Her vil dei starte opp ein tannhelsebuss

5 hours ago 3



Som eit svar på nedlagde pass- og ID-kontor, og for å nå ut til alle i distrikta, blei det for eit par år sidan oppretta ein passbuss.

Det køyrer også mammografibussar og bibliotekbussar rundt om i landet.

No vil Nordland fylkeskommune også ha det offentlege tannhelsetilbodet på hjul.

– Vi kan gi eit betre tilbod til barn, unge og ei aldrande befolkning og til, seier fylkesråd Lise Henriette Rånes.

For dei fleste kundane til dei offentlege tannlegekontora er gjerne barn, unge og dei eldre.

Men når det fødast færre barn, og stadig fleire eldre anten bur på omsorgsheim eller treng hjelp til å komme seg til tannlegen, må det tenkast nytt rundt tilbodet.

– Ved å kunne køyre ein sånn buss heilt inntil ein sjukeheim eller ein omsorgsbustad, og du kan trille pasientane ut ytterdøra og rett inn i ein sånn buss, gjer det mykje enklare å treffe denne målgruppa, seier Rånes.

Slit med å få tak i fagfolk

Førebels er Nordland det første fylket som ser på å kjøpe ein slik buss, men fleire andre fylke følgje spent med på prosjektet:

  • ein person som står i snøen

    Sunniva T. Gaski / Finnmark fylkeskommune

    Finnmark:

    Leiar for tannhelsetenesta i Finnmark, Marit Nordstrand seier nokre av klinikkane slit med å rekruttere tannhelsepersonell, men at dei ikkje har planar om ein tannklinikk på hjul.

    – Dette er eit spennande tiltak og vi følger med på korleis dette vil fungere i Nordland. For vår del er det per tida lite aktuelt å innføre eit slikt tiltak all den tid at vi har klinikkar i alle kommunar.

  • en bygning med et skilt på

    Lars Tore Endresen / NRK

    Telemark:

    Fylkestannlege Live Lid Breiland seier dei har høyrt om tannhelsebussen, men har ingen planar om å kjøpe ein.

    – Foreløpig avventar vi erfaringar frå andre fylke.

    I staden har dei ein mobil behandlingsstol med røntgen.

    – Det er primært det mobile røntgenapparatet som har vore prøva ut til no, der det har vore nødvendig for akutt diagnostikk å ta bilde av pasientar som ikkje kan kome seg til klinikken.

  • Fylkestannhelsesjef i Rogaland Alf Erik Malm

    Rogaland fylkeskommune

    Rogaland:

    Sjefen for tannhelse i Rogaland, Alf Erik Malm seier at dei er nysgjerrige på korleis ein slik tannhelsebuss vil fungere i praksis, men at dei ikkje har plana om å skaffe seg ein.

    – Eg trur det er eit spennande tiltak som saman med ny teknologi kan vere eit bidrag til å auke tilgjengelegheita for fleire pasientgrupper.

  • et blått skilt med kvit tekst

    Gorm Kallestad / NTB

    Trøndelag:

    Fylkestannlegen i Trøndelag, Bjørnar Hafell seier dei har utfordringar med å fylle stillingar langs kysten, men at ein tannhelsebuss ikkje er løysinga.

    – Vår vurdering har vore at det ser ut til å vere ei kostbar driftsløysing. Personellet må bruke av arbeidstida si i buss for å flytte seg frå stad til stad, slik at det blir færre timar igjen til pasientbehandling.

  • Ein bygning med parkeringsplass

    Frederik Winness Ringnes / NRK

    Møre og Romsdal:

    Fylkestannlege Tone Nord seier at tannhelsetenesta i Møre og Romsdal også har ein desentralisert klinikkstruktur, med mykje av dei same utfordringane som Nordland, men at dei ikkje har plana om å skaffe seg ein tannhelsebuss.

    – Det er inga planar om anskaffing av slike i Møre og Romsdal per i dag, men vi følgjer med på eventuelle erfaringar frå andre fylke. Som i dette dømet med Nordland.

  • Fylkeshuset i Bergen

    Simon Skjelvik Brandseth / NRK

    Vestland:

    Seniorrådgivar Siri Espedal Vold i tannhelsetenesta i Vestland, seier at fylkeskommunen behandla eit liknande mobilt tannhelsetilbod i november i 2023, men det blei ikkje gjennomført.

    – Fylkestinget støtta framlegget om å ikkje opprette eit mobilt tannhelsetilbod, men heller utvikle gode og framtidsretta tenester i tråd med temaplanen til tannhelsetenesta i Vestland.

Det er også fordi fleire står i same situasjon som Nordland. Dei slit med å få tak i fagfolk i distrikta.

Til dømes foreslår Agder å legge ned 18 av 28 tannklinikkar, medan Vestland jobbar med å utarbeide ein ny struktur for tannhelsetenesta.

– På lik linje med andre offentlege tannhelsetenester har Vestland utfordringar med kapasiteten. Tannhelsepersonellet og deira arbeidstid er den ressursen det er størst manko på, seier seniorrådgivar Siri Espedal Vold i tannhelsetenesta i Vestland.

Klinikkar står tomme

Tannhelsetenesta i dag krev høg kompetanse, spesialisert utstyr og tverrfagleg samarbeid.

Og Nordland fylkeskommune meiner at fagmiljøa i den offentlege tannhelsetenesta ute i distrikta er for små og sårbare for fråvær.

Fylkestinget har også vedtatt i økonomiplanen sin dei neste tre åra, å spare 9 millionar kroner på tannhelse.

Derfor vil dei gjere noko med klinikkstrukturen, og bad om ein rapport på dette.

Den foreslo å legge ned og slå saman fleire klinikkar, noko som har blitt møtt med kritikk frå blant anna ordføraren i Evenes.

Og som løysing på dette foreslår altså fylket no å sette inn enn tannhelsebuss i staden.

– Ein mobil tannklinikk kan gi tannbehandling der klinikkar blir slått saman, og også nå ut til stader som tidlegare ikkje har hatt eit nært tannhelsetilbod. Skal vi sikre ei tannhelseteneste som leverer høg kvalitet også i framtida, må vi bruke ressursane smartare, seier Rånes.

Fylkesråd for utbygging og eiendom, Lise Henriette Rånes i en tannlegestol, med Bjørn Larsen, mens fylkesråd for næring (Frp) holder en borr.

Fylkesråd for utbygging og eigedom, Lise Henriette Rånes understrekar at ingen av desse skal miste jobben.

Foto: Nordland Fylkeskommune

Dei ti klinikkane som står i fare for å bli lagde ned, er til vanleg tomme for fagpersonell. Det er nemleg eit omreisande team av tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar som dukkar opp eit par dagar i veka.

Dette gjer også fylke som, Trøndelag, Møre og Romsdal og Finnmark.

Ifølge fylkesråden i Nordland er det dyrt å la klinikkane stå tomme fleire dagar i veka. Dette opplegget gjer også klinikkane sårbare for fråvær.

– I Bindal for eksempel, så har vi ikkje kunna gi det tilbodet der på fleire månader, for vi har ikkje hatt nokon til å reise ut. Når vi må sende ut tannlege og tannpleiar, så blir det eit dyrt tilbod for fylkeskommunen, all den tida vi har tannlegestolar som står tomme, seier ho.

10 millionar kroner for ein buss

Detaljane rundt tannbussen er ikkje klare enno, men Rånes ser anten for seg to bussar som køyrer i Salten og på Helgeland, eller ein buss som køyrer rundt i heile fylket.

Inspirasjonen til dette er henta frå nabolanda Danmark og Sverige.

– Det dei gjer i Sverige, er at bussen blir køyrd ut og blir sett, for eksempel, utanfor ein skule eller ein sjukeheim, og så blir han kopla på straum og vatn. Der står han kanskje 14 dagar, før han blir henta, reingjord og køyrd vidare.

Lise Henriette Rånes sitter i en tannelgestol

Fylkesråd Lise Henriette Rånes seier at ein tannhelsebuss vil koste rundt 10 millionar kroner.

Foto: Nordland fylkeskommune

Og prislappen?

Rundt 10 millionar kroner per buss.

Saka er no ute på høyring og det endelege forslaget skal behandlast av fylkestinget i oktober.

Rånes seier det er lagt opp til ein lang høyringsfrist, og vil at alle kommunane i Nordland skal komme med ei tilbakemelding om dei meiner dette er ein god ide.

– Viss kommunane ønsker dette velkommen, er det ønskeleg for oss å ta det eit steg vidare. For å undersøke kor mange bussar vi treng i Nordland.

Publisert 04.07.2025, kl. 16.32

Read Entire Article