Høgsterett: Arne Bye blir verande i fengsel

2 hours ago 1



Både Trøndelag tingrett og Frostating lagmannsrett har tidlegare bestemt at Arne Bye kan sitte i varetekt i sin eigen heim.

Torsdag anka påtalemakta avgjerda til Høgsterett som no sender saka tilbake til lagmannsretten.

Lagmannsretten sin avgjerd om at Bye kan sitte i varetekt heime er derfor oppheva og Bye blir sittande i fengsel fram til spørsmålet er endeleg avgjort i rettssystemet.

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Arne Bye blei funnen skuldig i mellom anna 70 tilfelle av valdtekt. Han har anka dommen frå tingretten.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Vi er fornøgde med at Høgsterett er einige med påtalemakta og at lagmannsrettens avgjerd om at Bye skal gjennomføre varetektsfengslingen i heimen med fotlenke no er oppheva, seier politiadvokat Ole Andreas Aftret i ei pressemelding.

Høgsterett meiner avgjerda frå Frostating lagmannsrett ikkje er godt nok grunngitt:

Lovendring opnar for varetekt heime

Ei lovendring som tredde i kraft 15. august har opna for at ein kan sitte varetektsfengsla heime. Dette går føre seg med fotlenke, såkalla «elektronisk kontroll».

Sjølv om både tingretten og lagmannsretten har bestemt at Bye kan sitte i varetekt heime, har han enno ikkje fått kome heim.

Han har vore i fengsel i påvente av at spørsmålet har blitt ferdigbehandla i rettssystemet. Det er det enno ikkje.

– Vi tar Høgsterett si avgjersle til etterretning, så blir det avgjort i Frostating lagmannsrett, seier Bye sin forsvarar, Frode Wisth.

Han fortel at Bye er informert om kva Høgsterett har bestemt.

– Han tar det med fatning og konstaterer at saka skal behandlast på nytt.

Bye blei dømt til 21 år i fengsel for mellom anna 70 tilfelle av valdtekt. Han har anka dommen som derfor ikkje er rettskraftig.

Legekontoret i Frosta kommune. Man ser toppen av inngangspartiet der det står "Legekontor". En fugl flyr over inngangspartiet.

Rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen fann stad frå starten av november til februar.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

Same dag som rettssaka mot han blei avslutta i februar, blei han pågripen av politiet. Sidan har han sete i varetekt.

Påtalemakta har grunngitt dette med at det vil støyte allmenta si rettsfølelse dersom Bye er på frifot.

Tingretten og lagmannsretten har vurdert at det ikkje vil støyte allmenta si rettsfølelse om Bye får sitte i varetekt heime.

Dette stiller Høgsterett spørsmål ved om lagmannsretten har vurdert dette godt nok:

Dersom Bye får kome heim vil han berre kunne opphalde seg inne i bustaden sin, i tillegg til nokre kvadratmeter ute på ein veranda.

Beveger han seg utanfor dette området vil ein alarm gå. Han må også sørge for å lade fotlenka sjølv.

DKTL

Bye får ikkje bevege seg utanfor den såkalla «påbudssona» dersom han.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Fleire av dei fornærma kvinnene i saka mot Bye har reagert med frykt og sjokk over at Bye potensielt kan få sitte i varetekt heime, fortalde bistandsadvokat Tove Røddesnes til NRK.

– Eg synest Høgsterett har kome med ei grundig og tydeleg avgjerd i saka. Så avventar vi ny behandling av saka i lagmannsretten, seier Røddesnes måndag.

Tove Jensen Røddesnes er koordinerende bistandsadvokat i Frosta-saken. Hun sitter i rettssalen og kikker til sin venstre side med et noe betenkt blikk

Tove Røddesnes er koordinerande bistandsadvokat og representerer mange av dei fornærma kvinnene.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

Førebur seg til ankesak

Bye sine forsvararar har argumentert med at Bye må få sitte i varetekt heime.

Dei meiner han ikkje er trygg i fengsel og viser til at han har vore utsett for ei valdshandling.

Dei peiker også på at Bye førebur seg til ei omfattande ankesak i lagmannsretten og at det er langt enklare å førebu seg heime enn i fengsel.

Også tingretten og lagmannsretten viste til dette som eit argument for at Bye får sitte heime.

Frostating lagmannsrett kan «ankesile» og det er enno ikkje avgjort om dei tar ankesaka.

Dersom dei vel å ta saka vil den starte i slutten av oktober. Det er sette av 17 veker til ei eventuell ankesak.

Publisert 15.09.2025, kl. 15.19 Oppdatert 15.09.2025, kl. 15.58

Read Entire Article