Hotellprisane i sommar høgst i Lofoten

3 hours ago 1



Sommarsesongen gav eit fall i talet utleigde rom for hotella i Lofoten, skriv Lofotposten.

Det kjem fram av analyserte tall fra rådgiviningsselskapet Wiederstrøm Hotel Consulting.

Hotella i Lofoten hadde frå 20. juni til 16. august 89,7 prosent utleigde rom. Det er ein nedgang frå 92,6 i 2024 og 91,3 i 2023.

Prisane per rom har samtidig auka, og gjer såleis opp for mindre utleigde rom.

– Trass i nedgangen er Lofoten på førsteplass blant dei norske marknadene, og framfor blant andre Kristiansand, Kristiansund og Bergen. Lenger ned på lista finn vi Oslo.

Det seier hotellrådgivar Peter Wiederstrøm til avisa.

Han stadfester at romprisane er desidert høgst i Lofoten blant dei 30 marknadene som er med i analysen.

Read Entire Article