– Eg har sett klippet etterpå, og det skulle eg jo ikkje ha gjort. Ein høyrer jo kakket i skallen, og så landar eg på nakken.
Noregs forsvarsprofil Tuva Hansen tenkjer tilbake på ei hending på fotballbanen ho gjerne skulle vore forutan.
Då ho var 16 år, og spelte kamp for det norske J17-landslaget, gjekk det gale. Ho hoppa opp i ein duell for å vinne ein høg ball, men motspelaren bomma og heada Hansen rett i tinningen.
Ho blei bevisstlaus og raskt køyrd til sjukehuset – og både legar og foreldra hennar frykta at ho hadde pådratt seg eit kraniebrot.
FEKK EIN SMELL: Tuva Hansen opplevde ein dramatisk situasjon som U-landslagsspelar.
Foto: Geir Olsen / NTB– Hugsar minimalt frå barndommen
Det viste seg etter grundige undersøkingar at det «berre» var snakk om ei kraftig hjerneristing, men Hansen anslår at ho var borte frå trening og fotballen i over tre månader.
Folka rundt ho merka likevel raskt at noko ikkje var som vanleg med den unge jenta.
Plutseleg byrja ho å repetere seg sjølv.
– Mamma og pappa trudde noko var skikkeleg gale, for eg sa det same kanskje 30 gonger. Dei prøvde å seie «ja, så kjekt og interessant», men dei hadde jo høyrt det 30 gonger før, hugsar ho.
Ulykka førte nemleg til at ho fekk problem med minnet. Plutseleg var store delar av hennar eiga livshistorie heilt borte.
– Eg hugsar minimalt frå barndommen, fortel ho.
I VARME SVEITS: Tuva Hansen er ein del av den norske EM-troppen.
Foto: Geir Olsen / NTB– Kjennest som eg ikkje var der
Det er nokre år sidan ho fyrst fortalde om dette til Bergensavisen, men ho slit framleis med dette i dag som 27-åring.
Landslagsspelaren kjem med eit ferskt døme:
Det hender ho sit saman med dei andre Noreg-spelarane når temaet blir noko som skjedde for eit par år sidan.
Men sjølv om ho var med på det som blir snakka om, er det heilt borte.
– Det kjennest som eg ikkje var der. Eg har ikkje hatt det beste minnet tidlegare, men det har aldri vore slik som det var etter den skaden, innser ho.
Gløymer det ho puggar
Også i kvardagen byr minneproblema på nokre utfordringar.
Det går fint å klare seg på skulebenken, då klarer ho å pugge det ho må for å stå på eksamen. Men kort tid etterpå er det heilt gløymd.
– Eg har jo studert ergoterapi, men eg må jo byrje å jobbe som det for å hugse noko av det, seier ho og ler.
– Synest du det er trist at det er mykje frå barndommen som er borte?
– Nei, eg tenkjer eigentleg at det berre er positivt at ein lever i noet og tenkjer på framtida i staden for fortida. Eg lever her og no, og det er godt nok for meg, seier ho.
POSITIV: Tuva Hansen er opptatt av å leve i noet.
Foto: Geir Olsen / NTBBayern-spelaren, som lenge har vore ei viktig brikke på det norske landslaget, er veldig opptatt av å gjere det beste ut av situasjonen og ser på glasa som halvfullt.
– For å vere heilt ærleg har eg blitt vand til det. Det som har vore historie, er historie. Det er det som er greitt med fotballen òg, for det blir historie veldig fort, seier ho.
– Ulykka endra meg
Hansen er kjend i landslagsmiljøet for å vere ein humørfylt energispreiar. NRK-ekspert Carl-Erik Torp, som har stått ved sida av oss og overhøyrt intervjuet, bryt inn og spør ho om desse personlegdomstrekka har kome som ei følgje av det som skjedde den gongen.
– Eg trur ulykka endra meg som person, ja. Eg tar ikkje alt så høgtideleg. At eg har blitt ganske forma av den situasjonen, det er eg ganske sikker på, svarer ho.
POPULÆR: Tuva Hansen har blitt ein profil på det norske kvinnelandslaget.
Foto: Bildbyrån / Vegard GrøttSjølv om ho gjer øvingar som skal hjelpe ho med både korttids- og langtidsminne, slit ho med store hol i eigen livshistorikk.
– Dei seier jo eldre du blir, jo meir du øver deg og gjer desse øvingane, så hugsar du meir og meir. Så det er ei treningssak, akkurat som vanleg rehabilitering, men du skal liksom ikkje kødde for mykje med hovudet, seier ho.
Noreg-sjefen: – Ho er supertøff
Landslagssjef Gemma Grainger var ikkje klar over Hansen sitt problem med minnet.
– Det visste eg ikkje, men det blir interessert å snakke med ho om det, seier Grainger.
Ho er imponert av at Hansen har skapt seg ein karriere som forsvarsspelar etter det som skjedde. Sjølv om ho faktisk var ving då ulykka skjedde på J17-landslaget.
– Eg ser ei skikkeleg nådeløyse i ho. Ho veit når ho skal ha det gøy, og ho veit når ho skal fokusere. Ho er supertøff. Men eg visste ikkje at ho var ving før. Det er godt å vite, berre i tilfelle, seier Grainger med eit smil.
Blir åtvara mot ny smell
Hovudskadar i fotballen har vore eit mykje omtala tema dei siste åra.
I ein artikkel publisert på forskning.no blir det hevda at forsking viser at demens er vanlegare hos tidlegare profesjonelle fotballspelarar.
Hansen seier ho sleit med å «tore» å gå inn i tøffe duellar dei fyrste to åra etter ulykka, men det faktumet at ho seinare har blitt landslagsspelar i forsvar viser at ho har lagt redsla bak seg.
– Eg tenkjer ikkje over det nå, men eg fekk jo beskjed om at eg ikkje skal få ein slik smell ein gong til. Det er viktig ta ting på alvor, men det er også viktig å spele fotball og ikkje tenkje konsekvensar. Det er jo når du går 50 prosent inn i duellar at du blir skadd, meiner ho.
Lagkameratens påfunn: – Tenkt at jeg hadde blitt gal 00:48
Publisert 08.07.2025, kl. 05.34