Høiby vert ikkje lauslaten frå varetekt

10 hours ago 6



Marius Borg Høiby vert ikkje lauslaten frå varetekt.

Det kjem fram i ei fersk avgjerd frå Borgarting lagmannsrett.

– Lagmannsretten har kommet til at det fortsatt foreligger en sterk grad av sannsynlighet for at Høiby vil begå nye straffbare handlinger dersom han løslates, heiter det mellom anna i avgjerda.

Det meinte ikkje Oslo tingrett, som tidlegare denne veka landa på at Høiby kunne sleppast fri. Dei meinte mellom anna at det ikkje var sannsynleg med nye lovbrot.

– Me er veldig, veldig skuffa og finn avgjerda nesten uforståeleg, seier forsvarar Ellen Holager Andenæs til NRK.

Ho opplyser at dei vurderer å anka saka til Høgsterett.

  • Forsvarer Petar Sekulic og forsvarer Ellen Holager Andenæs etter første dagen i rettssaken mot Marius Borg Høiby.

    Ellen Holager Andenæs

    • Forsvarar for Marius Borg Høiby

Høiby bad om å verta lauslaten for å kunna vera saman med mora, kronprinsesse Mette-Marit, som er alvorleg sjuk.

Mette Yvonne Larsen er bistandsadvokat for ei av dei fornærmede kvinnene, den såkalla Frogner-kvinna. Ho seier til NRK at ho ikkje har noko kommentar til saka.

Argumenterte med familien

I tilsvaret til anken stod det at Høiby veit han risikerar å verta arrestert og fengsla igjen viss han gjer noko straffbart igjen, og at det ville vera eit stort svik overfor familien hans.

Rettstegning av Marius Borg Høiby mellom sine forsvarere Ellen Holager Andenæs og Petar Sekulic.

Teikning av Høiby med forsvararar under rettssaka.

Foto: Ane Hem / NTB

Men det er ikkje nok, meiner lagmannsretten.

– Høiby har hele tiden vært kjent med konsekvensene av å
bryte et besøksforbud, uten at dette har hindret ham i å gjøre nettopp det. Han må også ha forstått at han har påført familien en belastning med disse lovbruddene, hans omfattende rusbruk, og ikke minst den omfattende medieoppmerksomheten dette har medført for ham og kongefamilien.

– Til tross for dette har han begått nye lovbrudd, heiter det i avgjerda.

– Ikkje eit spørsmål om vilje

I avgjerda står det også at retten ikkje er i tvil om at Høiby ikkje vil påføra mora meir vanskelegheiter.

Men det er ikkje nok, trur retten.

– Lagmannsretten kan imidlertid ikke se at morens sykdom reduserer risikoen for en reetablering av kontakt med fornærmede, med den risikoen for nye straffbare handlinger som da foreligger.

– Slik lagmannsretten ser det er dette ikke et spørsmål om vilje, men et spørsmål om evne, livsmønster og risikofaktorer, står det vidare.

Det norske kongefamilien er samlet på et offisielt bilde. Kong Harald V sitter i forgrunnen, flankert av dronning Sonja og kronprinsfamilien. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Marius Borg Høiby saman med kongefamilien.

Foto: Lise Åserud / NTB

Vil ha tid med mora

Høiby bad om å verta lauslaten frå varetekt på grunn av helsetilstanden til mora.

Fredag i førre veke vart det kjent at lungesjukdommen til kronprinsessa har utvikla seg til det verre.

Ho er difor sett på venteliste for lungetransplantasjon.

Men politiet ville ikkje sleppa han fri. Dermed enda saka opp i retten.

– Eg har det ekstremt tøft. Eg synest det er veldig vanskeleg, sa Høiby då han møtte i retten.

Oslo tingrett landa på å sleppa fri Høiby – men aktor anka på staden.

Saka gjekk difor vidare til Borgarting lagmannsrett, som altså var ueinig med tingretten.

Kvinne med konsentrert ansiktsuttrykk ser ned. I bakgrunnen en fotograf og en journalist med mikrofon

Politiadvokat Oda Karterud under eit rettsmøte i mai, då tingretten skulle handsama ønsket til Høiby om å sona resten av tida i varetekt med fotlenke.

Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Aktor bad òg om utsettande verknad, noko som innebar at han måtte sitta i varetekt fram til ankesaka er ferdig handsama i lagmannsretten.

Dom venta neste veke

Høiby har sete i varetekt sidan 1. februar. Då vart han pågripen for nye lovbrot helga før rettssaka mot han starta.

Han nektar for dei fleste skuldingane, men har innrømt heilt eller delvis skuld på enkelte punkt.

I denne saka kan du lesa meir om kva han er skulda for:

Dom i saka er venta måndag 15. juni.

Publisert 10.06.2026, kl. 11.29 Oppdatert 10.06.2026, kl. 12.00

Read Entire Article