Ikkje før det hadde blitt stille etter regionreforma, tar Høgre til orde for ei ny kommunereform.
– Vi må vere modigare. Alle veit at færre kommunar er vegen å gå, men politikarane må våge å seie det høgt, seier Nikolai Astrup (H).
Det siste halvåret har han leidd arbeidet med å forme ut ny politikk til Høgre sitt landsmøte i februar. Desse sit i arbeidsgruppa.
Kjernebodskapen i den nye resolusjonen er at Noreg har for mange små kommunar og at det «trengst kraftfulle incentiv» for å teikne noregskartet på nytt.
Resepten vil få det til å skjelve i mange ordførarkontor:
Talet på kommunar må kraftig ned – om naudsynt med tvang (sjølv om Astrup unngår å bruke t-ordet):
– Hovudlinja er frivilligheit, men vi erkjenner at det må kraftige incentiv på plass for å få resultat.
Sjå heile resonnementet om «t-ordet» under.
– Då vi sat i regjering sist, blei det slått saman ein del kommunar. Den gongen var ikkje krisa like akutt som no. No er behovet enda større, og folk ser at vi ikkje kan halde fram med det same, seier Astrup.
Foto: NTB– Krisa er akutt
Det er 357 kommunar i Noreg i dag. I tillegg til å vere tenesteleverandørar, er dei demokratiske arenaer og identitetsmarkørar.
Venteleg vil reaksjonane på det nye Høgre-forslaget vere krasse.
Astrup seier målet er å skape kommunar med nok innbyggarar til å bere tunge fagmiljø innan helse, skole og omsorg.
– Det seier seg sjølv at ein kommune med under 1.000 innbyggarar ikkje kan ha den same kompetansen som ein på 15.000, seier Astrup.
– Det er heilt sjølvsagt, og det må vi vere modige nok å seie. Høgre inkludert.
Den nye resolusjonen er også omtalt i VG og Nettavisen.
Vil legge ned fylkeskommunen
I 2023 konkluderte Generalistkommuneutvalget med at ingen norske kommunar klarer å løyse alle 220 oppgåvene dei skal yte til innbyggjarane sine.
Som «gulrot» til «reform-trøytte» kommunar foreslår arbeidsgruppa til Høgre at Kommune-Noreg skal få meir makt over eigne pengar.
Arbeidsgruppa foreslår i tillegg å legge ned fylkeskommunen, og å dele oppgåvene deira mellom staten og dei nye storkommunane.
I november fremja partiet eit forslag til Stortinget om at tida var inne for å gjere kort prosess og avvikle fylkeskommunen «innan få år».
Fleire kommunar er i ferd med å knele
Bakgrunnen for forslaga er nye og dystre framskrivingar.
Ifølge Kommunekommisjonen, som la fram sin første rapport fredag morgon, er norske kommunar i ferd med å knele under vekta av oppgåver, rapporteringskrav og auka kostnader.
Konklusjonen er ikkje at kommunane må slå seg saman til større einingar, men rapporten går langt i å antyde at fleire bør ta nabopraten. Sjå den faktiske ordlyden her.
Unio-leiar Steffen Handal følgde framlegginga av rapporten fredag morgon:
– Det er viktigare at befolkninga får eit solid, fagleg velferdstilbod enn at kommunegrensene held fram med å vere som dei er, seier han.
– God og kompetent bemanning med sterke fagmiljø og fagfellesskapar er avgjerande for kvaliteten på tenestene. Mykje viktigare enn talet på kommunedirektørar og rådhus.
– Det er viktigare at befolkninga får eit solid, fagleg velferdstilbod enn at kommunegrensene held fram med å vere som dei er, seier Steffen Handal.
Foto: Ksenia Novikova / NRKPublisert 09.01.2026, kl. 16.43

















English (US)