Høgsterett: Arne Bye blir ikkje lauslaten frå varetekt

1 day ago 7



Sist veke blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta framstilt for varetektsfengsling.

Bye ønska å bli lauslaten, men Trøndelag tingrett forlenga fengslinga og bestemde at Bye kan bli heldt i varetekt i åtte nye veker.

Han anka avgjerda til lagmannsretten. Dei forkasta anken og Bye anka deretter til Høgsterett.

Fredag er det klart at Høgsterett sitt ankeutval har forkasta anken.

Bye sin forsvarar, Frode Wisth, fortel at dei tar Høgsterett sin avgjerd til etterretning.

Vi hadde hatt eit ønske om å få litt betre arbeidsvilkår, seier Wisth til NRK om førebuingar til ei eventuelle ankesak.

Vi har behov for tett klientkontakt for å førebu forsvaret.

Legekontoret i Frosta kommune. Man ser toppen av inngangspartiet der det står "Legekontor". En fugl flyr over inngangspartiet.

Trøndelag tingrett fant Bye skyldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang. Bye har anka dommen.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

Meiner det er vanskeleg å førebu seg til ankesak

Etter ei over tre månader lang rettssak blei Bye dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.

Han har anka dommen. Sidan dommen derfor ikkje er rettskraftig sit han enno varetektsfengsla.

Ei eventuell ankesak startar i Frostating lagmannsrett 28. oktober.

– Moglegheitene for å gå gjennom saka og gjere ankeførebuingar i fengselet er håplaus, sa Bye under fengslingsmøtet da han bad om å bli lauslaten.

Bye sin forsvarar argumenterte meg at omfanget av saka er svært stort.

I fengsel manglar Bye tilgang til naudsynte dokument, plass for å gjennomgå dokument og for å samarbeide og koordinere med forsvararane sine, argumenterte advokat Eirik Svingen Bjørgo.

– Kort oppsummert vil vi ikkje få moglegheit til å etablere eit effektivt forsvar, sa Bjørgo.

Arne Bye sin forsvarer Eirik Svingen Bjørgo

Eirik Svingen Bjørgo er ein av Bye sine tre forsvararar.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Tingretten meinte Bye framleis kan bli heldt varetektsfengsla.

I avgjerda frå retten peiker likevel sorenskrivar Ivar K. Iversen på at det burde vere mogleg å legge betre til rette for at Bye kan førebu sitt forsvar.

Dersom det ikkje er mogleg i fengsel meiner retten at politiet og kriminalomsorga bør vurdere om Bye kan møte forsvararane utanfor fengselet nokre gonger.

Trekte alle erkjenningar

Da han blei framstilt for varetektsfengsling sist veke stadfesta Bye at han har trekt alle tidlegare erkjenningar.

– Eg anser meg som ikkje straffskyldig og eg har trekt alle tidlegare erkjenningar som er gjort, fortalde Bye under fengslingsmøtet.

Rettstegning av Arne Bye

Under rettssaka erkjente Bye straffskuld på fleire punkt i tiltalen. Dei har han no trekt tilbake.

Foto: Arne Hem/NTB

Under rettssaka erkjente Bye straffskyld for å ha valdtatt 21 kvinner og for 44 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si.

Tingretten fann han skyldig i 70 tilfelle av valdtekt og 82 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang.

Dersom Frostating lagmannsrett vel å behandle ankesaka vil ho starte 28. oktober.

Dei har sette av 17 veker til å behandle ei eventuell ankesak.

Lagmannsretten har moglegheit til å «ankesile», det vil seie at dei kan nekte å behandle ankesaka.

Publisert 11.07.2025, kl. 10.30 Oppdatert 11.07.2025, kl. 10.41

Read Entire Article