GJESTEKOMMENTAR: Nasjonalt må Høgre bestemme seg for om dei vil bli likare Frp. Det spørst om erfaringane frå Stavanger freistar.
Svein Erik Tuastad
Statsvitar og dr. polit., UiS
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Kanskje dei mest interessante spørsmåla året 2025 etterlet seg i norsk politikk, gjeld kva som skjer på høgresida når Framstegspartiet veks og får større sjølvtillit. Kva gjer eit sterkare og meir sjølvbevisst Frp med samarbeidsklimaet i norsk politikk? Og kvar går Høgre?
I valkampen før Stortingsvalet tillét Frp seg å kritisere samarbeidspartnarane temmeleg hardt. I Stavanger den siste tida har vi sett det same i ei mykje hardare utgåve. Det enda opp med at Frp røysta for, og dermed sikra fleirtal, for den raudgrøne opposisjonen sitt budsjett med meir eigedomsskatt. Men motstand mot eigedomsskatten er jo den store hjartesaka til Stavanger Frp. Difor likna det eit hemntokt.
No må ordførar Tormod Losnedal (H) stå til ansvar for eit budsjett han ikkje er for. Det skapar uorden med omsyn til politisk ansvar. Men på den andre sida er ikkje skilnaden mellom budsjettforslaga veldig stor. Politisk innhald kan til sist verte underordna konsekvensane det får for det politiske samarbeidet.
Frp slepp lettare unna
Det bør skiljast mellom samarbeidsstilen til Frp på den eine sida og det politiske innhaldet til partiet, og avstanden til resten, på den andre. For dette er ikkje det same. At ein kjenner seg svikta av samarbeidspartnarane, betyr ikkje at ein har politisk rett. Det kan jo vere at ein berre har ein lågare terskel for å bråke.
Henrik Asheim, innstilt som attvald nestleiar i Høgre, hadde ein god refleksjon i ein podkast nyleg. Han sa Frp slepp unna med mykje meir enn Høgre gjer. Om til dømes folk frå Høgre og Frp uttaler seg i avisintervju, vil folk forvente noko anna av Høgre enn Frp. Høgre vert halde ansvarleg opp mot ein høgare standard. Eg meiner det er godt sagt, utan at intensjonen til Asheim var å snakke ned Frp.
Til dømes i Stavanger-politikken har måten ein omtalar samarbeidspartnarar på, konsekvensar for det politiske klimaet. Samarbeid krev at ein også ser saker frå dei andre sitt perspektiv. Det er ikkje berre Frp som har saker dei meiner er avgjerande viktige, som tidlegare ordførar Sissel Knutsen Hegdal peika på; det har jo alle.
Erfaringane i Stavanger kan ha nasjonal interesse. At Frp kan vere eit reelt systemkritisk parti med stort truverd hos kjerneveljarane, har ein pris. Valkampen og budsjetthavariet i Stavanger indikerer at Frp som ugrei lagspelar i den borgarlege leiren vert ei strategisk hovudsak å finne ut av på borgarleg side.
Eit anna nøkkelspørsmål gjeld Høgre sin politiske profil. Kan Høgre kombinere ønsket om å vere friskare og å vinne tilbake veljarane dei har mista til Frp, men samstundes vere det moderate og trygge styringspartiet?
Klima som testsak
Ekstremvêret aukar, men klimapolitikk er ikkje i vinden. I miljøpolitikken, om det er klimapolitikk, naturvern eller energisamarbeidet med EU, er avstanden like stor mellom Venstre og Frp som han er mellom MDG og Senterpartiet. Klimapolitikk kan vere ei testsak på om «Nye Høgre» vert som før eller går i retning Frp.
I ulike intervju med den føreslåtte leiartrioen i Høgre oppfattar eg at Ola Svenneby står nærare Frp i klimapolitikken enn Ine Eriksen Søreide og Henrik Asheim som vil føre linja til Erna Solberg vidare. Vil Svenneby gjere Høgre likare Frp? Det er ikkje sikkert. Kanskje nyorienteringa til Svenneby og andre gjeld å få ein meir effektiv politikk for pengane.
Dessutan kan ikkje Høgre risikere å halvere oppslutnaden om nye «opprørssaker» oppstår, som bompengesaka for nokre år sidan. Det er interessant om Høgre vil få til å fornye klimapolitikken ved å skulle innfri klimamåla på ein meir effektiv måte med folkeleg støtte – for det er lettare sagt enn gjort.
Når det gjeld politisk profil, kom det nettopp ei interessant avklaring med omsyn til å delta i ein skattekommisjon med sikte mot forlik om skattepolitikken. Utanom Frp vart alle partia, inkludert Høgre, til slutt med i kommisjonen.
Om Høgre maktar fornye seg og få ein meir kritisk, men likevel ansvarleg profil er eit av dei store politiske spenningsmomenta i det nye året.
Mitt politiske nyttårsønske
Formannskapsmodellen skal fremje konsensus ved at også mindretalet får posisjonar og vert teke omsyn til. Men i fleire av dei større byane ser vi ein tendens til at ein praktiserer ein formannskapsmodell som liknar det parlamentariske systemet med skarpare skilje mellom fleirtalsparti og opposisjon. Til dømes har det i Stavanger bystyre dei siste valperiodane vore vanleg at fleirtalspartia fordeler alle utvalsleiarane og nestleiarane berre mellom eigne parti.
Ein meir krevjande økonomisk situasjon for kommunane, også Stavanger, kallar på ideala i formannskapsmodellen der parti samarbeider godt. Om det skjer, kan det verte eit uventa, positivt utfall etter årets budsjetthavari på borgarleg side.
Utfordringane i vår tid krev samarbeidsånd. Det politiske nyttårsønsket mitt som medborgar er betre samarbeid i politikken – og gjerne på tvers av blokkene også.
Publisert:
Publisert: 25. desember 2025 12:47

2 hours ago
2












English (US)