han synest Ensomhetspartiet sine innspel trefte midt i blinken.

– Det er ein kamp å få folk til distriktet. Då må vi ta i mot dei som kjem, sørge for at dei blir verande og ikkje endar opp einsame og ikkje inkluderte i lokalsamfunnet, sa Helden.

Kent Are Helden

Kent Are Helden håpar fleire vil busette seg i Innherred, og at dei som kjem også blir verande.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Else Kåss Furuseth og Ensomhetspartiet stiller ikkje til val i Verdal eller Trøndelag, berre i Oslo. Likevel skal partileiaren reise rundt i Noreg på vegner av partiet for å løfte einsemdstematikken og engasjerande lokalmiljø.

Dette engasjementet for nettopp lokalsamfunnet er ein av fanesakene til Ensomhetspartiet.

Politikardebuten førte til tiltak

Dei politiske ambisjonane fram mot valet kallar Else realistiske.

– Ambisjonane våre er at vi blir meir opptekne av korleis vi har det året rundt og ikkje berre på verdsdagen for psykisk helse. Vi håpar også på meir fokus og kraft rundt nullvisjonen for sjølvmord.

Else Kåss blir intervjua på scena under Vinnherred-konferansen.

Else Kåss Furuseth vart intervjua under Vinnherred-konferansen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Trass i at publikummet, som bestod av lokalbefolkning og næringsliv, ikkje kan stemme på Furuseth på valdagen 8. september i år, fekk partileiaren likevel gjennom forslag.

Eitt av tiltaka er at kvar nye innflyttar får ein lokal «innflyttarfadder».

I tillegg vil næringslivet no sjå på moglegheita for å bygge ei badebrygge som dei håpar kan bli ein viktig møteplass i framtida.

Publisert 02.04.2025, kl. 20.54

Read Entire Article