Her vurderer dei å ta 1000 kroner for ei gravferd

1 week ago 11



Gravferd i kyrkja skal som hovudregel vere gratis for alle kyrkjemedlem som bur i kommunen.

Men i Etne i Vestland må du kanskje betale ei ekstra avgift om du vil gravlegge dine kjære i ei spesifikk kyrkje.

Etne kyrkjelege fellesråd vurderer nemleg å krevje 1000 kroner i ein straumavgift for gravferd i vinterhalvåret i dei tre eldste kyrkjene, skriv avisa Grannar.

Årsaka er økonomiske utfordringar, der særleg straumprisane har vore krevjande i dei gamle kyrkjene.

– Driftstilskotet som kyrkja er avhengige av strekker dessverre ikkje til dei vanlege driftsutgiftene, og kyrkja har ikkje lenger økonomiske reservar til å tære på, seier Gerd Ingunn Opdal, leier i Etne kyrkjelege fellesråd til NRK.

Derfor ser Fellesrådet på korleis auke inntekter og redusere utgifter, og har lagt fram tre forslag.

  1. Halde fram med gratis gravferd i dei gamle kyrkjene, også i vinterhalvåret.
  2. Ha gravferd i dei gamle kyrkjene mot ein ekstra kostnad.
  3. Stenge dei tre gamle kyrkjene.

Opdal understrekar at det framleis vil vere gratis gravferd i dei andre kyrkjene i Etne, uansett kva som blir vedtatt.

Kva for eit alternativ kyrkja går for blir avgjort på årsmøtet i Etne sokn søndag, men det er biskopen som skal ta den endelege avgjerda.

Høge straumprisar og fallande finansiering

Direktør for politikk, leiing og innovasjon i hovudorganisasjonen KA, Jens A. Bjelland har ikkje høyrt om liknande forslag som det i Etne, men forstår kvifor dei vurderer ei slik gravferdsavgift.

Han viser til at mange kyrkjelege fellesråd har måtte stenge gamle kyrkjer om vinteren fordi det blir for kostbart å halde dei ope.

– Forslaget i Etne kan vere eit forsøk på å framleis kunne tilby gravferder i ei tid der straumprisane er høge, og kommunen si finansiering av lokalkyrkja blir mindre.

Undersøkingar KA har gjort viser at kommunane brukte 1,05 prosent av budsjettet sitt på kyrkja for åtte år, mens dei i dag bruker under 0,8 prosent.

I tillegg får ikkje kyrkja straumstøtte, slik som andre frivillige- eller religiøse organisasjonar.

Jens A. Bjelland står utenfor en barnehage. Han smiler og ser rett i kamera.

Jens A. Bjelland i KA viser til at kyrkjene har ei fallande finansiering får kommunane.

Foto: KA

Også direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet stadfester at økonomien er dårleg for mange kyrkjer.

I verste fall betyr dårleg økonomi at det er vanskeleg å halde oppe ei landsdekkande folkekyrkje, både når det kjem til prestetenester og å halde kyrkjene opne.

Ho understrekar at det er mange samfunnssektorar som har dei same økonomiske utfordringane som kyrkja.

Vurderte å stenge kyrkjer

Kyrkjene har lenge merka dyrtid og auka straumutgifter.

Tidlegare i år blei kyrkja på Stord i Vestland i praksis stengd etter at ho fekk 2,1 millionar kroner frå kommunen mindre enn det dei bad om.

I 2022 vurderte meir enn 30 kyrkjelege fellesråd å stengje kyrkjer på grunn av dei høge straumprisane.

Same år foreslo regjeringa ei ekstraordinær straumstøtte på 30 millionar kroner for at kyrkjene ikkje skal måtte stengje i julehøgtida.

Støtta var mellombels og gjaldt for områda med høgast straumpris. Det vil seie kyrkjesokna sør for Dovre og Sognefjorden.

Publisert 20.04.2024, kl. 11.20

Read Entire Article