Dei som skal få Høyre opp å gå att, har ein stor og vanskeleg jobb framføre seg.
Årsaka til at det gjekk så dårleg ved siste valget, såg ein nokså tidleg på sommaren. Erna hadde trua på seg sjølv, men så viste meiningsmålingane at Høyre var i skvis, og Frp fossa fram. Då hjelpte det lite at ho vakna, og fann på alle slag stunt. Endå eit hopp i sjøen frå fem-meteren, såg ikkje ut til å hjelpe stort.
Partiet er i skvis, fordi Frp har meir appell på høgresida, og fordi Ap hadde hjelp av Stoltenbergeffekten, og tok fleire av fanesakene til Høyre. Så enkelt var det, og så vanskeleg.
Nå er Ine Marie Eriksen Søreide innstilt som leiar, med Henrik Aasheim og Ola Svenneby som nestleiarar. Dyktige politikarar, alle tre, men dei kjem frå Oslo-området!
Korleis skal desse kandidatane kjenne resten av Noreg? Det viser seg gong på gong, at det gjer dei ikkje.
– Viktig at ledelsen får varierte innspill om hva som rører seg rundt i landet
Slik går det, diverre, med politikarar frå andre stader i landet, når dei er vald inn på Stortinget. Etter eit halvt år i setet, er dei kurert for alt som heiter distriktspolitikk. Noreg er så mykje meir enn Oslo, så for at Høyre skal vere liv laga, må dei appellere til folk som bur i distrikta også. Då tenkjer eg ikkje berre på grisgrendtstrok, for der er då byar i resten av landet også.
Kva veit vel Oslofolk om ungdomar i 18-års alder som kjøper seg eigen fiskebåt, og set seg i gjeld for 13 millionar? Og som klarer seg veldig bra?
Det er ein så stor skilnad frå ungdomar i hovudstaden, som bur dyrt, aldri tek førarkort og kjøper bil, nei kvifor skal dei det? For kollektivtrafikken er bra, og kvar skal du parkere i Oslo om du eig bil?
Eg minnast ein student med husvere innanfor Ringen, han visste aldri kor han kunne setje ned bilen for natta, og var glad om han ikkje var taua bort når morgonen kom. Dette er 30 år sidan. Er det betre i dag?
Høyre må bli mer Høyre
Åpen
Så nå Høyre, viss de ønskjer å vekse igjen, då må de setje dykk inn i det som rører seg i distrikts-Noreg. Og det gjer de ikkje på ein liten helikoptertur «på landet» i valkampen!
Så vil eg minne om ei utsegn etter ein stor politikar, kjend for si rolle 1905.
Eg har brukt det før, men det skader ikkje å ta det opp att: ”Det er mykje ein ikkje kan sjå frå eit stoveglas i Oslo”. Sitatet er etter Jørgen Løvland, frå Evje.












English (US)