Pengar, sex og konflikt er alltid underhaldande, men ikkje veldig originalt. Det er likevel verdt å lesa Ravatn sin nye roman.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Agnes Ravatn: «Doggerland». Roman. 212 sider. Samlaget.
Det er kanskje på kanten til æreskrenking å hevda at ein forfattar som har kritisert bruken vår av sosiale medium kjem til å bli populær på TikTok. Det er likevel kvalitetar ved “Doggerland” som har potensiale til å nå bokinfluensarar. At handlinga føregår på ei aude øy kor ei avgrensa gruppe karakterar oppheld seg utan fluktmoglegheiter, skaper assosiasjonar til Lucy Foley med bøker som «Gjestelisten» og «Jaktselskapet» som har blitt populær på sosiale medium-plattformar. Den smått patetiske Jesper Holt, som skal hjelpa hovudpersonane med å koma overeins, er ein meir norsk og lovlydig, men mindre karismatisk utgåve av Masha i «Ni vilt fremmede» av Lorraine Moriarty.
Men der Moriarty og Foley har eit teoretisk forhold til litterær kvalitet, viser Ravatn korfor ho er ein av våre beste forfattarar. Ho har henta fram nokre av mysteriegrepa frå «Dei sju dørene» som kom ut i 2019, men utan like stor påverknad frå krimlitteraturen.
I sentrum av handlinga står Høst-familien som driv og eig det 150 år gamle forlaget Høst. Myrna, martriark og forlagsredaktør, blir 70 år, og familien blir invitert til det dei trur skal vera ei bursdagsfeiring, men som viser seg å vera ei strategisamling. Målet? Å finna ut av kven av barna, Filip eller Henny, som skal ta over forlaget.
Her er det høge hælar som klakkar mot golva, ein velutvikla foraktfull tone og stort potensiale for dårleg og klein stemning. Eg-personen i forteljinga er Edda, redaktør i forlaget, gift med Filip og svigerdottera til Myrna. Edda har sjølvsagt eigne hemmelegheiter, hemmelegheiter som trugar med å velta både familien og forlaget, og når det dukkar opp eit manus som tilsynelatande omtaler desse hemmelegheitene, bidreg det til å skapa både indre og ytre spenning.
I starten av romanen blir det kasta opp mange ballar, og som lesar lurer ein på kor ballane landar, og kor mange som i så fall landar hardt i hovudet på karakterane. Som erfaren lesar av halvdårlege mysterieromanar, forstår eg at nesten alt som blir kasta ut utan å bli forklart er relevant, og dette gir eit driv i forteljinga. Det er umogleg å ikkje lesa vidare, og det er svært underhaldande. Det blir likevel for lett å kopla saman dei lause trådande, og når avlsløringar kjem på løpande band får dei ikkje same effekten som dei kunne hatt dersom Ravatn hadde hinta mindre undervegs.
Det som er spesielt ved «Doggerland», er korleis Ravatn klarer å dra inn debattar om lesekrise, omstilling og seksuell trakassering i forlagsbransjen i eit skjønnlitterært format. Filip og Henny har kvar sine versjonar av kva som skal til for å redda forlaget. Idealisme kjemper mot pragmatisme, og sjølv ikkje psykolog og hotelleigar Jesper Holt, som har generasjonsskifte som spesialitet, klarer å bygga bru mellom dei to verkelegheitsoppfatningane. Det kan likevel bli for mykje av det gode, og eg får lyst til å stemma i når Edda utbryt «Me orkar ikkje, Henny», etter litt for mange monologar om kor umoderne litteratur har blitt.
Den siste innvendinga mi mot romanen, er at Myrna som karakter ikkje har dei mystiske og kontrollerande trekka eg hadde forventa av sjefen for ein rik sossefamilie kor kjensler skal undertrykkast og barn skal oppdras av KI. I staden for bleiknar ho bort i bakgrunnen og kjem sjeldan til orde. Det er synd.
Det som er svært oppløftande, er Ravatn sin humor. Har du lurt på korleis «humaniora med ein touch av næringsliv» ser ut? Svaret finn du i denne velskrivne og underhaldande romanen. Trass i alle svakheiter, trur eg ikkje du vil angra.
Publisert:
Publisert: 25. november 2025 09:36

3 hours ago
2












English (US)